56 av dei nye koronasmitta har vore utanlands

Dei siste to vekene har rundt halvparten av dei nye koronatilfella med kjend smittestad rapportert smitte etter reise utanlands, opplyser FHI i vekerapporten sin.

– Av desse har dei aller fleste, 47 av 56 personar, vore på reise til land som er omfatta av karanteneplikt ved innreise til Noreg. Dei landa vi har flest registrerte tilfelle frå, er Kosovo, Serbia og Sverige. I same periode vart 9 personar smitta etter reise til Danmark, Polen eller Tyskland, land som på innreisetidspunktet hadde unnatak frå karantene, altså såkalla «grøne land», seier overlege Siri Helene Hauge ved Folkehelseinstituttet (FHI) i ei pressemelding.

(©NPK)