– Me har lært mykje av kvarandre, seier Osmund Ueland og Randi Flesland.
– Me har lært mykje av kvarandre, seier Osmund Ueland og Randi Flesland.

Radarparet på Valdreslie

Vinden piskar i ansiktet og snøen kjem sidelengs. Men det bryr dei seg ikkje om. For dei har stått i stormen før.

Flagget vaiar i vinden utanfor hytta på Valdreslie i Nes austmark. Fem hytter ligg med god avstand her inne i fjellet. Ingen dobbelgarasje og varmekablar i oppkøyrselen. Vegen er snødd ned og det er ein halvtimes skitur, eller kanskje meir viss føret er dårleg, til parkeringsplassen. Her inne i fjellet fyrer sambuarparet Randi Svenkerud Flesland og Osmund Ueland på peisen – og samlar krefter. For begge er «på» for å seie det slik. Synlege, engasjerte – og dei har begge følt kor friskt det kan blåse på toppane. Det er nemleg ikkje berre her inne i idylliske Valdreslie det kan blåse opp.

– Men det er likevel lettare å stå i stormen enn å leve i stilla, seier Ueland.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Valdreslie har han begge delar. Både storm og stille. Det er Randi som har drege han hit. Direktøren i Forbrukarrådet er nemleg halvt halling, om det er noko som heiter det. Far hennar, Rolf Svenkerud, voks opp i Nes. Han kom frå garden Svenkerud, men drog tidleg til Oslo og utdanna seg til veterinær. Randi overtok familiehytta etter foreldra sine.

– Sjå her, rundt meg, seier ho og peikar. – Alle desse hyttene høyrer til slektningar av meg.

FERIETURANE I OPPVEKSTEN gjekk til Nes, og denne tradisjonen heldt fram også etter at ho for mange år sidan overtok hytta.

I hytta på Valdreslie har forbrukar-direktøren og prosjektleiaren gode dagar.
I hytta på Valdreslie har forbrukar-direktøren og prosjektleiaren gode dagar.
Fjellet og den majestetiske naturen ligg rett utanfor hyttedøra.
Fjellet og den majestetiske naturen ligg rett utanfor hyttedøra.
Ein tur på ski gjer godt, sjølv om snøen kjem vassrett.
Ein tur på ski gjer godt, sjølv om snøen kjem vassrett.
Det er både stille og storm her inne i fjellet.
Det er både stille og storm her inne i fjellet.
Randi Svenkerud Flesland og Osmund Ueland stortrivst på hytta i Nes.
Randi Svenkerud Flesland og Osmund Ueland stortrivst på hytta i Nes.
Slik blir ideane til, på eit papirark, fortel Osmund Ueland.
Slik blir ideane til, på eit papirark, fortel Osmund Ueland.
Langt inne i fjellet i ein praktfull fjellnatur ligg Valdreslie. For å kome hit vinterstid må ein ta skia fatt.
Langt inne i fjellet i ein praktfull fjellnatur ligg Valdreslie. For å kome hit vinterstid må ein ta skia fatt.
Randi Svenkerud Flesland og sambuar Osmund Ueland stortrivst i hytteveggen.
Randi Svenkerud Flesland og sambuar Osmund Ueland stortrivst i hytteveggen.

– Det er berre to påsker eg ikkje har vore her. Eg har aldri kjeda meg på Valdreslie. Då eg var yngre, var Nes litt annleis. Eg kjøpte alle selskapskjolane til dottera mi i Nesbyen, for det var finare butikkar her enn i Oslo. Og så drog me på Østenfor Hotell for å bade. Men den tida er jo forbi ...

Sambuar Osmund Ueland er også vorten gira på Nes. På lista over alle toppjobbane hans i næringslivet, snik det seg også inn ei line om at han er styreleiar i Buvasstølan sti og løypelag. Men ifølgje styreleiaren er dette ein svært viktig jobb, og iallfall ikkje noko å blåse av. Skilting, rydding av stiar og løyper, ein gjennomgåande vassfarsti og Eventyrløypa, ny løypemaskin og serviceanlegg. Til sommaren opnar sjølve rosinen i pølsa, Buvatn brygge.

– Me trong ein hærførar, seier Randi.

– Han er prosjektleiar. Av natur.

– Prosjekta har lyfta hyttesamfunnet, samla og forsterka det. Eg er stolt av det, men få for all del med at det er mange som har bidrege, seier den omtalte hærføraren i Nes austmark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Siste gong me feira, var det eitt hundre til stades på Engene fjellstue med dans. Akkurat som i gamle dagar. Folk smiler til kvarandre i dette hytteområdet.

MEN HAN NØYER SEG IKKJE berre med å drive fram eit prosjekt på fjellet. Han dundra like godt inn i kommunehuset i Nesbyen. Som ein god gammaldags tiltakssjef hadde Osmund Ueland ein plan og ein «drive» som er litt framand her i dalen. Han ville lyfta Nesbyen sentrum. Gjere det meir attraktivt som handelsstad. Resultatet er prosjektet «Nesfjellene til sentrum», der Ueland er prosjektleiar. Han hadde næringslivet i Nesfjellet med seg på laget, fortel han, før han gjekk til ordføraren med ideen i august i fjor. Men før han kom så langt, svidde han fingrane litt då han stakk dei inn i eit kvefsebol.

