Trailer køyrde av vegen - sjåføren til legevakt
Ein trailer køyrde tidleg torsdag morgon av vegen på Rv7 ved Ustaoset.
Heldigvis ser det ut til at det har gått bra med sjåføren.
– Føraren, ein mann i 40-åra er køyrd til legevakta, skriv politiet på Twitter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den fyrste meldinga om ulykka kom klokka 05:25.
– Ikkje promille
Politiet meiner ulykka skjedde då hjula kom utanfor vegbanen og førte til velt.
– Det er ikkje mistanke om promillekøyring, poengterer politiet.
Det blir oppretta sak.
Stengt i to timar
Vegen var ikkje stengt på ulykkesstaden i starten, men vart det i vel to timar frå klokka 09:30 då bilberginga pågjekk. Klokka 11:40 melde Statens vegvesen at det er manuell dirigering forbi ulykkesstaden.