Slik såg det ut då tråkkemaskina vart berga inn på trygg grunn att. Etter ein avansert bergingsaksjon var maskina oppe av vatnet att ved 21.30 tida.

Oppe av isen etter sju timar

Mannskap gjennomførte sundag kveld ein imponerande bergingsoperasjon i Bergsjøtraktene i Ål.

Hallingdølen fekk seint sundag kveld tips frå eit augevitne i Ål om at ei tråkkemaskin tilhøyrande ei av turistbedriftene Vats hadde køyrt gjennom isen i Bergsjøon.

Ut frå biletet ser ein at det vart sett i gang ein omfattande operasjon for å berge maskina på land att, der også mange frivillige deltok. Ved 21.30-tida var ho på trygg grunn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergingsaksjon: Her er tråkkemaskina berga.

Det er etter måten mykje snø i fjellet, men det er også svært høg vasstand i både tjern og myrar. Løypemannskap åtvarar no skiløparar om at det er ein del overvatn ute i delar av løypenettet, og dei minner folk på at ferdselen skjer på eiget ansvar.

Det er også grunn til å vurdere om isen er tjukk nok til tung reiskap.