Valkampen kom vel tidleg denne gongen

Hadde valkampen kome eit par tre månader seinare, ville den handla om prisen på straum. Me ser allereie konturane. Alle kjenner på høg kraftpris. Alle har fått med seg forklaringa. Turke innanlands, og høg pris på Co₂-kvotar og gass utanlands.

Før helga opna det også ein ny kabel til utlandet. Forsvararane av desse, minner om eksport i tider med overskot på vasskraft, import i tider med underskot. Dei meir kyniske seier eksport i tider med god pris utanlands.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ei rekkje fagfolk med innsikt, og gjerne også tilknyting, til bransjen, forsøkte før helga å forklare saka i riksdekkande media. Svara var ganske like. Kablane vil føre med seg ein liten auke i straumprisane på kort sikt, og ein liten minke på lengre sikt (åtte-ti år).

Me er overtydd om at dette siste ikkje går særleg godt heim ved kjøken- og kafeborda. Her er det meir fokus på dei fyrste oppslaga om at bil-straum, frå enkelte ladarar, no kostar meir enn diesel, målt i energi pr. mil.

Vidare trur me ikkje det går særleg godt inn at mykje av kraftbransjen er offentleg eigd. Høg straumpris skal bety pengar til gode tiltak i regi av storsamfunnet. Idyllisk nok, men det er fleire enn fattige kommunar som haustar her.

for luftig for dei fleste

Alt dette blir for luftig for dei fleste. Det folk ynskjer, er at det offentlege blir finansiert gjennom eit stabilt skatte- og avgiftstrykk. Straumprisen vil me ha stabil og realistisk.

Dermed er det lett å ynskje seg attende til tida med fulle vassmagasin inn mot vinteren. Produsentane måtte halde attende vatn, slik at dei kunne dekke behovet når kulda sette inn.

Det var dette kraftverka vart bygd for. Det var difor norske hushaldningar, og bedrifter, med lett hjarte, og i atskilleg trongare tider enn våre, betalte ned desse verka.

Men også ordninga med storstilt lagring hadde ein kostnad. Det høyrde med bortkasta tapping når det kom for mykje vete. Men me veit at det er denne sikringa av kraftforsyninga som vil leve i bakhovudet på folk når kulda set inn, og dei får ei ublu straumrekning ut på vinteren.

Då vil systemet bli forsvart med alt frå energiutnytting i pakt med det grøne skiftet i Europa, til fordelane med eit effektivt finansielt system, knytt til omsetninga av energi. Og ikkje minst internasjonale avtaler me frivillig har gått inn på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når me kjem til dette kapittelet, blir saka så komplisert at dei fleste dett av lasset. Ein kommunestyrepolitikar her i dalen konstaterte for fleire år sidan, frustrert og lakonisk, at kraft var for «dei mest geniale, av dei geniale».

Me fryktar at denne kjensla av avmakt vil breie seg i befolkninga dersom prisane stig slik det er venta. Det fortener me ikkje. Me fortener kraft til vetug pris. Og dersom dette er uråd å få til, så fortener forbrukarane ei forklaring som overtyder om at interessene deira er tekne vare på.