Julia (t.v.) og Oliwia Sauermann (6) kunne fått kvart sitt soverom, men vil helst bu saman. På rommet har dei dobbelt opp av det meste.
Julia (t.v.) og Oliwia Sauermann (6) kunne fått kvart sitt soverom, men vil helst bu saman. På rommet har dei dobbelt opp av det meste.

Slik er det å vera tvilling

Korleis er det å vera tvilling? Å ha ein bror eller syster som er nesten prikk lik seg sjølv? Me har møtt fire tvillingpar i ulike stadium av livet.

To skrivepultar, to senger og to rosa stolar. På eit barnerom i Votndalen i Ål finst det dobbelt opp av alt.

– Dei kan ha kvart sitt rom, men vil helst dele, smiler Agnieszka Sauermann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er mor til tvillingane Oliwia og Julia (6) og fortel at dei var nesten identiske då dei vart født. Og sidan har dei følgt kvarandre tett.

– Når dei vart sjuke, skjedde det på same tid, anten det var forkjøling eller bakterieinfeksjonar. Og begge hadde laktoseintoleranse, seier mora.

Etter fem år var det framleis mange som ikkje visste kven av dei som var kven

– Det er som å ha ei bestevenninne i hus, seier Sigrid Kvåle Myksvoll (25) (t.h.) om tvillingsyster Ingvild. Dei har vore veldig tette i oppveksten og har følgt kvarandre heilt fram til studietida.
– Det er som å ha ei bestevenninne i hus, seier Sigrid Kvåle Myksvoll (25) (t.h.) om tvillingsyster Ingvild. Dei har vore veldig tette i oppveksten og har følgt kvarandre heilt fram til studietida.
– Me har hatt mykje moro opp gjennom og funne på mykje hyss, ler Roger (t.v.) og Ronny Bråthen (45).
– Me har hatt mykje moro opp gjennom og funne på mykje hyss, ler Roger (t.v.) og Ronny Bråthen (45).
Ivar (t.v.) og Terje Sundsdal (60) har hus rett ved sida av kvarandre i Nesbyen.
Ivar (t.v.) og Terje Sundsdal (60) har hus rett ved sida av kvarandre i Nesbyen.

I barnehagen såg ikkje folk forskjell. «Der kjem Oliwia-Julia», kunne dei seie. Etter fem år var det framleis mange som ikkje visste kven av dei som var kven. No har dei begynt på første trinn på Leveld skule.

– Lærarane tittar på øyredobbane for å sjå kven som er kven. Julia har blå, og eg har kvite, fortel Oliwia.

– Nokon gonger har me forskjellige klede også, fortsett Julia.

Denne dagen er begge kledd heilt likt. Men mor Agnieszka og far Grzegorz ser mange forskjellar på jentene. Dei kan vera ulike i ansiktet, og dei kan prate og oppføre seg på kvar sine måtar.

– Men me har mange feil i albuma våre. Det er bilete av Julia som det står Oliwia under, ler Agnieszka.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Tenk om det er to»: Før dei skulle til ultralyd første gongen hadde foreldra spøkt mykje, «Tenk om det er to». Sjokket var stort då legen snudde seg mot dei og så at det faktisk var tvillingar i magen til Agnieszka.

Jentene vart fødd 1. juni 2010. Det var mykje jobb i byrjinga og ein del logistikkproblem.

– Dobbel vogn gjorde det vanskeleg å handle, det var ikkje plass til vogna mellom hyllene eller kassene, fortel mora.

Og jentene sov saman kvar natt til dei var 3 månader.

– Då prøvde me å skilje dei i kvar si seng. Me hadde ein kommode i mellom. Men det gjekk ikkje, dei ville berre sove tett saman, smiler Agnieszka.

