I november i 2019 demonstrerte ungdommen mot å stenge vegen over Imingfjell for vinteren. På biletet er Aina Tollefsen, Olav Lurås, Birgit Lurås, Henrik Nørstebø, Øystein Sønstebø, Magnus Amundsen, Lars Martin Haugen, Henning Trulsen, Steffen Lassegård, Kim Gjøysdal, Anna Maja Gjøysdal, Mats Bakkhus, Hans Olav Meland, Cecilie Meland, Ingelinn Hegard, Brage Heimark, Torjus Asland, Eirik Vikan og Emilie Haugerud.

Slaget er tapt - dei vart ikkje høyrt

«Det er snart ikkje bruk for lokal forvaltning, for lokal kunnskap tel jo ikkje», sa Nils Helge Tufto til Hallingdølen denne veka. Han var skuffa over vedtaket som vart gjort i Kommunal- og moderniseringsdepartementet rett før helga. Kampen om vinteropen veg over Imingfjell er tapt. No er det ikkje fleire stader å klage. Når vinteren kjem, snør vegen att. Ikkje ein bil får passere før våren kjem.

Det var kanskje ikkje så uventa, men like fullt skuffande at folk som bur på begge sider av Imingfjell ikkje får ta strakaste vegen over fjellet, året rundt. Den turen tek 45 minutt. Omvegen om Kongsberg tek tre timar. Bygdefolket, og ikkje minst ungdommen, har engasjert seg sterkt i å få vinterbrøyta veg. For unge etablerarar har det vore eit viktig argument for å kunne busetje seg i distriktet. Og området treng tilflyttarar. I tillegg er vegen viktig for å sikre næringsutvikling og ein god arbeidsmarknad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den regionale planen for Hardangervidda har tidlegare vore oppe til fylkeskommunal behandling i både Viken, Vestfold og Telemark og Vestland. Der fekk forslaget om vinterbrøyting tommelen ned. Ordførarane i Nore og Uvdal og Tinn bestemte seg likevel for å køyre saka til topps, til departementet. Me har tidlegare sagt me meiner det var eit klokt trekk, for å få ei uhilda vurdering, fritt for omsyn til konkurrerande vegtrasear og motstridande regionale interesser.

Fredag ringde telefonen til Nore og Uvdal-ordførar Jan Gaute Bjerke. På tråden var kommunalminister Nikolai Astrup. Han fortalde at vedtaket var gjort, og at vegen over Imingfjell vil bli verande urørt vinterstid. Bjerke seier han ikkje vart overraska, men at dei likevel hadde eit håp om å bli høyrt. Det vart dei ikkje.

Omsynet til villreinen vann. Lufsjåtangen er ein del av reinens vinterbeite. Eit område som utgjer omtrent to prosent av det totale arealet for vinterbeiting. Me meiner det er uhyre viktig å ta vare på villreinens interesser. Men me meiner også det hadde vore mogleg å kombinere hensynet til dyra med ein vinteropen veg. Det finst løysingar. Problemet er at det ikkje finst vilje til å prøve dei ut.

Den regionale planen for Hardangervidda er ikkje berre ein plan for vern av villrein. Den skal balansere både bruk og vern. Den skal også vere med på å sikre levekåra til bygde- og næringsutvikling. Når tommelen vart vendt ned for vinterbrøyting, er det berre vern som er vekta. Me skjønar frustrasjonen til Nils Helge Tufto, som meiner det snart ikkje er bruk for lokal forvaltning om dei som sit med lokalkunnskapen ikkje blir lytta til.