– Nes austmark var den gløymde dalen. Det synest eg var urettferdig, forklarar han.

Han meinte at fordelinga av det kommunale løypetilskotet var skeivt fordelt mellom Nes austmark og dei store hytteområda på motsett side av bygda. Han møtte motstand, sjølvsagt.

– Sidan har eg sett den andre sida, områda i Natten, Tverrlia og Myking. Det gav meg inspirasjon til prosjektet som me no er i gang med, forklarar han.

Ueland knekte hallingkoden etter kvart. Rett nok synest han at ting går for sakte. Men det gjer virvelvindar som han. No er han på hels med bygdefolk og summa summarum er han svært fornøgd med engasjementet som han møter i bygda.

– Tek du mykje plass?

– Eg føler ikkje det. Eg likar å prate med folk, og eg har lett for å få kontakt. Eg er vorten godt motteken, og eg har eit bra forhold til Nes.

Artikkelen held fram under annonsen.

OSMUND UELAND ER er frå Egersund. Han er maskiningeniøren som gjekk rett til topps i norsk næringsliv. Han var med i Condeep-tida i Aker i Stavanger midt på 70-talet, hatt leiarstillingar i Aker Verdal, og i Aker-perioden fekk han ansvaret for utbygginga av andre byggetrinn på Aker Brygge. Han vart ein av toppane i LOOC som direktør i Lillehammer Olympiske Organisasjonskomite med blant anna ansvaret for styring og kontroll, miljø og til slutt transport. Det førde han til jobben som administrerande direktør for Gardermobanen/Flytoget dagen etter Lillehammer’94. Fjorten månader seinare gjekk han til topps i NSB som konsernsjef og sjef for Jernbaneverket. Det meste gjekk altså på skinner.

Men så small det. 4 januar 2001 er ein dato som sit klistra i minnet. To tog kolliderte på Rørosbanen. Nitten personar omkom. Åstaulykka var ein tragedie. Seinare rauk akslingen på eit flunkande nytt krengetog på Sørlandsbanen. Problema hopa seg plutseleg opp i NSB. Og midt i stormen stod Ueland.

– Åstaulykka og problemet med Signaturtoga hadde ingen samanheng, seier han.

Men midt i blåsten snudde støttespelarane hans ryggen til han. Dei var ikkje der lenger.

– Eg fekk tilbod om å seie opp. Det var heilt utenkeleg for meg. At nokon, som hadde støtta meg i alt, plutseleg ville kvitte seg med meg for å redde sitt eige skinn, ville eg ikkje vere med på.

Ueland fekk sparken.

– Eg var på toppen i næringslivet. Eg vart invitert på opninga av Stortinget, kjente kongefamilien og heile Norge, så å seie. Og så blir plutseleg alt nettverket på over 200 personar borte. Det tek tid å kome seg over slikt. Men då må ein legge ein veg som fører deg tilbake. Og det har eg klart. Eg er fornøgd med det.

VED SIDA AV HAN i sofaen i hyttestova sit den siviløkonomiutdanna sambuaren hans. Randi Svenkerud Flesland var administrerande direktør i Avinor, tidlegare Luftfartsverket. Ho skulle gjennomføre «Take Off 05», eit større omstillingsprosjekt. Samtidig hamna ho i ein oppheita og bitter konflikt med flygeleiarane. Det var då det vart teikna eit bilete av henne i media som ein rå leiar. «Hvor mange småbarn spiser hun til frokost», stod det i eit intervju i Aftenposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du sa opp?

– Eg vil heller seie det slik at me vart samde om at det var bra at nokon andre overtok. I Avinor skulle eg omstille organisasjonen, og me skulle spare pengar. Kanskje gjekk me litt for fort fram.

– Er du eit råskinn som leiar?

– Etter at eg slutta i Avinor har eg halde fleire foredrag. Då opplever eg at folk seier at «du er heilt annleis enn eg trudde».

- Framstillinga av Randi var urettferdig. Ho er ein omsorgsperson, som tek på seg for mykje sjølv, korrigerer Ueland.

Men saman har dei noko til felles: Dei har krasjlanda begge to.

– Me har opplevd mykje, lært av kvarandre og me har utvikla mykje, seier Ueland.

Ho nikkar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore utruleg god læring. Eg lærte mykje om meg sjølv og andre menneske den gongen, og eg er takknemleg for at eg får lov til å vere leiar i samfunnets teneste.

– Men det er langt ned når ein sit øvst ...?

- Lenger enn for ein vanleg arbeidstakar. Alt kan skje, og ein må vere førebudd på det. Eg fordømte meg på at eg sjølv ikkje skulle behandle nokon slik eg vart behandla. Samtidig var åra i NSB ei fantastisk tid, seier Ueland.