I 2015 var det 58.240 fødslar i Norge. 956 av dei var tvillingfødslar. Frå åttitalet og fram til i dag har talet på fleirlingefødslar auka frå 10 til 16,6 per 1000 fødslar. Mykje av grunnen til dette er at folk får hjelp til å bli gravide. Sjansen for å få meir enn eitt barn er dermed mellom ein og to prosent. Tvillingar har ein unik start og deler absolutt alt frå fødselen av.

– Det er som å ha ei bestevenninne i hus, seier Sigrid Kvåle Myksvoll (25) (t.h.) om tvillingsyster Ingvild. Dei har vore veldig tette i oppveksten og har følgt kvarandre heilt fram til studietida.
– Det er som å ha ei bestevenninne i hus, seier Sigrid Kvåle Myksvoll (25) (t.h.) om tvillingsyster Ingvild. Dei har vore veldig tette i oppveksten og har følgt kvarandre heilt fram til studietida.

Forviklingar

– Det er som å ha ei bestevenninne i hus.

Sigrid Kvåle Myksvoll (25) smiler og ser bort på tvillingsyster Ingvild. Det er juleferie og dei har endeleg litt tid saman i barndomsheimen høgt over Gol. Dei er einige om at det er spesielt å vere tvillingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har vore ganske like. Hatt same vener og interesser, gått i same klasse og følgt kvarandre tett heilt fram til studietida i Bergen. Det har sjølvsagt vore litt krangling og, men slik er det vel mellom alle søsken, seier Sigrid.

 «Ho jenta der er jo over alt» var det ein gong ein trenar på motstandarlaget som ropte fortvilt.

Dei kjenner på at dei har blitt samanlikna heile tida. Ofte blir dei rekna som eitt individ, «der kjem tvillingane».

- Viss ein av oss har ein tydeleg meining om noko, så blir det fort slik at «dei sa det», ler Ingvild.

Friluftsliv og fotball har vore dei viktigaste aktivitetane for dei begge. Og no har dei også funne seg jobbar innanfor favorittfelta. Sigrid jobbar i Bergen og Hordaland turlag. Ingvild er dagleg leiar i Hallingdal Fotballklubb.

– Me jobbar med hovudinteressene. Men det kunne like gjerne vore motsett. Hadde me bytta jobb, trur eg begge hadde trivst godt med det, seier Sigrid.

Ved første augekast seg Sigrid og Ingvild veldig like ut. Det har skapt forviklingar, spesielt på fotballbanen.

- «Ho jenta der er jo over alt» var det ein gong ein trenar på motstandarlaget som ropte fortvilt, ler Ingvild.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trylletriks: Tvillingsøstrene voks opp med ein far som er lærar på Hallingdal folkehøgskule. I fleire år var dei ein del av eit glansnummer i ei sirkus-førestilling for elevane i starten av skuleåret.

– Faren vår, Arne, hadde eit tryllenummer. Ein av oss var på scena og vart lagt inn i eit stort røyr. Med nokon trylleformlar og litt blinking med lysa stod med eitt den andre med dei same kleda bakerst i salen. Du kan tru folk vart imponerte. Men det vara ikkje lenge, for det var ikkje enkelt å få skubba ut røyret frå scena med ein person inni, fortel Sigrid.

Elles har dei ikkje utnytta likskapen på skulen, slik folk kanskje trur mange tvillingar har gjort.

– Hender det at de fullfører setningane for kvarandre, i Ole, Dole og Doffen-stil?

– Stadig vekk. Viss eg veit kva Ingvild skal si, er det vanskeleg å ikkje fullføre setninga, smiler Sigrid.

Prikk like

Sjølv om tvillingar liknar på kvarandre, treng dei ikkje å vere einegga. Ein tredel av tvillingar som vert fødde er einegga, ein tredel er toegga av same kjønn, og den siste tredelen er toegga tvillingar av ulikt kjønn. Er tvillingparet heilt identisk er dei mest sannsynleg einegga. Då kjem dei frå det same befrukta egget. Einegga tvillingar har dermed heilt identisk genmateriale.

