annonse

Verdseliten til Skarverennet

Elitemønstring
Elitemønstring: Skarverennet blir både elite- og massemønstring. Marit Bjørgen og Martin Johnsrud Sundby er to av største skistjernene. (Foto: Arkiv)

Åtte OL-vinnarar, med Marit Bjørgen og Johannes Høsflot Klæbo i spissen, står på startlista under Skarverennet laurdag.

  • Torbjørn Gunhildgard

Langrenn: Store delar av verdseliten stiller i konkurranseklassen når 12.200 skiløparar avsluttar sesongen med Skarverennet laurdag.

Bjørgen set punktum

Det 38 kilometer lange turrennet frå Finse til Ustaoset er fast sesongavslutning for mange eliteløparar. I år stiller heile sju olympiske gullvinnarar i eliteklassen.

I kvinneklassen avsluttar skidronninga Marit Bjørgen ein fantastisk karriere med Skarverennet.

Ho får knallhard konkurranse frå fjorårsvinnar Ingvild Flugstad Østberg, Ragnhild Haga, Astrid Uhrenholdt Jacobsen og systrene Tiril og Lotta Udnes Weng.

Den finske skistjerna, Krista Pärmäkoski, vil også blande seg inn i kampen om å koma fyrst i mål på Ustaoset. Fleire sveitsiske og tyske landslagsløparar stiller også.

Hallingdals beste kvinneløpar, Emilie Fleten frå Gol, kan også hevde seg i toppen.

Northug, Klæbo, Sundby

I herreklassen er ikkje stjernegalleriet mindre. Der stiller vår nye superstjerne Johannes Høsflot Klæbo, Petter Northug og fjorårsvinnar Martin Johnsrud Sundby.

Det er ikkje sikkert me finn vinnaren i denne gullkanta trioen. Den ferske norske femmilsmeisteren Sjur Røthe, Hans Christer Holund og Simen Hegstad Krüger er også blant storfavorittane.

Utanlandske utfordrarar er sveitsaren Toni Livers og norsk-britiske Andrew Musgrave. Lokale håp er Pål Golberg og Vetle Sjåstad Christiansen.

Dei fyrste løparane i eliteklassen er venta i mål på Ustaoset litt etter klokka 13.

Eliteklasse menn

Martin Johnsrud Sundby. Petter Northug. Johannes Høsflot Klæbo. Toni Livers. Hans Christer Holund. Simen Hegstad Krüger. Sjur Røthe. Andrew Musgrave. Emil Iversen. Niklas Dyrhaug. Pål Golberg. Simen Andreas Sveen. Vetle Thyli. Morten Eide Pedersen. Chris Jespersen. Tord Asle Gjerdalen. Sindre Bjørnestad Skar. Anders Gløersen. Vetle Sjåstad Christiansen. Sondre Turvoll Fossli. Eirik Brandsdal. Stian Hoelgaard. Martin Løwstrøm Nyenget.

Eliteklasse kvinner

Marit Bjørgen. Astrid Uhrenholt Jakobsen. Ingvild Flugstad Østberg. Ragnhild Haga. Serena Boner. Martine Ek Hagen. Silje Øyre Slind. Astrid Øyre Slind. Sandra Ringwald. Elisabeth Schicho. Hanna Kolb. Lotta Udnes Weng. Tiril Udnes Weng. Mari Eide. Marthe Mælum Johansen. Krista Pärmäkoski. Marthe Mælum Johansen. Emilie Fleten.