SOM LOOC-DIREKTØR heiste han miljøfana. Han stod framfor eit japansk TV-team og åt ein eingongstallerken som var laga av poteter. Denne skulle brukast til grisefôr. Det vekte oppsikt. Han hamna også på førstesidene då han på veg til jobb på Lillehammer vart teken av politiet og mista førarkortet i tre månader.

– Eg trudde det var 90, humrar han – og visste ikkje at ein politipatrulje låg på hjul. Men OL-tida var i det heile teke ei fantastisk oppleving.

Etter å ha av slutta som toppsjef i Avinor sette Randi Svenkerud Flesland karrieren på vent. Ho stakk innom IBM ein kort periode før ho i 2008 var tilbake for fullt i rampelyset – som den første kvinnelege direktøren i Forbrukarrådet.

– Ei vaktbikkje med forbrukarmakt?

– Nokon oppfattar makt som eit negativt omgrep. Men makt gir innflytelse. Å misbruke makt, er noko anna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho utøver forbrukarmakt på vegner av oss alle. Ho utfordrar daglegvaregigantane, finanssektoren, kosmetikkbransjen og eigedomsmeklarar. Direktøren er på hogget – for forbrukarane. Det gjer livet lettare enn å krangle med flygeleiarar.

– Er du uglesett?

– Det varierer nok, ler ho.

– Eg er sikkert upopulær i enkelte møterom. Men eg vil at dei skal vere meir kundevennlege. Dei skal ta forbrukarane på alvor. For eigen del gjeld det å tru på det eg gjer og vere overbevist om at det eg gjer er rett.

Han er snart 70, ho er 61. Ho er direktør, han livnærer seg som konsulent, og har elles styreverv både her og der i næringslivet. Ein del av tida brukar han til frivillig arbeid på eit senter for heimlause jenter i Tanzania.

– Lista er lang. Eg likar å ha noko å gjere – heile tida. Det er helse for meg, seier Ueland.

– Må det skje noko – heile tida?

– Nei då. Me har evna til å slappe av også. Men sundag kveld er det full rulle att.

– Trivst de i rampelyset?

– Eg trivst når eg har ein bodskap frå Forbrukarrådet. Men elles er eg privat, seier ho.

Ueland legg til: – Eg har vore synleg, og min moglegheit til å påverke var å stå i stormen. Eg har vore på eitt mediekurs, og der lærte eg: Still alltid opp, ta ei innrømming, ha ein bodskap og prat som om du pratar med naboen.

– Men det er ikkje eit liv på den raude løparen ...?

– Nei, nei, det fristar ikkje seier forbrukardirektøren, og ser bort på sambuaren.

Han nikkar. 

Osmund Ueland

Utdanna maskiningeniør. 

*  Har hatt fleire toppjobbar i norsk næringsliv, blant anna i Aker Verdal, først som teknisk sjef og seinare som prosjektdirektør. Han hadde ansvaret for utbygginga av andre byggetrinn på Aker Brygge.

*  Vart direktør i Lillehammer Olympiske Organisasjonskomite (LOOC) med ansvar for blant anna transport og miljø før han vart sjef for Gardermobanen/Flytoget og seinare konsernsjef i NSB og sjef for Jernbaneverket. Han har også vore administrerande direktør ved Lovisenberg diakonale sjukehus.

*  Var arbeidande styreleiar og prosjektleiar for 

realisering av kunnskapsprosjektet INSPIRIA science center i Østfold frå 2007 til 2012.

*  No driv han sitt eige konsulentfirma, Lederfokus.

*  Har framleis fleire styreverv i næringslivet.

*  Har dei siste fire åra også engasjert seg sterkt på frivillig basis i eit senter for heimlause jenter i Tanzania der han også er prosjektleiar for eit større regionsutviklingsprosjekt, «Farm for the Future».

*  Styreleiar i Buvasstølan sti og løypelag i Nes austmark. Går av på årsmøtet 13. april i år.Kjelde: Wikipedia/Flesland

Randi Svenkerud Flesland

Direktør i Forbrukarrådet.

*  Utdanna siviløkonom, og har også utdanning 

innan psykologi og pedagogikk.

*  Etter å ha vore lærar på vidaregåande skule i eitt år, gjekk ho inn i toppstilling i NSB. Her jobba ho i 17 år som Intercitysjef og økonomidirektør. Ho leia fleire større omstillingsprosjekt i konsernet. Ho var ein av to visekonsernsjefar under Osmund Ueland. Ho gjekk av, saman med to andre i leiargruppa, etter at Ueland måtte slutte.

*  Frå 2000 leia ho Avinor, tidlegare Luftfartsverket. Her leia ho eit omstillingsprogram med formål å betre arbeidsprosessar og økonomien for å gjere Avinor i stand til å gjennomføre nye tryggingstiltak. Ho gjekk av i 2005 etter ei langvarig interessekonflikt med sentrale tillitsvalde. Spesielt flygeleiarane. I hennar tid vart også verksemda omdanna til eit aksjeselskap.

*  I 2008 vart ho tilsett som den første kvinnelege 

direktøren i Forbrukarrådet. 

*  Randi Svenkerud Flesland har gjennom åra hatt ei rekkje styreverv i næringslivet og offentlege verksemder.