Nominert

Han spelar og du ser korleis musikken lever i heile kroppen. Frå føtene som trør takta, via den bestemte bogehanda til rykninga i skuldrene.

– Det er vilt å bli nominert, gliser felespelaren og komponisten Erlend Apneseth. Men det er noko med ordet «vilt» og heile uttrykket til denne karen som ikkje stemmer heilt overeins. Visst kan han spela både eggjande og rått, vakkert og vàrt, men det som slår meg fyrst og fremst er at det er så uanstrengt. Det ser så lett ut. Noko det sjølvsagt ikkje er. Me pratar om ein av landets beste felespelarar, og me har ikkje mange som han. Ein meister i slåttespel. Som også komponerer noko midt mellom moderne jazz og moderne klassisk musikk, der heile grunntanken er improvisasjon.

Når musikk-Norge i kveld sit feststemte og ventar på kven vinnarane er, er denne nominerte høgt til fjells. Erlend Apneseth har spelejobb på Finsejazz. Det hadde vore fint og vore til stades på Spellemannprisen, men slik er det. Apneseth meiner Open klasse er ein sterk kategori.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han kjenner godt til dei andre som kan vinne prisen. Å bli plassert i den største sekken er han heilt komfortabel med. Det hadde ikkje vore aktuelt med nokon annan kategori.

Nokon vil kalle Erlend Apneseth Trio eit jazzorkester. Folkemusikk-Norge omfamnar dei som ein av sine. Og Aftenposten kåra nyleg «Det Andre Rommet» til den tredje beste klassiske utgjevinga i fjor. Sjølv er ikkje Apneseth fan av å plassere musikk i båsar.

– Det gjer noko med måtar ein lyttar på. Du er meir open når du ikkje lyttar med ei forventning om korleis ting skal eller bør vera.

Erlend Apneseth
Erlend Apneseth

Folk som kjenner han beskriv han som smart og ein dedikert musikar som er svært disiplinert i jobben. Han er ein roleg kar, men også sosial. Han slår gjerne av ein prat, men kjem ikkje til å snakke hol i hovudet på deg. Sjølv beskriv Erlend Apneseth seg som ein som ikkje er flink nok til å finne av-knappen.

– Som frilansar kan du jobbe 24–7. Det er alltid nok å øve på, epostar som treng svar, rekneskap å skrive, ei reise som skal bestillast. Heldigvis er sambuaren Margit Myhr frå Torpo frilansar sjølv og likar livsstilen. Dei møttest i 2012, då båe studerte på Ole Bull-akademiet på Voss.

– Margit er mykje flinkare enn meg til å slappe av, det er ein viktig eigenskap. Det er ei felle å gå i, å aldri slappe av, innrømmer Apneseth.

Han tykkjer det fungerer fint å ha to så like liv, men det blir mykje tid borte frå kvarandre. Då hjelper det å ha nokre felles prosjekt, slik dei til dømes har i «Veslefrikk», som dei har turnert med i store delar av landet i regi av Den kulturelle skulesekken. Sporadiske konsertar held dei også saman.

– Frilanstilværet er ikkje det mest forutsigbare, tør du seie nei?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er lettare å takke nei til ting no enn for to år sidan. Eg føler meg veldig komfortabel, og gjer det eg har lyst til.

Typisk for frilanstilværet er at ingenting er typisk. I fjor reiste han rundt i Sverige med eit teaterprosjekt og var ikkje heime på tre månader. Andre månader er han heime 90 prosent av tida. Men i snitt blir det reising rundt halve tida, og heimeliv resten.

Når han har vore ut eit bel kan han lengte heim, glede seg til rolege dagar, men han blir fort rastlaus. Det fekk han testa sist vår då han skulle sitje heime på Ål og skrive tingingsverket til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival.

– Det skulle bli så herleg, og så var det ikkje det i det heile tatt, ler Apneseth. Han heldt på å gå på veggen. Gleda var stor når det endeleg var tid for å halde konsert att: – Det er herleg å koma ut og få litt annan input.

Likevel kallar han arbeidet med tingingsverket noko av det næraste han kjem eit draumeprosjekt. Det er ikkje verst å realiser dét, i ein alder av 25. For ein som ikkje hadde skrive eigne låtar i den forstand tidlegare, var det ei ekstrem utfordring, men fyrst og fremst gøy.

– Eg fekk utløp for noko. Me spelte musikk med ein kompisgjeng. No skal det bli til ei rufsete og fin plate. «Nattsongar» blir sleppt på Ål i april.

Ein crossover-type. Slik trur Apneseth mange ser på han, noko han avviser.

– Korleis er det å jobbe med slåttemusikk i forhold til improvisasjon?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Slåttemusikken er ein bauta i livet mitt, og eg tenkjer ikkje på dette som motsetningar. Folkemusikk vil ikkje fungert i trioen. Overraskinga var derfor stor hjå Erlend Apneseth Trio då dei vart heidra med pris i Open klasse under folkemusikk-Norges store feiring av seg sjølve, Folkelarm.

– Det er vanskeleg å sjå seg sjølv utanfrå, men eg trudde musikken vår ville vera litt på sida i ein slik samanheng. Det er veldig kjekt at det er ei slik spennvidd i folkemusikk-Norge, tykkjer Apneseth.

