Knut (16) vann 1000 dollar av millionær

Knut Storøygard frå Ål fekk seg litt av ei overrasking då han vann 1000 dollar av den britiske millionæren Mark Tilbury.

Knut trudde ikkje sine eigne øyre då han vann 1000 dollar av Mark TIlbury. Pengane skal han bruke til ein 3D-printar.

Les også
«14 boys fra Oslo på hyttetur, noen jenter som er gira på fest?»

Storøygard dukkar fyrst opp frå 7:50 og så frå 13:20 i videoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

3D-printar

Tilbury har tent seg rik på å selje radiostyrte modellfly og brukar plattforma si på YouTube til å lære unge om økonomi og næringsliv. Han investerer også i neste generasjon bedriftseigarar, og det vart slik Storøygard vann pengar.

Tilbury kom med ei annonsering om at han ville gi 1000 dollar, altså om lag 9000 norske kroner, til den personen som hadde den beste «business-pitchen». Ein «pitch» er ein overbevisande presentasjon av eigen ide. Storøygard visste ikkje ein gong kva ein «pitch» var for noko, men sette seg ned for å google det.

– Eg snubla eigentleg berre over annonseringa, forklarar han.

Og han hadde openbert ein bra ide, fordi pengane vart hans. Storøygard vil kjøpe ein 3D-printar slik at han kan lage delar til kundar på etterspørsel. Har du til dømes ein plastklips til ei skapdør som har knekt, men du aner ikkje kor du skal få tak i det? Då kan Storøygard lage den for deg.

Les også
Kjøpte bustadfelt i Nesbyen

– Om du har ein plastbit på noko som har knekt, eller noko anna som ikkje er veldig stort som anten er dyrt eller vanskeleg å få tak i, kan eg lage det. Så kan du også kome til meg om du har eit design på papir eller ein 3D-modell som du vil at eg skal lage ein prototype av, forklarar 16-åringen.

Knut Storøygard (16) vann 1000 dollar av millionær Mark Tilbury (t.v).

Overraska

Ideen gjekk altså rett heim hjå millionæren Tilbury, som presenterte vinnaren i ein video på YouTube.

– Eg tippar du sit på kanten av setet no. Viss du fekk 1000 dollar, kva ville du brukt pengane på? spør Tilbury i videoen.

– Eg ville brukt det til å kjøpe ein 3D-skrivar og plastikken eg treng å starte opp, svarar Storøygard.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vel, du burde bestille deg ein printar, bestille deg plastikk - fordi du har 1000 dollar som kjem din veg, utbryt Tilbury.

Ein tydeleg lukkeleg Storøygard takka Tilbury for sjansen.

– Dette er heilt latterleg!

Vil ta fagbrev

Det har enno ikkje gått opp for han at han faktisk vann.

– Det kom vel ganske tydeleg fram i videoen at eg vart sjokkert. Eg hadde ikkje forventa å vinne.

– Korleis gjorde du det?

– Tilbury begynte jo med å selje radiostyrte modellfly (RC) og gav til slutt designen vidare til masseproduksjon. Det han fann ut, er at når ein fyrst har designa noko, er det meir eller mindre ferdig. Då treng ein ikkje putte meir tid eller krefter for at det skal fortsette å tene deg i framtida. Så då eg laga denne «pitchen», tilpassa eg meg det, fordi eg også har interesse innan RC.

Les også
Felles rop om hjelp for villreinen

Framtida er avhengig av kor bra «businessen» går, men planen er å flytte til Lillestrøm i sommar for å gå flyfag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vil ha fagbrev innanfor det. Uansett korleis det går med bedrifta, så har eg ein plan. Men det er jo alltids gøy å ha noko å drive med, seier han.