I løpet av sommaren blir det lagt 41 km med ny asfalt på Rv7 og Rv52 i Hallingdal. Fylkesvegane får ikkje ein meter med ny asfalt. (Arkivfoto)

Mykje asfalt på riksvegane - ingenting på fylkesvegane

Riksvegane i Hallingdal får over 40 kilometer med nytt asfaltdekke i år. Men ingen ny asfalt på fylkesvegane.

Fylkesvegane i Hallingdal får ikkje ei krone av dei 41 ekstramillionane som Viken fylkeskommune fekk tildelt.

-- Fylkesvegane treng eit løft. Det har me signalisert i ny Nasjonal transportplan og vist gjennom budsjettforhandlingane. No følgjer me opp og fordeler 400 millionar kroner ekstra til vedlikehald av fylkesvegar, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressmelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylkesvegane i Hallingdal og Numedal får ikkje ei krone av dei 41 ekstramillionane samferdelsminister Knut Arild Hareide gav til oppgradering av fylkesvegar.i Viken. Biletet er frå Fv50 i Holet. (Arkivfoto)

Ingenting til Hallingdal

Hareide viser til at ekstraløyvinga skal gi betre vegar for folk og næringstransport i heile Norge. Men det får me ikkje nyte godt av i Hallingdal.

Viken fylkeskommune fekk 41 millionar av ekstrapotten. Men ikkje ei einaste krone går til utbetring/asfaltering av fylkesvegane i Hallingdal og Numedal.

Les også
Fråstole skuterar til over 300.0000 kroner: - Merkeleg at tjuvane fann dei

– Ingen av dei 41 ekstramillionane er prioitert til fylkesvegar i Hallingdal og Numedal. Standarden er nok endå dårlegare andre stader, seier Bjørn Nyhus.

– Ikkje asfaltering

Nyhus er seksjonsleiar for drift av fylkesvegar i region vest i Viken fylkeskommune. Det er ikkje fylkeskommunen, men Statens vegvesen som har fordelt dei 400 ekstramillionane.

– Blir ingenting gjort på fylkesvegane i Hallingdal i år?

– Viken har 188 millionar kroner på det ordinære vedlikehaldbudsjettet, og etterslepet er stort. Det blir litt rekkverkutskifting på dei største fylkesvegane i Hallingdal Fv40, Fv50 og Fv51, og bergsikring i Geiteryggtunnelen. Men det blir ikkje asfaltering, seier Nyhus

– Fylkesvegane i Halligndl og Numedal får ikkje ny asfalt i år, seier seksjonsleiar i Viken fylkeskommune, Bjørn Nyhus. Arkivfoto.

Asfalt på Rv7 og Rv52

Det blir ikkje lagt ein meter med ny asfalt på fylkesvegane. Men Rv7 og Rv52 får til saman 41 kilometer med nytt asfaltdekke. I tillegg blir det ny asfalt på 4,2 km gangvegar.

Les også
— Det er kulturkontoret som har ansvaret

– Det er planlagt ein god del asfaltering på Rv7 og Rv52 og gangvegar i Hallingdal. Det kan bli behov for andre tiltak også. Det blir endeleg avklart utover våren når tælen har gått, seier driftsansvarleg for asfaltering i Statens vegvesen, region øst, Svein Voldseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planlagt asfaltering på Rv7 og Rv52

Rv7 i Flå: 24,1 km fordelt på strekningen Tromald bru - Rauk

Rv7 i Nesbyen: 3,2 km Roløkken - Alfarvegen og Dokken-Strykebråten.

Rv7 i Gol: 2,4 km vest for Mobrua

Rv7 i Ål: 1,8 km Breie - Kleivi

Rv52 i Gol: 2,8 km. Tuppeskogen - Spildra og ved Robru

Rv52 i Hemsedal: 6,8 km. Trøym - Tuv og Bjøberg - Heimtretjernet.

Gangvegar langs Rv7 og Rv52: 4,2 km.

Nossvegen - Sundbrei i Ål. Bjørkheim - Trøo og Skurdalsvegen - Geilotun i Hol (Geilo). Heslabrua - Tuppeskogvegen i Gol.

Les også
– Blir ikkje tatt på alvor
Les også
– Blir ikkje tatt på alvor
Les også
– Me blir kontakta på telefon og på Facebook