– Som parlamentarisk leiar må eg velje kampane.

– Det er ikkje noko sakn å ikkje vere statsråd

Han sit strategisk til tett på partileiinga og regjeringa. Det er ingen ulempe for ein utflytta halling.

Som parlamentarisk leiar i Høgre sit Trond Helleland midt i avgjerdsstraumen. Det gir gode moglegheiter for å påverke. Og det har ikkje vore nokon ulempe for sakene som Hallingdal er oppteken av, seier han. Som samferdsel. Samtidig sit han utsett til for kritikk dersom han er for oppteken av heimfylket og regionen der han kjem frå.

– Som parlamentarisk leiar koordinerer eg saker på vegner av regjeringa. Eg må velje kampane, seier Helleland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trond Helleland

* Alder: 59 år

* Yrke: Stortingsrepresentant

* Parti: Høgre

* Bur: I Drammen

* Politisk førebilete: Winston Churchill

I godt selskap

Det har alltid vore politikk for Trond Helleland sidan han melde seg inn i Unge Høgre i Ål som 18-åring - og seinare vart valt til leiar i Unge Høgre i -86, som den første frå Buskerud. Han vart valt inn på Stortinget i 1997. No er han vorte ein av veteranane på Tinget. Han er nummer tre i ansiennitet av dei som sit no. Og som parlamentarisk leiar dei siste åtte åra er han ein av dei lengstsitjande parlamentariske leiarane i partiet. Utnemnt på 50-årsdagen på Bakketeigen, ler han. Ein talar meinte at det var ein høveleg jobb for Trond. Erna var der. «Nei, det bestemmer meg ikkje her», proklamerte ho.

– Men det var då slik til slutt.

Han er i godt selskap.

– Erna var parlamentarisk leiar i åtte år, Kåre Willoch ti og Hambro veldig lenge, seier Helleland.

Les også
Tidleg rekruttering for bruk av stemmeretten

Då er vel neste steg ein statsrådspost?

– Nei, eg har ei kone som er statsråd. Eg har vore tett på regjering og statsrådar i åtte år. Det er spennande å vere statsråd, men mykje meir spennande å vere parlamentarisk leiar. Det er ikkje noko sakn å ikkje vere statsråd. Eg veit kva det krev. Det er ikkje noko eg manglar. Dessutan kan eg vere med gutane på fotballtrening og elles leve eit relativt normalt liv.

Trond Helleland går ikkje med ein statsråd i magen.

Nytt sjukehus

Helland er medlem i utanriks- og forsvarskomiteen. Ikkje akkurat komiteen som er oppteken av samferdsel og andre spørsmål som distrikta kjempar med. Men to store saker har han vore spesielt oppteken av.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ringeriksbanen og sjukehusstrukturen i Buskerud. Banen kjem, og no er det nye sjukehuset i Drammen under bygging. Eg jobba også med fleirtalsmerknaden om Vegpakke Hallingdal i Nasjonal transportplan, seier han.

Les også
Kva kan Hallingdal forvente dei neste fire åra?

Hallingane kjempar for betre Rv7 frå Ørgenvika til Gol. Pengane har site langt inne. Men det skjer mykje på aust-vestsambandet, og Helleland reknar opp prosjekt etter prosjekt: Prislapp: Omkring 100 milliardar.

Men pengane er ikkje løyvd?

– Noko er det. Men det kjem meir, som til Ringeriksbanen.

– Føler ekstra ansvar

Men du har også vore med på vedtak som ikkje vart godt motteke i Hallingdal?

– Eg bidrog sterkt til at domstolane i distrikta ikkje skulle byggjast ned. Å kalle politireforma for ei nærpolitireform var feil. Men det var nødvendig å gjere grep i politiet. Å diskutere tala på lensmannskontor er forfeila. Det viktige er å få fleire politifolk ut på vegen og ut i distrikta. 2/3 av dei nye stillingane i politiet skal ut i distrikta.

Les også
— Alt ligg til grunn for at Vegpakke Hallingdal blir gjennomført
Val: N/A

– Nybrotsarbeid

Kvifor skal hallingane stemme på deg?

– Fordi eg kjem frå Hallingdal og har eit ekstra ansvar for Hallingdal. Eg har bidrege til ein del ting. Ringeriksbanen er nemnt, eg gir meg ikkje før den er godt i gang. Det er ein gryande debatt om reiseliv og hytter. Eg trur ikkje alt blir bygd ned om hallingane fekk gjere kva dei vil. Men det skal ikkje vere fritt fram. Eg vil jobbe for gode vilkår for reiselivet i Hallingdal. Skattar og avgifter skal vere på eit moderat nivå. Eg skal jobbe for at det framleis skal vere full fart på veg og jernbaneutbygging og eg har veldig tru på ei desentralisert utbygging, slik som fagskulen for reiseliv på Geilo. Det er eit nybrotsarbeid. Eit breiare kompetansetilbod i Hallingdal er viktig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan folk stole på at du held det du seier?

– Ja, eg er livredd for at eg skal seie noko eg ikkje kan stå inne for. Då blir ein berre plukka ned. Men eg sit ikkje med fasiten.

Les også
KrF-topp har trua
Les også
– Viken skal bli historie i løpet av to år
Les også
– Ingen politisk broiler
Les også
Kan Kathy følge i Nævras fotspor?
Les også
Vil opprette lokale tenestesenter