Ein heiagjeng frå ei nabohytte i målområdet på Smylistølane har tolmodig venta på «sine damer». I mellomtida har dei skapt kollenstemning for alle som har passert.
Ein heiagjeng frå ei nabohytte i målområdet på Smylistølane har tolmodig venta på «sine damer». I mellomtida har dei skapt kollenstemning for alle som har passert.

Surt vêr, smørblide damer

Bergensdamer er vane med nedbør. Dei slarvar like bra i tett snøvêr som i sol.

Gråvêr og snøbyer øydela ikkje stemninga for fire turvenninner frå Bergen. Line Ingebrigtsen, Yvonne Paulsen, Liv Braathen og Karen-Sofie Olsaker i «T-klubben» har vore deltakarar på Slarverennet for tredje år på rad. For å kome i form til Slarverennet, går T-klubben tur kvar tysdag. Då får dei opp både pulsen og farten på snakketøyet.

– T-en står for «taleglade turvenninner». Klubben skal ha årsmøte og generalforsamling i kveld, fortel dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fri frå barn og sure menn

Slarverennet måtte i år leggje om løypa på grunn av vêret. I tillegg til tett snøvêr, var det meldt kraftig vind på utsette strekningar på den opphavlege traseen. Starten vart difor flytta frå Holdeskaret i Hemsedal til Øknin på Torpoåsen. Dei fire bergensdamene mista ikkje humøret av den grunn.

– Dette er årets høgdepunkt. Me kjem for turen og for festen. Vêret spelar ikkje så stor rolle. Me har fri frå barn og sure menn, seier dei.

– Stemninga ute i løypa?

Line Ingebrigtsen (f.v.), Yvonne Paulsen, Liv Braathen og Karen Sofie Olsaker
Line Ingebrigtsen (f.v.), Yvonne Paulsen, Liv Braathen og Karen Sofie Olsaker
Vårsola stilte ikkje til start på Slarverennet 2018. Det stoppa ikkje kring 2500 damer frå å gå turen frå Øknin på Torpoåsen til Smylistølane i Grønlio.
Vårsola stilte ikkje til start på Slarverennet 2018. Det stoppa ikkje kring 2500 damer frå å gå turen frå Øknin på Torpoåsen til Smylistølane i Grønlio.
Kaja Lie (f.v.), Aina Haugstad og Silje Lerberg Solbakken gjekk Slarverennet med T-skjorte merka med «Crew». – Jobben var å hjelpe folk og motivere, men det var ikkje behov for den store innsatsen. Me møtte ikkje så mange som sleit med motivasjonen, seier jentene.

Fleire titals bussar stod klare i målområdet til å ta frakte slarverennsdamene til etterfesten.
Fleire titals bussar stod klare i målområdet til å ta frakte slarverennsdamene til etterfesten.
Bjørn Kristiansen (f.v.) og Øyvind Lundgreen er gjester på hytta til Kjetil og Hilde Sjøtveit. To av karane i kvartetten står klar til å ta imot konene. Og mens dei ventar, gaular dei heiarop til tilfeldig forbipasserande slarverennsdamer.

– Topp stemning på Tjukkekjørr, men litt færre som heia langs løypa i år enn tidlegare. Me er imponert over arrangørane. Logistikken og humøret er i verdsklasse. Me kjem tilbake neste år og året etter der, seier damene før dei spring inn i den fremste bussen i ei lang rekkje ventande bussar.

Hyttegjester skapte kollenstemning

Ved målflagget på Smylistølane hadde ein gjeng hyttegjester frå Oslo tatt oppstilling for å heie damene dei siste metrane i mål. Dei hadde utstyrt seg både med champagneglas, kubjølle og flagg.

– Kom igjen, berre 50 meter att! Pass deg, det kjem damer bakfrå!, gaular flaggmann Bjørn Kristiansen til ei tilfeldig forbipasserande slarverennsdame. Han ventar på at si eiga kone skal nærme seg passering.

– Korleis er det å jobbe i støtteapparatet?

– Det er hardt. I går gjekk eg tidleg til sengs. I dag måtte eg grytidleg opp og preppe ski, gliser han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Grønkledde motivatorar

Golingsjentene Kaja Lie, Aina Haugstad og Silje Lerberg Solbakken har vore med som dugnadshjelp både i forkant av rennet og i skisporet mellom Øknin og Smylistølane. Renndagen var oppgåva å stille opp for folk som trong hjelp og elles jobbe som «motivatorar».

– Eg veit ikkje om eg synest det har vore så behov for å motivere folk. Me møtte ikkje så mange som sleit med motivasjonen, seier dei.