Nils Hovland har sett ned foten for Nortura. Sundag stod han i spissen for ein heil flåte på seks dyretransportbilar som henta dyr frå Flævassdrifta og frakta dei til Fatland i Oslo.

Nortura i fritt fall

Nortura er i ferd med å miste grepet om produsentane. I år har sauebøndene vend ryggen til slakteriet. Det starta som eit sjåføropprør.

– I hjarta er eg samvirkemann, men no gjer eg det eg kan for å få produsentar over til Fatland. Nortura skvisa meg ut. Det kjem dei til å angre, seier transportør Nils Hovland frå Vikersund.

Nortura var ikkje å sjå

Sundag var han sjåfør på ein av slaktebilane som henta dyr i fjella Hallingdal. Ved Flæfjellsdrifta var det ikkje ein einaste Nortura-bil å sjå. Derimot stod Fatland-bilane tett i tett. Tendensen er den same i andre område. Både i Fødalen, Iungsdalen, Raggsteindalen og andre stader er Nortura i fritt fall.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dyra frå Flæfjellsdrifta utgjer meir enn ein dags produksjon ved slakteriet på Gol. Sundag vart nærare 2500 dyr lasta på bilane og frakta til Oslo.

Slik ser det ut når elleve produsentar i Flæfjellsdrifta skal sortere nesten 2500 dyr etter klypenummer.

Sjåføren sette ned foten

Nils Hovland er eit kjent fjes for mange bønder, både i Nedre Buskerud og Hallingdal. Han tok over transportselskapet etter far sin, som køyrde for Nortura i 40 år. Dei siste 16 åra er det Nils som har halde i rattet.

Han er ein av fleire transportørar som i år har fått beskjed om at Nortura ønskjer seg færre og større transportørar.

Nils Hovland jobba som transportør for Nortura i 16 år. Men den siste tida har det vore mest strid og konfliktar. No har han gått over til Fatland og har tatt med seg 120 avhopparar frå Nortura over til konkurrenten.

– Eg veit ikkje korleis dei reknar, men dei meiner dette skal gje innsparing på transporten. Det skulle bli meir rasjonelt og billig, seier Hovland.

Les også
Tilliten til Nortura er borte

Meldinga var ikkje til å misforstå. Skulle han ha ei framtid som dyrebilsjåfør, måtte han slå seg saman med andre. Hovland aksepterte ikkje dette. I mai var det slutt.

– Dei skvisa meg ut

– Nortura skvisa meg ut. Då gjekk eg til Fatland og spurde om dei kunne bruke meg. Det har ikkje vore vanskeleg å få med seg produsentar over til Fatland. Mange bønder er opprørt over korleis Nortura har behandla meg, seier han.

Dei neste vekene skal Hovland og kollegaene køyre skytteltrafikk mellom fjellbeite og slakteri. Hovland åleine skal frakte 2200 dyr til Oslo den neste veka.

Denne helga var det ni store bilar frå Fatland slakteri som henta lam på fjellbeite i Hallingdal, seks ved Flævatn i Hemsedal og tre i Toviken i Ål.

– Desse kunne slakteriet på Gol hatt viss dei ikkje hadde slått handa av transportørane. Men eg trur ikkje det hjelper å si dette til blårussen i Nortura. Eg sa før eg slutta at eg kom til å ta med meg produsentar. Dei svara at dette hadde dei lagt inn i kalkylen, seier Hovland. Så langt har han fått med seg 120 produsentar. Dette er hovudsakleg produsentar frå Nedre Buskerud, men også 10-15 frå Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– I tillegg er det fleire som seier dei er på trappene når Nortura skal leggje ned i Gol, seier han.

Frivillig tvang

Også Lars Ivar Haugo har slutta som dyretransportør for Nortura. Han køyrde for selskapet i 26 år, dei siste sju åra gjennom selskapet Hallingdal Dyretransport AS. Eit lite selskap med tre sjåførar var ikkje stort nok for Nortura. Men Haugo og kollegaene hadde ikkje noko å vinne på å slå seg saman med eit selskap i Valdres. I vinter selde dei den nyaste slaktebilen og slutta.

Les også
Nortura svarar på kritikken

– Me slutta frivillig, men me hadde ikkje noko val. Viss ikkje me slo oss saman ville me blitt oppsagt. Det synest eg dei kunne informert oss om før dei narra oss til å kjøpe ny slaktebil til 2,2 millionar. Eg tok luva mi og gjekk. Eg gadd ikkje å krangle, for eg hadde nok av anna å drive med, seier Haugo.

– Me er ansiktet til slakteriet

Haugo fortel at ein del som tidlegare dreiv dyretransport har gitt etter for presset frå Nortura og slått seg saman.

– Andre har gjort som oss, seld bilane og avvikla. I enkelte område har nye selskap dukka opp.

– Kva tenkjer du om opprøret til Hovland?

– Han er den einaste eg kjenner som har sett foten ned. Eg synest han har vore tøff. Nortura hadde nok sett for seg at dei kunne valse over han òg. Dei hadde ikkje rekna med at han ville protestere. Eg trur han har gjort det rette viss han har tenkt å halde fram å køyre dyrebil. Det er sjåførane som er ansiktet til slakteriet. For mange bønder betyr det mykje å ha ein fast transportør som dei kjenner. Hovland har så langt tatt med seg 120 produsentar. Eg trur han får mykje å gjere framover, seier Haugo.

Nortura er under press. Denne helga var det ni store bilar frå Fatland slakteri som henta lam på fjellbeite i Hallingdal. Seks av bilane laste dyr ved Flævatn i Hemsedal og tre henta i Toviken i Ål.