Kvar kveld møter foreldre ved 8. trinn opp ved Røde Kors-huset på Nesbyen. Jobben deira er å vere synlege og tilgjengelege for barn og ungdom som er ute.

Foreldre går gatelangs i Nesbyen: - Viktig å vise at me er der

Etter fleire meldingar om uro i Nesbyen sentrum har Røde Kors igjen sett i gang med nattevandring.

I vår har Nesbyen Røde Kors starta opp med nattevandring etter eit lengre opphald. Ønsket kom frå skulen og foreldre etter fleire meldingar om uro i sentrum som barn og ungdom heilt ned i mellomtrinnet stod for.

– Det var ein periode me hadde ein del elevar som hang rundt skuleplassen. Dei har ikkje hatt så mykje anna å drive med, seier rektor ved Nesbyen barneskole Oddvar Øen. Uroa starta etter 17. mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forsøpling og klatring på tak

Oddvar Øen fortel at rastlause barn og ungdommar vart observert medan dei klatra på skuletaket, og at dei er uroa for sikkerheita. I tillegg opplevde dei forsøpling av skuleplassen og kluss med husker og leikeapparat. Det måtte ryddast opp på skuleplassen om morgonen.

– Det vart først teke opp i klassane, og foreldre vart kontakta, seier Øen. Etter eit nettverksmøte vart det foreslått at Røde Kors skulle starte opp med nattevandring igjen. Øen fortel at det roa seg på skuleplassen kort tid etter at det vart teke opp.

– No har me foreldre vore ute kvar kveld ut denne veka, fortel Gerd Jorde i Røde Kors. Dei planlegg å ha eit opphald i juli og starte igjen siste veka før skulestart.

Les også
Røde Kors: La elevane få snakke om koronalivet

Til stades som medmenneske

Gerd Jorde var med då nattevandring i Hallingdal starta på slutten av 80-talet. No møter ho opp ved Røde Kors-huset på Nesbyen kvar kveld for å sende ut foreldre med refleksvest og enkelt førstehjelpsutstyr. Gjennom tidene har ho hatt nokre spaserturar rundt i sentrum med ungdom som treng å gå ut alkoholrusen, men det var meir vanleg før.

– Hovudoppgåva til nattevandrarane er å vere til stades som medmenneske. Dei skal ikkje gripe inn i situasjonar og nekte ungdommen å gjere noko, men kan kontakte politi dersom situasjonen krev det, fortel Gerd Jorde.

Gerd Jorde er nestleiar i Nesbyen Røde Kors og har organisert nattevandring denne våren.

Risiko ved bading

I tillegg til uroa på skuleplassen har foreldre vore uroa for aktiviteten ved «Føssan», ein populær badeplass i Rukkedøla ved Hallingdal Museum. Mykje vatn og sterke straumar i vår har ikkje stoppa barn og ungdom frå å bade her. Nattevandrarane brukar også å ta turen opp til Trytetjern der fleire turgåarar opplever å kome til tomme ølboksar og teikn på fest.

Felles dugnad

Denne våren var det foreldre frå 8. trinn som fekk i oppgåve å gå nattevandring på kveldstid, og dei gjev seg som regel rundt klokka 21.30. Det har vore ekstra fokus på å trygge barn på mellomtrinnet som samlast i og rundt sentrum.

Monica Haugo (t.v), Monica Dokken Bakkerud og Gunn-Edith Liodden ved Føssan i Nesbyen. Flaumstor elv har gjort fleire foreldre uroa for bading i området.

– Eg synest det er eit veldig fint tiltak, særleg for dei yngre. Tenåringane er kanskje ute litt seinare på kvelden, men det er uansett viktig å vise at me er til stades, seier forelder Monica Haugo. Ho meiner at godt samarbeid mellom foreldre vil ha ein positiv effekt på heile elevgruppa. Kjente fjes kan vere ein viktig tryggleik dersom det skulle oppstå situasjonar der barn og ungdom treng hjelp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For å få opplegget til å gå rundt, er me avhengig av at foreldre stiller opp, seier Gerd Jorde.

Les også
Politikarane gjekk nattevandring: – Ungdommen sette pris på at me var der