Ein DNA-test er sikraste metoden for å finne ut om eit tvillingpar er einegga. Toegga tvillingar blir som regel meir og meir ulike når dei veks til. Blant einegga kan det vera motsett.

– Me har hatt mykje moro opp gjennom og funne på mykje hyss, ler Roger (t.v.) og Ronny Bråthen (45).
– Me har hatt mykje moro opp gjennom og funne på mykje hyss, ler Roger (t.v.) og Ronny Bråthen (45).

Fann på mykje rart

To som verkeleg har utnytta likskapen som einegga tvillingar er Ronny og Roger Bråthen (45).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me var veldig kreative saman og fann på mykje moro. Lærarane våre var nok veldig oppgitte, ler dei.

Dei var så like i oppveksten at dei måtte ha på seg genserar med namn.

– Men då skifta me berre genser, fortel Roger.

Etter kvart har det blitt lettare å sjå forskjell.

– Roger trenar masse, eg sit og ser på, humrar Ronny.

Roger køyrde bilen, men hadde gløymt sertifikatet heime. Eg slengde mitt over til han

Dei har alltid hatt same yrke. I tenåra jobba dei i skogen med hogging og planting. Etter kvart var dei avløysarar på gard saman.

– På den tida hadde me også same bankkort og konto. Det fungerte bra det, me var jo saman heile tida, seier Ronny.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 1991 flytta Roger til Hemsedal for å vere forpaktar på ein gard der. Det gjekk ikkje mange månadane før Ronny kom etter, også han forpaktar på ein annan gard.

Teken i promillekontroll: Roger bur framleis i Hemsedal, medan Ronny har flytta til Nore. Dei møtest ikkje like ofte som før, men har framleis likt yrke. No jobbar begge som ambulansearbeidarar.

– Me jobba på same stasjon i ti år. Pasientane trudde ofte at me var same person. «Oi, kjem du igjen» kunne dei seie, fortel Roger.

Den eine historia etter den andre ramlar ut. Dei kunne fortalt i fleire timar. Om folk som har teke feil av dei, om da ein av dei tok glattkøyringskurset to gonger eller da dei vart stoppa i promillekontroll.

– Roger køyrde bilen, men hadde gløymt sertifikatet heime. Eg slengde mitt over til han, fortel Ronny.

Men da Roger skulle blåse, lyste målaren raudt.

– Då vart eg lang i maska, gliser Ronny.

– Heldigvis var det berre litt «Bergensk brystbalsam» eg hadde teke for litt vondt i halsen. Eg fekk blåse på nytt etter nokre minutt og da lyste det grønt, fortel Roger.

– Viss ikkje, hadde me vore ille ute begge to, ler Ronny.

Nasjonalt tvillingregister

Tvillingar er spesielle. Samstundes er tvillingar som alle andre, skriv Folkehelseinstituttet på sine nettsider. Denne kombinasjonen gjer at tvillingforsking er interessant, og resultata kan overførast på alle. Korleis påverkar genar ulike tilstandar eller trekk, som til dømes høgde? Og kva for rolle speler miljøet ein lever i? Dette og meir til ønskjer Folkehelseinstituttet å finne ut av med sitt Nasjonale tvillingregister. Forskinga starta med tvillingar fødde i 1895. Per 2013 har om lag 35.000 tvillingar bidrege med opplysningar og blodprøver. To av desse bur i Nes.

Ivar (t.v.) og Terje Sundsdal (60) har hus rett ved sida av kvarandre i Nesbyen.
Ivar (t.v.) og Terje Sundsdal (60) har hus rett ved sida av kvarandre i Nesbyen.

Sundsdal-tvillingane

Med 15 minutt mellomrom vart Ivar og Terje Sundsdal (60) fødde. Det skjedde i andre etasje, heime i huset i Nesbyen. Mora visste ikkje at ho hadde to born i magen.

