Kristian Ervik er journalist og regissør i «Åsted Norge». Saman med tidlegare Kripos-etterforskar Asbjørn Hansen, har han i to år jobba med forsvinningssaka som er knytt til Trytetjern i Nesbyen. (Arkivfoto)

Mysteriet ved Trytetjern

No kjem første innslaget om Trytetjern-forsvinninga, i tv-serien «Åsted Norge».

Måndag vil «Åsted Norge» vise første innslag i føljetongen om forsvinninga ved Trytetjern. I to år har dei undersøkt mysteriet frå 1972, og jobba for å kunne gi familien svar.

Journalist og regissør Kristian Ervik fortel korleis dei har jobba med saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Mystisk forsvinning blir TV-program

For kva skjedde med 62 år gamle William Anker Lie frå Oslo? Og kva gjorde han i Nesbyen før han forsvann? I haust får me følgje journalist Kristian Ervik og tidlegare drapsetterforskar i Kripos, Asbjørn Hansen, medan dei kastar eit nytt blikk på saka.

– Det har vore ein omfattande research, innrømmer Ervik.

Sjå dei første klippa frå programmet her:

Trytetjern-forsvinninga

I juli 1972 blir William Anker Lie meldt sakna frå heimen sin i Oslo. Tre dagar seinare blir han observert ved Trytetjern i Nesbyen. Han køyrde ein kvit Vauxhall Cresta, 1971-modell.

Men her stoppar alle spor. Ingen har sett korkje mannen eller bilen sidan observasjonen på Trytetjern. Ved vasskanten stod det at campingutstyr, og det såg ut som han hadde reist ifrå alt. I 50 år har familien lurt på kva som skjedde med Anker Lie.

Han vart erklært død ved dom i 1974. Saka vart lagt vekk og har lege urørt fram til 2019.

Kjelde: Hallingdølen sitt arkiv

William Anker Lie køyrde ein bil av denne typen då han forsvann. Både han og bilen vart sist observert ved Trytetjern i Nesbyen. (Arkivfoto)

Difor tok dei saka

I TV-programmet «Åsted Norge» tek dei for seg uløyste kriminalsaker og forsvinningar. Det var eit Facebook-innlegg frå ein av William Anker Lie sine slektningar som vekte Kristian Ervik si interesse. Nevøen til Anker Lie hadde delt eit gamalt avisklipp frå VG som omhandla saka på gruppa «Gamle bilder i Oslo».

– Eg tok kontakt og spurte om hans syntest det var greitt at me såg på saka. Det meinte han var ein god ide, fortel Ervik. To år seinare har «Åsted Norge» gjort omfattande undersøkingar, og saka er klar for TV-skjermen. Målet er å finne ut kvar Anker Lie er, og kva som skjedde med han.

Les også
Krim-gåte blir TV-dokumentar
William Anker Lie forsvann sommaren 1972. Han vart sist sett i Nesbyen. Måndag startar føljetongen om forsvinninga.

Snur alle steinar

Gjennom føljetongen i «Åsted Norge» får me eit innblikk i korleis dei har jobba. Ervik og Hansen er opptekne av å snu kvar einaste stein. Første steg var å sjå på den henlagte politisaka, som dei fann i Arkivverket i Oslo.

– Metoden vår har vore å starte med etterforskinga i 1972 då saka var fersk. Me har prøvd å finne menneske som kjente Anker Lie, og bli klokare på kva som skjedde i livet hans då han forsvann, fortel Ervik. I tillegg er dei siste observasjonane ved Trytetjern heilt sentrale.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å forstå desse er veldig viktig for oss, seier Ervik. Difor vil dei ta med sjåarane til Nesbyen, der dei har gjort undersøkingar både i terrenget og i vatnet.

Les også
Den uløyste gåta
Kristian Ervik (t.v.) og Asbjørn Hansen har i to år leita etter svar i ei forsvinningssak frå 1972. Den sakna mannen vart sist observert ved Trytetjern i Nesbyen. No startar føljetongen i «Åsted Norge».

Lokale vitne

I første episode vil me bli betre kjent med kven William Anker Lie var. Det er ikkje før måndag neste veke at dei tek turen til Nesbyen. Der kan ein forvente å sjå nokre kjente fjes. Dei har mellom anna vore i kontakt med det Ervik beskriv som eit viktig vitne.

– Å finne tidsvitne femti år etterpå er utfordrande. Me var så heldig at me kom i kontakt med ein lokal person som har vore til stor hjelp. Andre i persongalleriet har gått bort for mange år sidan, fortel han.

– Kva for grunnlag hadde de å jobbe ut ifrå?

– Det var ganske tynt. Det finst ikkje mange dokument i saka, men det som vart gjort var til ein viss grad bra. Likevel finst det tips som kunne ha vore følgd opp i større grad. Og det er spørsmål som kanskje burde ha vore stilt, seier Ervik. Han presiserer at det var ei heilt anna tid, også i politiet. Alt vart ikkje loggført slik som i dag. Dessutan har teknologien kome ein lag ved sidan 70-talet.

I september reagerte fleire vitne då «Åsted Norge» sitt team heiste ein bil frå Trytetjern i Nesbyen. Journalist og regissør Kristian Ervik kunne den gongen fortelje at bilen ville bli sendt til undersøkingar. Om den er kopla til forsvinningssaka får me sjå på TV-skjermen i løpet av hausten. (Arkivfoto)

Har ikkje sett punktum

Lensmannskontoret i Nes vart kalla inn til å hjelpe i saka i 1972. Det finst noko dokumentasjon i etterforskinga, men etter alt å døme er ingenting hjå politiet i Hallingdal bevart.

– Kva er det me kan forvente å sjå?

– Sjåarane vil bli med på fleire undersøkingar i området der siste spor etter den sakna vart funnen. Me har leita i både vatn og terreng. Det blir gjort aktive søk med både tradisjonelle og utradisjonelle hjelpemiddel, seier Ervik. Han kan førebels ikkje røpe om dei har lykkast i å løyse mysteriet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det eg kan seie er at me førebels ikkje har sett eit endeleg punktum i saka. Me held framleis på med undersøkingar. Føljetongen vil halde på utover hausten.

Les også
Stal tobakk til fleire titals tusen — enda på TV2
Utklipp frå Hallingdølen 15. august 1972.

– Betyr mykje

Kristian Ervik trur saka vil vere spennande for sjåarane. Det er likevel ikkje underhaldninga som driv han og kollegaen Asbjørn Hansen. Gjennom «Åsted Norge» har dei fleire gonger klart å løyse gamle saker der personar aldri har kome til rette.

– Motivasjonen vår er dei reaksjonane me har sett når me lykkast. Uansett kor langt tid det har gått, betyr det mykje for familien å få svar, seier Ervik. Men svara kan vere vanskelege å finne. Vitne har gått bort, og viktige spor har forsvunne med tida. Ervik seier dei er tydelege på å ikkje gje pårørande falske håp.

– Det er ikkje alltid me får svar på kva som har skjedd. Men i det heile, så er noko av det viktigaste for mange etterlatne å kunne fastslå kvar personen vart av.

Tidlegare Kripos-etterforskar Asbjørn Hansen (t.v.) og journalist Kristian Ervik har i to år leita etter svar i ei forsvinningssak frå 1972. Den sakna mannen vart sist observert ved Trytetjern i Nesbyen. No startar føljetongen i «Åsted Norge».
Les også
– Ei bok til unge som har det tøft
Les også
- Det er ein historisk avstand mellom leiinga og grasrota
Les også
– Som å vinne i Lotto