Andrine Heie er dagleg leiar i Flå Frivilligsentral og arrangerer aktivitetsdag på laurdag.

I farta med Andrine Heie

Laurdag arrangerer Flå Frivilligsentral aktivitetsdag i bygda. Leiaren håpar det vil gi folk ny motivasjon til å engasjere seg etter to trauste år.

Andrine Heie

43 år, bur i Flå med mann og to barn, men kjem frå Hemsedal. Jobbar som dagleg leiar i Flå Frivilligsentral og arrangerer aktivitetsdag i bygda på laurdag.

– Korleis har du det i dag?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har det bra! Det er mange førebuingar til helga, også er det alltid travelt på denne tida med avslutningar og arrangement før sommarferien.

– Korleis kjennest det å kunne samle folk til aktivitet i bygda att?

– Det er hyggeleg. Det ser ut som at mange tenkjer å ta turen. Eg trur dei fleste ser fram til dagen, og eg er spent på kor mange som kjem. Me har klart å få med nesten alle lag og foreiningar i Flå, og det blir om lag 15 «stands» som stiller opp.

Les også
Rosar givargleda i bygda: – Folk har rydda godt i skåpa sine

– Kva gleder du deg mest til med helga?

– Eg er mest oppteken av det praktiske og at alt fungerer akkurat no. Men eg blir veldig glad for å sjå at folk stiller opp og tek turen! Eg gler meg til å arrangere noko som kan samle folk og gi innbyggjarane ein triveleg dag. Målsettinga mi er at lag og foreiningar får vist seg fram, og at den frivillige innsatsen får ein ny giv.

– Korleis står det til med den frivillige innsatsen i Bygde-Noreg?

– I Flå er me få innbyggjarar, så det er mange engasjerte som har fleire hattar. Men me merkar at ting ikkje har vore så aktivt dei siste åra, så eg håpar denne dagen kan gi litt ny motivasjon og at fleire ønsker å engasjere seg. Alt frå idrettslag til husfliden treng fleire folk. Det er litt av tanken bak denne dagen.

– Kva betyr ein slik dag for innbyggjarane i Flå?

Artikkelen held fram under annonsen.

– No samlar me alle tilbod som eksisterer, så her har ein mogelegheit til å sjå kva som finst, prate og treffe folk. Det er ein fin møteplass både for gamle og nyinnflytta. Idrettslaget fylte jo 125 år for to år sidan men fekk ikkje feira, så det blir ei markering for dette med ekstra aktivitetar. Det er mykje som skjer frå tidleg om morgonen til seint på kveld!

Les også
Ikkje heilt A4

– Kva gjer deg irritert eller motlaus?

– No jobbar eg mykje inn mot det frivillige, så det får bli når folk ikkje gidd å stille opp eller aldri har tid. Me har alle dårleg tid, men det er viktig at ein tek sin del av kaka og bidreg.

– Kva gjer deg glad?

– Å vere frisk og rask og at alt fungerer i kvardagen. Då er eg stort sett fornøgd.

– Kva er den gjævaste gjenstanden du eig?

– Eg har ingen gjenstand som eg ikkje klarar meg utan. Men det gjævaste eg har er barna og familien.

– Sommarønske?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fin vêr og at eg får ein god ferie i lag med familien min.

Les også
– Nei, regjeringa kjem ikkje til å avklare Ringeriksbanen før 30-årsjubileet
Les også
Skjerpar rutinane for å trygge tilsette - ønsker alarmknapp og automatisk stenging av dører
Les også
Står utan rektor ved skulen: – Utfordrande å skaffe leiarar i oppvekstsektoren