Ny person koronasjuk i Hemsedal - smitta kom frå utlandet
Då dei to reisande kom att frå utlandet, gjekk dei rett i karantene. Det er kommuneoverlege Camilla Underland glad for.
– Dei har følgt alle reglar. Då vart det ei enkel sak for smittesporingsgruppa, fortel ho til Hallingdølen fredag kveld.
Etter å ha kome heim til Norge og hatt nokre dagar i karantene, tok personen som no er bekrefta koronasmitta ein test på legekontoret i Hemsedal. Svaret kom att eit døgn seinare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hemsedal er no oppe i fire smittetilfelle hittil i haust.
Tidlegare fredag vart det kjent at det blir innført forsterka koronatiltak i heile Hallingdal, med bakgrunn i utbrotet i Gol. Også på landsbasis er smitta sterkt aukande, og Underland trur samanhengen er klar.
– Det er eit nasjonalt smittehopp. I lys av det skjer det ting her også, seier ho.
Den siste veka har dei testa rundt 20 personar i Hemsedal. Det er ein liten nedgang frå tidlegare veker.
Kveldens positive prøve i Hemsedal er det 16. tilfellet av koronasmitte i Hallingdal i haust. Dei fordeler seg slik:
Flå: 3
Nesbyen: 2
Gol: 7
Artikkelen held fram under annonsen.
Hemsedal: 4
Ål: 1
Hol: 1
Nore og Uvdal: 1