I fjor stod Nortura-bilane tett i tett for å laste dyr nedanfor Flævassdammen. I år gjekk dyra ombord i seks store bilar frå Fatland. Både transportørar og bønder er i opprør over utviklinga i Nortura.

– Merkbart færre dyr

Nortura stadfestar at dei har færre dyr å slakte, men skuldar på det seine vårbeitet.

På medlemssidene til Nortura kan ein lese at det i år er eit stort underskot på lam i heile Norge. Den komande veka er det meld inn kring 30 prosent færre dyr, samanlikna med same veke i fjor.

«Dette er eit mykje større avvik enn vi hadde rekna med da vi laga tilførselsprognosar. Vi har nok underestimert verknaden av sein vår, seint beiteslepp og kanskje difor også seinare sanking», melder Nortura.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange bønder som hentar dyr på fjellbeite sender i år dyra sine til konkurrentane. Fabrikksjef Ingrid Hillestad Medhus på Nortura Gol stadfestar at slakteriet denne veka har «merkbart færre dyr». (Arkivfoto)

Helgefred på slakteriet

Slakteriet på Gol er no i starten av høgsesongen. 70 fast tilsette står klar med kvasse knivar. Og sist veke kom også 70 sesongarbeidarar som er klare til å gjere ein innsats ved slaktelina. Vanlegvis er det sundagsdrift på slakteriet midt i høgsesongen.

Les også
Nortura i fritt fall

– Det var det ikkje grunnlag for denne helga, seier Ingrid Hillestad Medhus, fabrikksjef i Gol.

Håpar neste veke blir betre

– Er det nok arbeid til alle?

Les også
Nortura svarar på kritikken

– Ja, det er det. Men me skulle gjerne hatt meir lam den komande veka. Samanlikna med i fjor, er det merkbart færre. Men me justerer planane og jenkar det til, og frå neste veke reknar me med at det kjem inn meir dyr. Innmeldingsfristen er enno ikkje ute. Det er først på tysdagane me veit korleis neste veke blir, seier Medhus. På medlemssidene skuldar Nortura på dårleg vårbeite og sein sanking.

– Me er klar over at ein del som har sau i fjella i Hallingdal har gått til konkurrentane i år, seier Medhus.

Les også
Tilliten til Nortura er borte