annonse

Trafikkreglar rundt julebordet

VED JULEBORDET
VED JULEBORDET: Kjøkensjef Jahn Birger Furuseth kom med trafikkreglar for korleis ein går rundt julebordet.
HD201410141109970V1.jpg

Bardøla, Geilo: 7. november 1987.

«No er det jul igjen – nesten. På hotell og restaurantar startar julebordsesongen for fullt komande helg». (Hallingdølen 12. november 1987)

Hausten 1987 såg me nærare på fenomenet julebord. På Bardøla Høyfjellshotell på Geilo fortalde kjøkensjef Jahn Birger Furuseth oss litt om arbeidet som låg bak:

«Sundag blir det laga kransekake og marsipan. Måndag bakar ein brød av alle slag. Tysdagar er det dressingar, silderettar og diverse salatar. Onsdag blir det pynta, og det blir laga puddingar, sausar, graut, fleire salatar, eggerettar og diverse garnityr. Torsdag finn ein fram krebs, bær, bollar, og fat. All tørrmat blir lagt opp, kjøt blir beina ut og ålen blir flådd. Fredag blir resten av rettane lagt opp, spekematen blir skoren, og etter kvart blir kjølerommet fylt med ferdig pynta julefat. Laurdag er den store dagen. Etter lunsj tek ein til å rigge opp sjølve bordet, som blir duka, dekka, pynta og dandert. Etter ein siste innspurt blir dørene slått opp for 300 feststemte gjester». (Hallingdølen 12. november 1987)

Det er ikkje likegyldig kva ein et på eit julebord, og rekkefølgja er viktig. Furuseth hadde nokre «trafikkreglar»:

«Du skal starte med sild, og gå vidare til skaldyr. Deretter nokre kalde kjøtrettar med forskjellige salatar til. Så er tida inne for varm mat. Og vidare tek du dessert, ost og frukt. Det finst faktisk ei liste på 12–13 rettar du bør ha fått med deg undervegs. Men ikkje alle tek dette så alvorleg. Mange har laga si eige løype rundt julebordet». (Hallingdølen 12. november 1987)

Kjøkensjef Jahn Birger Furuseth, hadde også denne forsiktige oppmodinga til julebordsgjestene:

«Unn deg gjerne eit julebord. Det lyser opp i ei mørk førjulstid. Forsyn deg med både vått og tørt – men gjer det med måte». (Hallingdølen 12. november 1987)

Og denne oppmodinga gjeld for så vidt framleis ...