Både Hege Bøkko og klubbkamerat Henrik Fagerli Rukke har all grunn til å vere fornøgd med resultata frå årets sprint-NM.
Både Hege Bøkko og klubbkamerat Henrik Fagerli Rukke har all grunn til å vere fornøgd med resultata frå årets sprint-NM.

Gull til Hege Bøkko i sprint-NM

Hege Bøkko gjekk til topps i kvinneklassen under helgas sprint-NM i Bjugn. Bøkko tok dermed sitt fjerde NM-gull i sprint. Henrik Fagerli Bøkko tok sølv i herreklassen.

Bøkko leia også klart etter fyrste dag av sprint-NM. Holingsløparen hadde bestetid på både 500 meteren og 1000 meteren.

Under dagens løp brukte ho gårsdagens vinnaroppskrift. Bøkko gjekk inn til best tid på begge distansane. Dermed vann ho alle fire distansane under årets sprint-NM. På 500 meteren fekk ho tida 39,42. På 1000 meteren vart vinnartida 1.17,61. På dei neste plassane fylgde Ida Njåtun og Sofie Karoline Haugen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I herreklassen gjekk NM-gullet oppskriftsmessig til OL-vinnar Håvard Holmefjord Lorentzen. Også Fana-løparen vann alle fire distansane.

Sterkt av Rukke

Men endå meir gledeleg sett med hallingdalsauge var NM-sølvet til Henrik Fagerli Rukke. Rett nok vann Lorentzen med heile 3,39 tidspoeng føre holingsløparen. Men Fagerli Rukke gjekk likevel fire sterke løp.

På dagens 500 meter vart tida 36,50. På 1000 meteren vart han klokka inn til 1.12,98 – godt to sekund bak sølvvinnaren på 1000 meteren under OL.

Fantastisk sesong

Sprint-NM markerte avslutninga på ein fantastisk sesong for Lorentzen. Fana-løparen har i vinter stått fram som verdas beste skøytesprintar. I februar vart han Norges fyrste olympiske meister på 500 meter sidan 1948. Eit par veker seinare vart han fyrste norske sprintverdensmeister på 37 år.

Men årets sesong har også vore ein skikkeleg opptur for Hege Bøkko og Henrik Fagerli Rukke.