Leiar i organisasjonskomiteen, Jarle Uthus, er klar for årets Skarverenn. – Alt er under kontroll, seier han to dagar før start.
Leiar i organisasjonskomiteen, Jarle Uthus, er klar for årets Skarverenn. – Alt er under kontroll, seier han to dagar før start.

Slik er det i fjellet før Skarverennet

Jarle Uthus er ikkje i tvil: – Det blir ein bra tur frå Finse til Ustaoset.

Leiaren i organisasjonskomiteen og resten av maskineriet som arrangerer Skarverennet har det meste på plass to dagar før rennet.

– Alt er under kontroll. Logistikken går bra, seier Uthus onsdag føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Topp forhold

Uthus meiner Skarverennet alltid er «vårens vakraste eventyr».

I 2018 er ikkje noko unntak.

– Det er vanvittig mykje snø og kjempeforhold i løypa. På Ustaoset har me kjøpt inn 3500 kilo salt. Me startar grunnsaltinga i kveld. I målområdet blir det som ei betongplate.

– Og vêret?

– Førebels ser det bra ut med fem-seks sekundmeter frå vest med vinden i ryggen. Det blir ein bra tur.

– Kva skal deltakarane smørje skia med?

– Det tør eg ikkje svare på. Det er meldt kaldare natt til laurdag. No har eg har sagt blå extra sidan i fjor, men då blir det nok bakglatt. Men det er turrvoks førebels. Swix startar testinga av ski og smørjing onsdag, seier Uthus.

Mange medaljevinnarar

12.200 deltakarar skal gå 37 kilometer frå Finse til Ustaoset i tillegg til to kortare alternativ frå Haugastøl.

Artikkelen held fram under annonsen.

I eliteklassen er det fleire toppløparar enn nokon gong.

– Det har aldri vore så bra startfelt. Me har åtte medaljevinnarar frå OL. Det må vere bra. Marit Bjørgen går sitt siste skirenn, og Therese Johaug er tilbake. Ho skal gå skitur med ein sponsor, seier Uthus. Han er sikker på at sesongavslutninga blir ein skifest – som vanleg.