Medlemmene i trioen møtte kvarandre då Apneseth jobba med den fyrste plata si, i 2013. Han hadde fått sansen for trommisen Øyvind Hegg-Lunde og Stephan Meidell på gitar og elektronikk, og dei fekk fargeleggje plata.

Meir samarbeid vart det ikkje den gongen, og eit par år gjekk fort. «Det Andre Rommet» er dermed den fyrste plata deira, eit lite eksperiment, som har gjeve dei mykje merksemd, spelejobbar i fleng og no ein gjæv nominasjon.

Improvisasjon er konseptet. Under innspeling må strukturen vera tydeleg, men i konsertar kan eit tema i botnen bli til noko nytt kvar gong. Trioen har nettopp spelt inn ei ny plate, og i september kjem resultatet. Opphavsmannen til bandnamnet komponerer det meste, før dei samarbeider om retninga i låtane.

Kva er det beste musikalske komplimentet du kan få?

– At folk verkeleg lyttar på plata. Ikkje berre sjekkar ho ut fordi ein bør det. Då blir eg glad. På ein konsert ser ein godt om folk likar det dei høyrer.

Fela oppdaga han som tiåring. I 13-14-årsalderen begynte Erlend Apneseth å kjenne framgangen. Han hugsar framleis godt at han freista å lære seg alle slåttane på plata «Meisterspel», med 15–16 spelemenn frå heile landet. Hadde det ikkje blitt fele hadde han heilt sikkert begynt å spela eit anna instrument.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kjennest naturleg. Musikk er eit språk eg forstår.

Apneseth har ikkje vakse opp i ein musikkfamilie. Men med opphav i Jølster er det ikkje så rart at han enda opp med boge og strengar, for her er det eit sterkt folkemusikkmiljø.

Oppveksten beskriv han som fin. Med to sysken som var ein god del eldre var han mykje åleine, og putla med ting på eiga hand. Etter grunnskulen vart det musikklinja i Sandane, og han fekk augo opp for mykje forskjellig musikk.

Sjølv om han har flytta langt bort frå heime, er det ikkje tvil om at han blir følgd med på. I fjor fekk han det ærefulle oppdraget å representere heimfylket Sogn og Fjordane i ei bok i høve kongeparets 25-årsjubileum. Her bidrog han med eit kapittel om korleis det var å besøkje Syria som tiåring.

– Ei heilt fantastisk oppleving til ein utruleg venleg og fredeleg plass. Det er ikkje lenge sidan, og likevel har det gått så forferdeleg gale. Slik han opplevde det å koma til Syria, slik må flyktningane få kjenne det når dei kjem hit, meiner han.

– Er du politisk engasjert?

– Ja, privat er eg det. Og no ser me kor viktig det er at me engasjerer oss endå meir.

At han hamna på Ål ser han som heilt naturleg. Han og sambuaren er ferske i musikaryrket, og ville bu ein plass det er praktisk å koma til og frå. Det kunne blitt Jølster, men Apneseth set pris på strukturen i kulturen i Ål.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var eit enkelt val, og det er ein fin plass å bu. No har dei også kjøpt seg eit gamalt småbruk, som blir deira livsprosjekt.

– Litt galskap for nokon som stort sett er på farten?

– Kanskje litt, men me lever etter innfallsmetoden.

Det var mykje å gjera før dei kom i hus, med vatn, kloakk, straum, kjøken og bad, men no er det heilt fint. Innvendig iallfall. Her kan han finne ro. For å slappe av er han avhengig av å føle seg fristilt.

– Nett no trengde eg verkeleg eit par dagar. Det beste ville vera å reise til fjells, stenge ute alt, lesa, gå turar, gjera enkle ting. Draumen er å få tid til å fiske meir. Då klarar han verkeleg å kople ut og ikkje tenkje på andre ting på fleire timar.

Og no som han faktisk har reist til fjells, vil han klare å kople av og gløyme ei viss direktesending frå Oslo?

– Eg har ingen forvetningar til Spellemann, men ein veit jo aldri. Blir det pris, er det bonus.

Felespelar og komponist. Nominert til Spellemannprisen i Open klasse for plata «Det Andre Rommet», saman med Erlend Apneseth Trio.

FEM KJAPPE

Sist lesne bok?

Bøker som gjorde inntrykk i haust var Linn Ullmanns «De urolige» og «Havboka» av Morten A. Strøksnes.

FAVORITTPROGRAM PÅ TV?

Me har ikkje tv, så det blir lite av det. Det hender eg ser på tv når eg er ute og reiser, men eg har ingen favorittserie eller film.

I cd-spelaren?

Plateselskapet mitt Hubro har mykje spennande, og eg prøver å følgje med på det som kjem. Det blir gjeve ut utruleg mykje bra musikk i løpet av eit år.

Favorittmat?

Eg er glad i å lage mat. Sidan det nettopp har vore jul svarar eg ribbe av lam.

Perle i hallingdal?

Plassen eg bur på; Jørundgard. Elles kan eg skrive under på at det er mange fine fiskevatn i Ål, og eg ser fram til å bli endå meir kjent her.