Gir 425.000 kroner til løypekøyring
Det blir meir pengar til langrennsløyper i tida som kjem.
Både Hemsedal turisttrafikklag og kommunen aukar tilskotet til Hemsedal utmarksservice. Formannskapet løyvde 425.000 kroner 22. mai.
I møtet var det ikkje pengane, men politikarane som skapte mest grubling. To av fem av dei folkevalde er med i styra for to selskapa (Olav Støyten og Jan Egil Halbjørhus). Dei gjekk frå som inhabile, og vedtaket vart gjort med tre stemmer.