Elise Malstenbråten er Hallingjenta på TikTok:

Badar i følgarar på TikTok

Elise Malstenbråten er kjent som Hallingjenta på TikTok. Der har ho nådd over 11.000 følgarar.

Elise Malstenbråten bur på ein gard i Bromma. Der bur ho saman med mora og besteforeldra.

For nokre veker sidan feira ho 6000 følgarar på TikTok. I skrivande stund har ho 9984. Talet på følgarar stig kvar einaste dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er litt skummelt, men likevel veldig gøy, seier Malstenbråten.

6000-jubileet vart feira med å køyre gjennom drive-through på McDonalds, med ein leiketraktor.

@hallingjenta

Del1 ##6kspecial ##flå ##Maccern ##hallingdal ##traktor ##johndeere ##masseyferguson ##fyppp ##kofaen

♬ original sound - Elise Malstenbråten

På TikTok er det fleire som brukar filter på videoane sine. Huda blir glattare og tennene kvitare.

– Eg har hatt problem med det sidan eg starta. Eg har brukt ein del tid på å finne ut korleis eg får det av.

No har Hallingjenta fått vekk det meste, men nokon filter har ho ikkje fått vekk.

Ho vil vise seg slik ho er. Derfor vil ho at videoane skal vere så reelle som mogleg. Ho viser fram seg sjølv utan glattare hud og kvitare tenner, berre slik ho faktisk er.

Elise Malstenbråten feirar over 10.000 følgarar på TikTok.

Likestilling i yrke

Hallingjenta går fyrste året på Ål vidaregåande skole, på linja helse- og oppvekstfag. No skal ho bytte linje til TIP. Ho vil bli anleggsmekanikar.

– Det er gøy å mekke på noko større enn ein bil, sjå på korleis maskinane er bygd opp og finne nye løysingar, seier Hallingjenta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anleggsmekanikar er ikkje eit tradisjonelt jenteyrke. Elise Malstenbråten fortel at ho er heldig som har ein bestefar som alltid let henne få vere med på å mekke traktor og bil.

– Eg har arva mange interesser frå han, seier ho.

På TikTok-kanalen deler ho videoar av seg sjølv. Ho tek for seg ulike tema. Ho har laga videoar om bondeopprøret, psykisk helse, at jenter ikkje skal bli sett ned på for yrkesvalet sitt, samt likestilling mellom kjønn i yrke.

– Ein gut kan vere like flink i barnehagen, som ei jente kan vere i ein gravemaskin. Å få meir likestilling i yrke er veldig viktig, seier Malstenbråten.

Eit anna tema ho har laga videoar om, er bondeopprøret. Ho trur at unge i dag vel bort bondeyrket. Ho synest at lønna er ikkje god nok i ein jobb ein aldri kan ta fri frå.

– Det som er med bondeyrket, er at du kanskje får inn 600-700.000 på ein oppegåande gard. Etter alle utgiftene og utbetaling av løn så er det ikkje stort du sit igjen med.

Elise Malstenbråten er oppteken av fleire tema, på kontoen sin kan ho dele dei med fleire tusen følgarar.

Orkar ikkje å lese alle kommentarane

På videoane får ho mange kommentarar. I ein video om bondeopprøret fekk ho over 500 tilbakemeldingar.

– Eg orkar ikkje å opne dei, folk skriv så mykje rart. Nokon synest at bøndene får for mykje betalt og andre meiner at me burde importert meir mat frå utlandet. Alle skal få ha si meining, men utan bøndene hadde me ikkje hatt den gode norske maten på bordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

For det tikkar inn jamt med kommentarar på videoane hennar, på godt og vondt. Ho tar seg ikkje nær av det. Kjem det ein stygg kommentar tenkar ho at vedkommande kanskje har ein dårleg dag.

– Sjølv veit eg kva som er greitt og ikkje. Når folk kjem med seksuelle trakasseringar slettar eg kommentaren eller rapporterer brukaren, for det er ikkje greitt. I staden for å lage noko styr så tenkjer eg at eg ikkje treng å bry meg.

Les også
– For dårleg service
Les også
Skreiv ut fartsbøter på Rv7
Elise Malstenbråten viser seg som den ho er, på TikTok.
Elise Malstenbråten er kjent som Hallingjenta på TikTok.
Hallingjenta: Elise Malstenbråten gjer sukess på TikTok.