I felten for å sjå på Ringeriksbanen
Trasevalet for Ringeriksbanen vil bli ein heit potet.
Onsdag var den politiske leiinga, representantar for Statens vegvesen, Jernbaneverket og embetsverket i Samferdselsdepartementet på synfaring.
– Me var ute i felten for å sjå på aktuelle traseval for både veg og jernbane, seier statssekretær John-Ragnar Aarset.
Artikkelen held fram under annonsen.
– For å bli kjent
Med samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i spissen vart både kart og terreng i Hole studert. For å bli kjent, som Aarset seier det.
Det store følgjet møtte også ordførarane i Ringerike og Hole for å få deira syn på planprosessen, og korleis dei er førebudd til å ta imot veksten som vil kome når Ringeriksbanen og ny E 16 mellom Skaret og Hønefoss står ferdig.
Miljøbråk
Åsa-korridoren er eit dyrare alternativ på Ringeriksbanen.
Men det mindre er miljøkonfliktar her enn ved Kroksund-alternativet. Aarset seier at ein på synfaringa brukte mest tid på ei løysing over Kroksund og mot Helgelandsmoen.
– Det er dette alternativet etatane peikar på som det mest aktuelle, seier Aarset.
2019?
Det er sett spørsmålsteikn ved om det i det heile teke er mogleg å kome i gang med bygginga av Ringeriksbanen i 2018. Innan utgangen av januar 2015 skal Statens vegvesen og Jernbaneverket greie ut om planleggingstida kan reduserast.
– 2018. Det er veldig offensivt. Det mest offensive no er nok 2019. Ein stad mellom 2021 og 2024 er for seint, seier John-Ragnar Aarset.