Det er på arealet til venstre Terje Gewelt vil setje opp Valhall. - Ei perfekt plassering, seier han.

Gler seg til å jobbe med Valhall

Valhall er klar for Gamle Nes. - No køyrer me på, seier Terje Gewelt.

Den kjente jazzmusikaren har kjøpt det gamle forsamlingslokalet i Bromma frå 1913, og vil restaurere og flytte det til Gamle Nes. Der skal han etablere ein kulturkafe. Det har skapt eit stort engasjement i bygda etter at teknisk utval sette foten ned og peika i staden ut ei annan tomt, den tidlegare bankplassen. Men i kommunestyret torsdag var det ingen som argumenterte for bankplassen. Det var full semje om at Valhall kan flyttast til Gamle Nes. Debatten dreidde seg om kor på det aktuelle arealet ved Sorenskrivargarden huset kan plasserast.

– Det har ikkje berre vore eit stort engasjement for Valhall, men for heile Nesbyen, seier Terje Gewelt.

Inviterer på ei øl

– Eg har lenge følt at vårt heilheitlege rednings-prosjekt for Valhall er ønskt både politisk og av innbyggjarane i Nesbyen. Det er fint å få dette stadfesta, seier Terje Gewelt til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når Valhall er klar for innviing, vil han invitere og spandere ein øl på leiaren i teknisk utval, Nils Rodegård, og Torill Thømt, tidlegare sjef på Hallingdal museum og prosjektleiar for det nasjonalromantiske senteret i Sorenskrivargarden.

Les også
Valhall til Gamle Nes

– Då skal eg vise dei kor fint Valhall blir i Gamle Nes og for Nesbyen, seier Gewelt.

– Eg stiller opp og tek ein øl. Føresetnaden er at Gewelt tek drosjerekninga heim, humrar Rodegård.

Fryktar motsegn

– Eg har aldri vore i tvil om at Valhall blir ein supert stad. Men blir det plassert på eit område som er bandlagt og krev utgraving, er eg redd det kan kome ei motsegn frå fylkeskommunen, seier Rodegård.

– Eg håpar at det er kommunen sjølv som får velge plassering og at det ikkje blir nokon innblanding frå fylkeskommunen, seier Gewelt.

Valhall i dag, i Bromma.

Ny runde

Siste ord er nemleg ikkje sagt. Endringa i reguleringsplanen for Sorenskrivargarden - slik kommunestyret vedtok - gjer at saka må sendast tilbake til administrasjonen for å få innarbeidd Valhall i planen med ny offentleg høyring og søknad om å få frigitt areal, jfr kulturminnelova.

Les også
Skrinlegg ikkje Valhall

Debatt om plassering

I kommunestyret dreidde debatten seg om kor Valhall skal plasserast på den aktuelle tomta, som elles er regulert til bustadformål. Skal Valhall plasserast nærmast Sorenskrivargarden, eller lengst frå? Fleirtalet, 14 representantar, stemte for eit forslag frå Høgre der ein tek utgangspunkt i alternativet der Valhall ligg nærmast Sorenskrivargarden og parkeringsplassane mot nord, ved Møllevegen, slik Gewelt har hatt som føresetnad for å satse pengar på dette prosjektet. Det blir lagt til grunn at det skal opparbeidast færrast mogleg parkeringsplassar, kun handikapp-parkering og andre nødvendige parkeringsplassar nærmast Møllevegen. Nøyaktig plassering av Valhall skal avklarast nærmare mellom tiltakshavar, tomteeigar og kommunen. Fleirtalet består av Høgre, Ap og sju representantar frå Bygdelista.

Manipulasjon: Slik vil Valhall ta seg ut ved siden av Sorenskrivergården.

Mindretalet

Mindretalet stemte for eit forslag frå Geir Olav Garthus (Sp) der saka blir sendt tilbake til administrasjonen for «innarbeiding av areal til Valhall». Nærmare plassering av Valhall og parkeringsplassar vart altså ikkje konkretisert. Det skal gjerast i det vidare planarbeidet. I dette forslaget vart det også presisert at dei særeigne gutuane og alleen til Sorenskrivargarden skal varetas, taket på parkeringsplassar skal reduserast, og grønne område nærmast Sorenskrivargarden skal takast vare på. Forslaget fekk sju stemmer, fire frå Sp og tre frå Bygdelista.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sagt i kommunestyredebatten

Nils Rodegård (Bygdelista): – Ingen er imot Valhall. Alle er begeistra. Det er plasseringa det handlar om.

Audun Aasheim (Bygdelista): – Gamle Nes er ikkje eit område som ikkje har vore i endring. Det er eit levande kvartal.

Bård Heio (H): – Terje Gewelt og kona har funne ein plass som dei vil flytte Valhall til og drive ein kulturkafe. Og så klarer me å gjere dette til eit problem. Eg blir heilt matt.

Rune Ihle (H): – Eg har aldri opplevd slike reaksjonar som i denne saka. Folk forventar at me skal seie ja til Valhall.

Sigvald Thoen (Sp): – Det kan høyrast ut som om dei som ikkje støttar forslaget frå Høgre ikkje er oppegåande. Me er for at Valhall blir sett opp ved Sorenskrivargarden.

Geir Olav Garthus (Sp): – Me vil bevare Valhall og Sorenskrivargarden og utvikle sentrum. Dette må sjåast i ein heilskap.

Adnan Helja (Ap): – Det er viktig at alle er samde om plassering. No må me bestemme oss.

Ordførar Tore Haraldset (Bygdelista): – Forslaget frå Høgre sikrar at Valhall blir plassert i Gamle Nes der Terje Gewelt vil ha det. Eg tør ikkje ta sjansen på at dette ikkje blir noko av.

Terje Gewelt, jazzmusikaren som vil satse i Gamle Nes - og har fått støtte i heile bygda.

Stort engasjement

– Det har vore eit flott engsasjement, eit engasjement for heile Nesbyen, seier Terje Gewelt.

Han bestemte seg for å skrinlegge heile prosjektet etter vedtaket i teknisk utval, men snudde etter å ha fått mykje støtte frå folk. Det er knapt vore nokon sak i den seinare tid som har skapt så mykje engasjement i bygda.

– No gler me oss til å jobbe for å få prosjektet realisert, seier Terje Gewelt.

Les også
For full musikk i Høvabakkane
Les også
— Må bevarast urørt