VM-draumen brast. (Foto Arkiv)
VM-draumen brast. (Foto Arkiv)

Skistar stoppar VM-draumen

I over eit år har Hemsedal jobba med planar om å arrangere Alpin-VM i 2025. No er det stopp.

Både Hemsedal, Hafjell/Kvitfjell og Narvik melde seg som kandidatar til å arrangere alpin-VM 2025. No trekkjer Hemsedal seg ut. Det er Skistar som set ned foten. Styret i Hemsedal Alpine Arrangement AS (HAA), der kommunen, Skistar, Hemsedal Turisttrafikklag, Totten Utvikling og Hemsedal idrettslag er aksjonærar, har avslutta arbeidet og trekt kandidaturet.

Norge for lite

Mykje arbeid er allereie lagt ned. Undervegs har Skistar Norge AS blitt førespurt om å garantere for at nødvendige anlegg blir bygd og ferdigstilt til Alpin-VM 2023 eller seinare. Vurdering og avgjerda vart teken til leiargruppa i Skistar Norge AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagleg leiar i Skistar i Hemsedal, Andreas Smith-Erichsen, fortel at dei har brukt tid på å skaffe seg kunnskap om kva som krevst for å arrangere eit VM i alpint. Dei har kome fram til at dei for det fyrste ikkje trur at Norge vil få tildelt eit VM i alpint. Norge vil truleg vere for lite «alpinland» for FIS.

Leiargruppa påpeiker at VM i alpint er «kronjuvelen» av FIS sine arrangement, og noko som finansierer mykje av FIS sine andre aktivitetar Leiargruppa trur ikkje FIS vil gamble med alpin-VM og leggje det til eit lite land. Leiargruppa ser det som «mikroskopisk» sjanse at Norge vil bli å føretrekkje blant store utanlandske destinasjonar. I tillegg trur Skistar ikkje at Hemsedal vil bli vald framfor statsfinansierte anlegg som Hafjell og Kvitfjell.

Dyrt å bygge

Skistar legg og til at studiar av terrenget i Hemsedal har synt at det vil bli svært krevjande å få laga ein kvalifisert utfortrase. Alternativet som er skissert er ikkje aktuelle ifølgje Skistar. Det krev omfattande inngrep, kostar for mykje og er ikkje aktuell ut ifrå eit etterbruks-synspunkt.

Dagleg leiar i SkiStar Hemsedal, Andreas Smith-Erichsen, Måtte sette ned foten.
Dagleg leiar i SkiStar Hemsedal, Andreas Smith-Erichsen, Måtte sette ned foten.

I tillegg veit dei for lite om kostnadene kring å etablere eit anlegg som eit VM krev.

– Me har sondert ut ifrå ein ide om VM og funne ut at det ikkje er innan rekkevidde. Det er betre for Hemsedal å halde på med ting som er mogleg å realisere og som kan ta Hemsedal og Skistar vidare. Det handlar om å vere realistisk. Nokre idear kan ein ta vidare, medan andre er det betre å gi opp medan leiken er god, seier Smith-Erichsen. Han legg til at avgjerda har møtt forståelse og berre positive attende-meldingar så langt.

Kan for lite

Leiargruppa i Skistar tykkjer at Hemsedal ikkje har erfaring nok i å arrangere store alpine renn på World Cup-nivå. Dei påpeiker på at før Åre arrangerte VM i 2007, hadde Åre over 90 WC-konkurransar. Skistar tykkjer Hemsedal bør satse på å arrangere WC-renn og skaffe seg truverdig erfaring. Kanskje allereie no setje seg ned og sjå på ein søknadsprosess for å arrangere WC i tekniske disiplinar i Hemsedal.

Skistar vil ikkje garantere for eit arrangement med så små moglegheiter til å bli realisert, samt mange usikre moment kring kostnader. Dei trekkjer seg difor ut av VM-saka. Dei stiller seg derimot positive til eit WC-renn i Hemsedal og vil gjerne samarbeide på det planet.

– Var VM ein urealistisk draum?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein skal ha entusiasme. Og ikkje kvele ting i starten. Me måtte finne ut om dette var fornuftig, men valde å takke nei før det gjekk for langt. Om Hemsedal-samfunnet og idrettslaget vil arrangere World Cup, vil me stille oss positive, seier han.