Det siste tiåret har den katolske kyrkja vore i vekst i Hallingdal. Biletet er frå eit sjeldan besøk av relikvieskrinet etter St. Terese i Ål i 2018.

Set strek etter medlemsjuks - skuldar 52.000 kroner til den katolske kyrkja

Den katolske kyrkja har sendt purring for tilskot som Hemsedal kommune har halde tilbake.

Hemsedal er ein av kommunane som har halde tilbake pengar til Oslo katolske bispedømme etter medlemsjuks i perioden 2011-2014. Det går fram av ei brevveksling mellom Oslo katolske bispedømme (OKB) og kommunen.

I januar fekk Hemsedal brev om manglande utbetaling av kommunalt tilskot for 2018. I november purra kyrkja på svar. I svaret står det at kommunen har halde tilbake tilskot med bakgrunn i ein dom i Borgarting lagmannsrett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dommen la til grunn at OKB hadde registrert tusenvis av personar frå telefonkatalogen som medlemmer, utan å be om samtykke. OKB vart dømd til å betale tilbake vel 40 millionar i statstilskot for åra 2011–2014. Også norske kommunar skulle få betalt tilbake tilskot utbetalt på feil grunnlag.

Les også
Medlemsjuks til Høgsterett
Les også
Trussamfunn: 2,65 prosent katolikkar

I 2018 var det registrert til saman 546 katolikkar i dei seks kommunane i Hallingdal. 91 av desse budde i Hemsedal. I åra etter 2015 har det ikkje vore strid om medlemstal og tilskot til OKB.

For 2018 skulle Hemsedal kommune betalt 82.810 kroner i tilskot til OKB. Men på grunn av fire år med medlemsjuks, har Hemsedal kommune betalt 31.720 kroner for mykje i perioden 2011-2014. No er partane samde om å trekkje dette ifrå, slik at kommunen skuldar 52.090 kroner for 2018. Kommunen fekk frist til 20. desember med å betale.

– Viss oppgjer ikkje er oss i hende innan fristen, er kommunen med dette varsla om at det er aktuelt å reise sak for domstolen, skriv advokaten til Oslo katolske bispedømme i brevet.

Les også
Forsikringsselskapet snur: – Eg har ikkje ord, er så glad og takksam
Les også
Kommunen har fått purring etter ulykka: – Me har gjort tiltak
Les også
Til sjukehus etter alvorleg valdshending - ein person varetektsfengsla