– Først kom den eine. Då sprang storesøster over gata og ropte at det var kome ein gut. Litt seinare måtte ho ta same turen ein gang til. Du kan tru folk vart overraska, fortel Terje.

Det var ikkje mange tvillingar i Nes på den tida. Praten gjekk om Sundsdal-tvillingane.

– Me me har nok ikkje tenkt så mykje på at me var tvillingar. Me såg på oss sjølve mest som brør, seier Ivar.

Når du fekk eit slikt slag i trynet, var det vondt for meg også.

I oppveksten var dei saman heile tida. Sparka fotball, dreiv med pistolskyting og friluftsliv. I militæret budde dei på same rom, var i same tropp og same lag. Det berre vart slik. Etter kvart vart det til at dei også fekk same jobb, i jernbanen som lokførarar.

– Begge hadde nok ei dragning til teknologi og maskinar. Det var spennande, seier Terje.

Terje og Ivar synest det er interessant med tvillingforsking. Korleis spelar arv og miljø inn på menneske som er så genetisk like? Dei har vore med på fleire forskingsprosjekt i regi av Folkehelseinstituttet, og får stadig tilsendt spørjeskjema i posten. Formålet med tvillingstudien er å bidra til kunnskap om kva som er årsakene til god eller dårleg helse, og årsaker til sjukdom.

Alvorleg sjuk: I 2009 vart Ivar alvorleg sjuk med ein kompleks form for epilepsi. Han fekk fleire anfall.

– Sjukdommen tok mange år å finne ut av, men er heldigvis under kontroll no, fortel han.

I fleire år måtte han klare seg utan førarkort, og brukte lang tid på å trene seg opp att.

– Når du fekk eit slikt slag i trynet, var det vondt for meg også, seier Terje og ser på Ivar.

Brødrene trur at begge kan vere disponert for epileptisk sjukdom.

– Grunnen til at det var Ivar som fekk det, hadde kanskje med slitsamt turnusarbeid å gjera. Det var mykje nattevaktar og dårleg søvn. Sjølv slutta eg med dette då eg forstod at det ikkje var bra for helsa, seier Terje.

Begge har hatt mange like plager og sjukdommar opp i gjennom åra, men ikkje alltid på same tid. Da er det god støtte å ha ein tvillingbror som har opplevd det same.

Med tida har brørne vore mindre saman, sjølv om dei bur vegg i vegg i Nesbyen. Dei bruker tid i forskjellige miljø og endrast med det. Terje er aktiv i hundesportmiljøet saman med ungane. Ivar har born som speler fotball. I ungdommen køyrde dei begge mykje motorsykkel. Gjekk gradane, frå å skru på mopedar som nesten ikkje hang saman, til langturar på landevegane. I dag er det berre Ivar som held fram med den interessa.

– Det er fleire foreldre i fotballmiljøet som likar motorsykkel, så det er nok derfor eg har held fram med det. Eg kan ikkje skjøne kvifor du ikkje bryr deg om motorsyklar lenger, smiler Ivar og dultar venskapleg bort i tvillingbroren.

(Kjelder: SSB, forskning.no og fhi.no)

-

Einegga tvillingar oppstår ved at eitt enkelt befrukta egg deler seg innan 14 dagar og blir to avskilte fosteranlegg innan 14 dagar.

-

Einegga tvillingar har, fordi dei kjem frå same eggcelle og sædcelle, heilt likt arvestoff.

-

Alle eigenskapar som er arveleg bestemt, som f.eks. blodtypar, er derfor helt like.

-

Einegga tvillingar har alltid same kjønn.

-

Toegga tvillingar oppstår ved at to forskjellige eggceller blir befrukta med kvar sin sædcelle.

-

Sidan dei to individa kjem frå forskjellige eggceller og sædceller, liknar dei ikkje arvemessig meir enn det alminnelege søsken gjer.

-

Toegga tvillingar kan ha same eller forskjellig kjønn.