annonse

Rakafisk høyrer jula til

FISKEN
FISKEN: Konrad Pedersen hadde ansvaret for raking av 700 kg fisk.
HD201410141219911V1.jpg
GUTANE
GUTANE: Dei stifta «Hallingfisk», f.v. Knut Gunhildgard, Konrad Pedersen, Sigurd Kirkebøen og Olav Jonseth
GJESTANE
GJESTANE: Svein Flatåker (t.v.) og Sigurd Linjordet var meir enn fornøgde med rakafisken dei fekk servert.

Sundre, Ål; 18. desember 1981.

«Dette er snadder! Ingenting er som rakafisk ved juletider! Seier Konrad Pedersen. Han har ansvaret for rakinga av 700 kg fisk, som ligg i ein kjellar på Sundre og godgjer seg frå hausten og fram mot jul». (Hallingdølen, 24. desember 1981)

Fire karar hadde gått saman om å lage noko dei kalla «Hallingfisk». Dette var eit så bra tiltak at det – av alle stader – vart omtalt i Økonomisk Rapport. Difor melde me oss straks til prøvesmaking.

«Dei fire bak Hallingfisk har fordelt oppgåvene seg imellom. Olav Jonseth syter for oppdrett og stell av fisken. Konrad Pedersen og Knut Gunhildgard har ansvaret for rakinga. Sigurd Kirkebøen tek seg av salet. Sjauing, slakting og prøvesmaking er dei alle om. – Me har ofte stade nedi kjellaren med fisk til langt på kolsvarte natta og lurt på ko me strir for. Men no, når fisken kjem på bordet, er det berre moro, sa Sigurd Kirkebøen.»

Til denne prøvesmakinga hadde me med oss to kjennarar, Svein Flatåker og Sigurd Linjordet. Det vart ei lang og underhaldande bordsete med mykje fisk og mange skåler. Til god rakafisk høyrer Lysholm nr. 1, understreka Linjordet. Og rundt bordet vart det i tillegg servert historier i fleng. Gode historier.

Rakafisken var laga på oppdrettsfisk, noko som ikkje var heilt vanleg på den tida. Men resultatet var overtydande og godt.

«Eg må berre seie at dette var aldeles utmerkt. Å ha nådd eit så godt resultat etter berre eit par år, er jaggu godt gjort. Eg vonar eg blir beden på prøvesmaking også neste år, sa Svein Flatåker». (Hallingdølen 24. desember 1981)

Fleire bilete på www.hallingdolen.no