Det går føre seg mykje testing ved Geilo legesenter i dag.

Nytt positivt prøvesvar kom overraskande på i Hol: - Situasjonen er uavklart

Måndag formiddag var optimismen stor i Hol då det såg ut til at det nye utbrotet var under kontroll. Men så fekk dei eit prøvesvar som gjer at situasjonen nok ein gong er usikker.

– Me har fått eit positivt testsvar på ein person, to dagar etter at vedkommande hadde ein negativ hurtigtest, seier kommuneoverlege Geir Strømmen til Hallingdølen måndag ettermiddag.

Det kom som ei overrasking på kriseleiinga i kommunen, som berre timar tidlegare hadde sagt at dei var optimistiske med tanke på smittesituasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette medfører ein ny runde med sporing og karantene, seier Strømmen.

– Situasjonen er uavklart og det blir eit omfattande sporingsarbeid. Ekstra ressursar blir no mobilisert.

Gjennom den siste dryge veka har i alt 18 personar i Hol fått påvist koronaviruset.

Mobiliserer personale

Laurdag fekk Hol fire nye smittetilfelle. Det er det andre utbrotet i Hol på kort tid. Det første kom i løpet av den siste helga før jul. I alt vart 13 personar smitta, men kommunen fekk raskt slått det ned.

Så kom det altså ein nytt utbrot. Så langt er fem personar bekrefta smitta. Kjelda er ikkje kjent, og kommunen har mobilisert mykje personale for å jobbe med både prøvetaking og smittesporing.

Drosjenæringa i kommunen har blitt råka. Det vart ein stor jobb å få tak i passasjerar som er definert som nærkontaktar.

– Sjåførar som har testa seg sundag, har fått negativt prøvesvar. Dei som skal i karantene er i karantene. Alle passasjerar er kartlagt. Drosjenæringa har gjort alt rett, og følgt opp saka godt. No har dei kalla inn ekstra mannskap, og kan betene publikum gjennom jul og nyttår, seier Strømmen.

Ventar på endeleg svar

Alle prøver som vart tatt sundag, med hurtigtest, var negative. Måndag venta kommunen på svar på dei ordinære koronatestane, som alltid blir tatt i tillegg til hurtigtest. Det var ein slik prøve som kom att positiv måndag ettrmiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har stor hjelp av hurtigtesten når svaret er positivt. Då kjem me i gang med sporing og karanteneråd med ein gong. Så veit me sjølvsagt om begrensningane som hurtigtesten har. Det har me fått stadfesta no, seier Strømmen.

Sjølv om kommunane tek hurtigtest når det er nødvendig, tek dei alltid ein ordinær koronatest i tillegg. Det er fordi dei vil vere heilt sikre på resultatet. Hurtigtesten blir rekna som sikker om den slår ut positivt, men den er ikkje heilt sikker om den gir eit negativt svar.

Er du i Hol? Hugs at kommunen har ei rekke strenge tiltak du må halde deg til. Lista finn du i faktaboksen under.

Her er dei lokale koronatiltaka som gjeld i Hol no

Desse tiltaka vart innført i Hol rett før jul, og vil vare til 3. januar.

For lag, organisasjonar og private:

* Kyrkja innfører forsterka smittevern. Julevandring blir lov, med 30 i kvar gruppe.

* Frå nasjonalt hald er regelen i jula at ein kan samle 10 personar i private hus og på hytter to gonger gjennom høgtida. Dette er ikkje lov i Hol. Her gjeld husstandsmedlemmar pluss maksimalt fem personar.

* Alle innandørs aktivitetar er stoppa.

* Geilo Kino er stengt.

* Bibliotek i kommunen er stengt.

* Det er skjerpa besøkskontroll ved helseinstitusjonane og krav om bruk av smittevernutstyr for besøkande.

* Servicetorget og kommunehuset er stengt for besøkande.

For næringslivet:

* Hotell og serveringsstader må verksette forsterka tiltak. Eigne dørvakter, munnbind, handsprit for alle og stopp i alkoholserveringa klokka 22.

* Butikkar må også ta i bruk forsterka tiltak. Avgrensa tal på kundar i butikkane, eigne dørvakter for daglegvare, Europris og sportsbutikkar. Andre butikkar skal ha skilt som seier noko om kor mange som kan vere i lokala på ein gong.

* Treningssenter og spa-avdelingar ved hotell er stengt.

* Ein-til-ein-behandlingar skal berre skje ved forsterka smittevern.

* Svømmehallar på hotella er stengt for alle andre enn gjestane ved hotellet. Garderobane skal vere stengt.

I løpet av det første utbrotet før jul vart rundt 180 personar sett i karantene. Også etter dette andre utbrotet må fleire titals halde seg heime.

Spent på omfanget

Det er ifølgje Strømmen rundt 27.000 personar i Hol om dagen. Sundag gjekk det ut SMS til alle i kommunen, der dei vart minna om å vere nøye med smittevernet.

Ingen av dei to utbrota Hol har hatt involverer besøkande til kommunen.

Les også
Var redd for korona - braut seg inn i bøttekottet i banken