Arbeiderpartiet og Høgre vil ha nytt barneskulebygg på Geilo. Bygningsmassen frå 1960-talet møter ikkje dagens krav, meiner dei.

Ap og Høgre vil ha nytt skulebygg

Barneskulebygget på Geilo er i ferd med å gå ut på dato. Arbeiderpartiet meiner det hastar med å bygge nytt.

Nina Dalen tok opp temaet i ein interpellasjon i kommunestyret torsdag.

— Barneskulen vart bygd på 1960-talet og bygd på i 1992. Skulebygget fyller ikkje lenger krava til eit moderne skuleanlegg, sa Dalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det hastar

Dalen trekte fram at gamal bygningsmasse påverkar læringsmiljø og det psykososiale miljøet.

— Hol Arbeiderparti meiner det hastar med å legge til rette for eit nytt og betre skulebygg med gode læringsareal og eit godt innemiljø, sa Dalen.

Nina Dalen og Hol Arbeiderparti tok opp spørsmål om ny barneskule og mangel på barnehageplassar i ein interpellasjon i kommunestyret torsdag. .

Arbeiderpartiet vil også ha nye barnehageplassar for at Hol kan trekke til seg barnefamiliar.

— Me har gode barnehagar i kommunen, men me manglar plassar på Geilo. Derfor treng me barnehageplassar, og me må planlegge for å ha plassar i reserve for nye innbyggarar, sa Dalen.

Les også
Stor utbygging på Geilo forsinka: – Fortvilande

Arbeiderpartiet bad om ei vurdering av korleis kommunen kan løyse dette, og spør:

— Har OPS (offentleg privat samarbeid) vorte vurdert i Hol, og kva for moglegheiter vil det kunne gi for ei raskare bygging?

Kritisk

Hanne Haatuft (H) er glad for signala frå Arbeiderpartiet.

— Dette har vorte spelt inn frå Høgre i valkampen i 2019 og i handlings- og økonomiplanen i desember 2019 og 2020, seier Haatuft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgre, her med Henning Solhaug og Hanne Haatuft, er glade for at Arbeiderpartiet også vil sette meir trykk på skule og barnehage på Geilo.

Ho kallar mangelen på barnehageplassar på Geilo for kritisk.

— Bur du og arbeider på Geilo og får barnehageplass i Hovet, gjer ikkje det kvardagen enklare, meiner Haatuft.

Les også
Satsar på framtida: Store investeringar i Hol neste år

Høgre vil løyve pengar til prosjekteringa av eit nytt skulebygg. Men dette blir sett på vent. Årsaka er den store planen om å bygge om heile skule- og idrettsområdet, som det vart løyvd 46,7 millionar kroner til i investeringsbudsjettet for 2019. Før ombygginga kan starte, må Statens vegvesen godkjenne to ny kryss ved Rv7. Det har enno ikkje skjedd.

Skal vurdere

Som svar på Arbeiderpartiets spørsmål svara ordføraren at det lenge har vorte arbeidd på tvers av etatane for å møte utfordringane ved skulen og i barnehagane. Rådmannen skal førebu ein gjennomgang av desse og andre investeringstiltak og kostnader i til strategikonferansen i april.

— Her vil ein også kunne kome nærare inn på OPS som ei eventuell ordning for å finansiere bygging av offentlege bygningar.

Les også
Skigaarden varslar søksmål mot staten: - Me har ikkje anna val
Les også
Ber folk droppe påskereise: - Du skal ikkje reise på besøk til familie i andre delar av landet
Les også
Denne konserten går i vasken - endå ein gong