annonse

Gjev bort gratis sesongkort i alpinbakken

Frå sesongen 2018/2019 blir det gratis sesongkort til alle fastbuande ungdommar i Hol opptil 17 år. Frå venstre
Nytt tilbod: Unni Forselv Moen (SkiGeilo), Knut Anfinset (Hallingskarvet) og Anne Brusletto (Slaatta Skisenter). (Foto: Magnus Lindahl)

Tre skisenter i Hol tek tak for å få endå fleire ungdommar ut på ski.

Magnus Lindahl

Skisentera som no samarbeider er SkiGeilo, Slaatta Skisenter og Hallingskarvet Skisenter.

– Frå kommande sesong er det gratis sesongkort til alle born og ungdommar til og med 17 år som er fastbuande i Hol kommune, seier sals- og marknadssjef i SkiGeilo, Unni Forselv Moen.

Sosial møteplass

Det var i arbeidet med neste sesong i SkiGeilo forslaget kom opp.

– Det var enkelt å få med dei andre på dette, seier Moen.

Fleire moment ligg til grunn for å gi lokal ungdom gratis sesongkort.

– Det er viktig å få lokal ungdom ut. Det er også helsefremmande. Og så har det eit sosialt poeng. Alpinbakkane er ein sosial møteplass, og med gratis sesongkort, får alle like moglegheiter. Økonomien skal ikkje setje ein stoppar, seier Moen.

– Aldersgruppa opp til 16–17 år er kritisk. Det er fråfall i mange aktivitetar, seier Knut Anfinset i Hallingskarvet Skisenter.

– Vekk frå skjermen og på med skia, seier Unni Forselv Moen.

Vidarefører samarbeid

Det handlar også om rekruttering, meiner Anne Brusletto i Slaatta Skisenter.

– Slaatta har alltid vore oppteken av born og unge. Kanskje kan ungdom rekrutterast som arbeidstakarar.

Brusletto, Anfinset og Moen trur ikkje mange andre skisenter gir gratis sesongkort til ungdom opp til 17 år. Det vanlege er at born opp til seks år køyrer gratis. Dei trur og håpar mange vil nytte seg av tilbodet den kommande sesongen. Då blir også felles sesongkort for skisentera vidareført. Forrige sesong var den første dette vart prøvd ut. Førebels er ikkje tala for forrige sesong klare, men alle meiner dette vart godt motteke.

– Me kom bra ut av det første året. No blir det ei vidareutvikling av samarbeidet, seier Anfinset.