annonse

Tilbake på vinnarsporet

God
God: Torjus Haugo var best på eit HFK-lag som vann i suveren stil borte mot DFK 2 måndag. (Arkivfoto)

Hallingdal FK tok sin femte siger for sesongen då dei møtte Drammens FK 2 borte.

  • Mona N. Stensvold Mns@hallingdolen.no

Fotball: Hallingane møtte eit tidvis tafatt drammenslag på bortebane måndag kveld. Det tok likevel over kvarteret før hallingane kom til fyrste sjanse, då Abdi Isak kom gjennom drammensforsvaret og sette ballen i mål frå 18 meter. Fire minutt seinare trong hallingane tre forsøk før Sigurd Bakke Jensen sette ballen i mål frå kort hold og sendte gjestene opp i 2–0.

Lien-show

HFK var uhyre effektive i fyrste omgang, og etter 25 minutt kom Kjetil Lien forbi både stoppar og keeper hos DFK 2, og hemsedølen sette ballen i ope mål. 4–0 kom få minutt etter, då Kyrre Sataøen var sikker frå straffemerket etter ei felling av Abdi Isak. Etter dryge halvtimen spelt var Kjetil Lien igjen frampå og gjorde ingen feil aleine med keeper etter pasning frå Sigurd Bakke Jensen. HFK gjekk til pause med ei komfortabel 5-0-leiing. Andre omgang opna med HFK-trykk, men korkje Isak, Bakke Jensen eller Lien fekk utteljing på sjansane. Det kom ingen mål før ti minutt før slutt, då vertane frå Drammen reduserte til 5–1. To minutt etter sette Arild Slåtto inn 6–1 på frispark. Sigeren var aldri truga, sjølv om kaptein Sondre Hole Dokken var uheldig og scora sjølvmål like før slutt. Jonas Rodegård sett inn det siste målet i kampen, og HFK vann til slutt 7–2. Best på HFK var Torjus Haugo, Abdi Isak og Martin Haraldset.

Hallingmo klar

HFK ligg no på tredjeplass på tabellen, med eitt poeng opp til Solberg og Svelvik. Svelvik har ein kamp meir spelt, og HFK har ligg likt med Konnerud, som har fjerdeplassen. Fredag møtest dei to laga til toppoppgjer på det nye kunstgraset på Hallingmo.