Torstein Seim (i midten) går kraftig ut mot regjeringa og eige parti. Han meiner for lite blir gjort for å kompensere høge straumprisar. Her frå ein prat med partikollegaene Martin Grøslandsbråten og Sigrid Simensen Ilsøy sist veke.

Trugar med å bryte ut av Senterpartiet: – No er tolmodet slutt

Sp-politikar Torstein Seim trugar med å vrake eige parti ved neste val. Årsak: For dårlege tiltak frå regjeringa for å sikre billegare straum og drivstoff.

Frå Hol sender han ei kraftig melding til finansminister og partileiar Trygve Slagsvold Vedum i Finansdepartementet i Akersgata i Oslo:

– Skal veljarane og underteikna støtte partiet og denne regjeringa ved nye val, ventar vi at det no vert teke grep.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er skuffa

Det er i eit lesarbrev i Hallingdølen tysdag at Seim «går til åtak». Kommunestyrerepresentanten krev betre tiltak for å sikre billegare straum og drivstoff. Til Hallingdølen seier han det no er på tide å seie frå.

– Ordningane som har kome, er for dårlege. Eg må seie eg er skuffa.

Seim er redd veljarane, som det var rekordmange av i stortingsvalet i september, mistar trua på Senterpartiet. Seim minner om omkvedet frå valkampen om eit parti «nær folk».

Les også
Får hjelp med straumrekninga - det aller meste går til næringslivet
Les også
Vil hjelpe innbyggarane med straumrekninga: - Det er krise

– Det er forståeleg at ei ny regjering treng litt tid for å bli «husvarm», men no er tolmodet slutt.

I lesarbrevet spør Seim:

– Kvar har det vorte av det lydhøyre øyra ut mot folket? Det verkar som om øyreproppane er sett godt i?

Etterlyser tiltak

Krigen i Ukraina har ført til høgare drivstoffprisar, det er varsla renteoppgang og no fryktar Seim høgare mjølprisar. Kraftige tiltak må komme på plass, elles risikerer næringslivet konkurs og privatøkonomiar vanskelege tider, meiner han.

Til regjeringskontora sender han denne meldinga:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Meiningsmålingane siste tida syner eit massivt fråfall av veljarar frå regjeringspartia. Noko må gjerast. Det nyttar ikkje lenger vente og sjå - den har me høyrt for lenge no!

Les også
Seier ja til 55 flyktningar: – Her er alle hjarteleg velkomne
Les også
Nektar milliardær konsesjon på gard: - Får kjensla av at dette er ein som vil ha ein stor fritidseigedom

Forlèt partiet?

– Det er kraftig skyts, Seim?

– Eg hadde venta meir. Viss det kjem meir støtte, er det vel og bra. Men folk klagar.

– Du er klar på at det ikkje er sikkert at Sp får di røyst i kommande val?

– Eg har sagt det og vil vurdere det seriøst. Eg går ikkje vidare om det ikkje er vilje til å gjere noko når du har moglegheit til å gjere det.

– Betyr dette at det også blir med éi periode i lokalpolitikken?

– Det får eg vurdere når me kjem så langt. Det er klart, ein må vere samd i politikken som blir lagt fram. Blir ein skuffa over at ting ikkje skjer, er det ingen grunn til å bli verande. Førebels vil eg ikkje ta stilling til det.

Parlamentarisk nestleiar i Senterpartiet, Geir Pollestad.

– Eit jordnært parti

Senterpartiets parlamentariske nestleiar, Geir Pollestad, forstår at folk er urolege for høge prisar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølen har lagt fram kritikken frå Sp-politikar Torstein Seim retta mot eiga regjering for finansdepartementet, der partileiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum styrer. Svaret kom frå Stortinget.

– Me skal vere eit jordnært parti som lyttar til folks utfordringar. Derfor er det viktig at våre tillitsvalde formidlar klare meldingar inn til partiet. Det er ein del av demokratiet, svarar Pollestad.

Gode støtteordningar

På dei kritiske spørsmåla frå Seim svarar Pollestad at dei har forståing for at folk er urolege for prisveksten. Pollestad meiner det er kome fram til gode tiltak for hushaldningar, jordbruk og grøn næring.

– Støtteordninga for straum til hushaldningane er gode, og betrakteleg betre enn i våre naboland. Me må også sjå på heilskapen i dei tiltaka me gjer. Den politikken me fører må ikkje leie til galopperande rentenivå som vil råke norske hushaldningar og bedrifter hardare enn prisveksten.

Les også
Klart Sp-svar om Viken: - For Høgre handlar politikk openbert berre om tal på ein kalkulator

Målet om at vanlege folks økonomi skal bli betre, ligg fast, seier Pollestad. Han viser til kutt i elavgift og at drivstoffavgifter er kutta samanlikna med Solberg-regjeringa.

– Men krigen i Ukraina må endre våre prioriteringar frå dei me presenterte i haust. Situasjonen krev at forsvar, beredskap og matsikkerheit får høgare prioritet. Det er ein viktig og rett avgjerd.

– Arbeid står att

Men mykje arbeid står att, seier nestleiaren i partiets stortingsgruppe. Det blir jobba med langsiktige tiltak for hushaldningar og næringsliv, opplyser Pollestad.

– Reforhandling av vilkåra til eksportkablane, auka norsk kraftproduksjon og eit klart nei til nye utanlandskablar er nokre av dei viktige grepa denne regjeringa tek.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Mari (15) vart beste hallingjente under Hovudlandsrennet
Les også
Taaje fekk sin første kamp i Eliteserien - gjorde ein strålande debut
Les også
Meir enn 100 millionar kroner brann opp: – Ligg i korta at dette vil ta tid