Hallingdolen

Reportasje

Mektige Myanmar - sjå dei fantastiske bileta

Mektige Myanmar - sjå dei fantastiske bileta

Pål Sundsøy frå Gol har besøkt over 75 av verdas land. Myanmar i Sør-Aust Asia er blant favorittane.

Se dette bildet i full størrelse
Pål Sundsøy - På stranda Ein gammal fiskar på morgontur ved Ngapali.

På stranda: Ein gammal fiskar på morgontur ved Ngapali.Foto: Pål Sundsøy

– Å REISE I MYANMAR er ei reise i tid. Eg har vore der fleire gonger, og det er ein veldig spesiell atmosfære. Første gangen var det ingen turistar der, og ingen mobildekning eller minibankar, fortel Pål Sundsøy.

I fleire år jobba han i dei internasjonale operasjonane til Telenor. Han reiste verda rundt. Då selskapet etablerte seg i Myanmar, fekk han også i oppdrag å ta bilete.

– Det er rart å sjå forandringa som skjer. No er det heilt vanleg med munkar som surfar på smarttelefonar.

P. Helmersen - Tett på - Språket et utfordringa. Det løyser seg gjerne med at ein lærer seg å seie «hei» og «ha det» på det lokale språket, fortel Sundsøy.

Tett på: - Språket et utfordringa. Det løyser seg gjerne med at ein lærer seg å seie «hei» og «ha det» på det lokale språket, fortel Sundsøy.Foto: P. Helmersen

SUNDSØY HADDE EIN kreativ oppvekst på Øygardane i Gol. Han spelte gitar i fleire lokale rockeband og brukte mykje tid på videoredigering. Han kjøpte sitt første digitalkamera då han var utvekslingsstudent i Sydney i Australia.

– Eg kombinerte studiane med ein tur verda rundt saman med nokre vener, fortel han.

Pål Sundsøy - Magadrag Denne mannen tok seg nokre drag i eit skur ved kanten av Mont Popa som ligg midt i landet. Det blir stadig fleire eldre i Myanmar, men ingen veit kor mange dei er. Familiane tek hand om dei fleste, etter buddhistisk tradisjon.

Magadrag: Denne mannen tok seg nokre drag i eit skur ved kanten av Mont Popa som ligg midt i landet. Det blir stadig fleire eldre i Myanmar, men ingen veit kor mange dei er. Familiane tek hand om dei fleste, etter buddhistisk tradisjon.Foto: Pål Sundsøy

Golingen er utdanna sivilingeniør innan fysikk og har ein doktorgrad i datavitskap. I dag jobbar han for Norges Bank i Oljefondet. Basert på store mengder data utviklar han strategiar for investeringar. Interessa for foto er eit pusterom i kvardagen.

– Det er nok sunt å ha hobbyar som står i kontrast til jobben. Eg er nysgjerrig som person, og synest det er viktig å bruke tid på opplevingar framfor materielle gode, seier han.

Dei mange reisene har gitt Pål Sundsøy auka kunnskap og meir respekt for ulike kulturar.

Pål Sundsøy - Tradisjon Thanaka er ein gul krem som mange brukar mot kraftig sol. Kremen som er laga av bark blir også brukt reint kosmetisk.

Tradisjon: Thanaka er ein gul krem som mange brukar mot kraftig sol. Kremen som er laga av bark blir også brukt reint kosmetisk.Foto: Pål Sundsøy

– Sjølv i dei verste slumområda i Bangladesh finst det mange interessante folk. Dei er likare deg og meg enn ein skulle tru.

Møta med menneske verda over har fått fotografen til å reflektere over kor bra me har det i Norge.

– Me har uendeleg med mogelegheiter, som me nærmast tar for gitt. Slik er det ikkje for dei fleste menneske i verda, seier han.

Pål Sundsøy - På bygda På landsbygda bur tre fjerdedelar av befolkninga i enkle kår. Dette biletet er frå ein liten landsby mellom Yangon og Bago. Familiane her hadde éin mobiltelefon. Den brukte borna til å spele på. Sim-kort var for dyrt.

På bygda: På landsbygda bur tre fjerdedelar av befolkninga i enkle kår. Dette biletet er frå ein liten landsby mellom Yangon og Bago. Familiane her hadde éin mobiltelefon. Den brukte borna til å spele på. Sim-kort var for dyrt.Foto: Pål Sundsøy

I MYANMAR ER FOLK svært gjestfrie og nysgjerrige. Også naturen er av ypparste klasse.

– Alle er smilande og blide. Utfordringa på landsbygda er språket. Det løyser seg gjerne med litt sjarm, og at ein lærer seg å seie «hei» og «ha det» på det lokale språket, fortel Sundsøy.

Pål Sundsøy - Jordbruk Bøndene lever omtrent som sine forfedrar. Oksane pløyer med heimelaga plog.

Jordbruk: Bøndene lever omtrent som sine forfedrar. Oksane pløyer med heimelaga plog.Foto: Pål Sundsøy

Spesielt anbefaler han å dra til tempelbyen Bagan, og kome seg utanfor «turistmotorvegen». Det finst også kritkvite strender utan turistar, for dei som likar slikt.

– Diverre har konflikten og forfølginga av Rohingya-folket i nordvest bidrege til å overskygge alt det positive med Myanmar, seier han.

Pål Sundsøy - Strand Myanmar har ei kystlinje på ca. 200 mil. Dette fotografiet er tatt rett etter ein regnskur ved Ngapali.

Strand: Myanmar har ei kystlinje på ca. 200 mil. Dette fotografiet er tatt rett etter ein regnskur ved Ngapali.Foto: Pål Sundsøy

SUNDSØY SER SEG gjerne ut interessante fotomotiv på førehand. Han får tips ved å snakke med dei lokale.

– Eg nyttar som oftast naturleg lys og står opp grytidleg for å vere på plass til soloppgang, forklarar han.

Pål Sundsøy - Levd liv Eg prøver å fange realismen med skarpe bilete av folk som har levd eit hardt liv, der til dømes alle rynkar kjem fram, ikkje typisk idyllisk turistfotografering.

Levd liv: Eg prøver å fange realismen med skarpe bilete av folk som har levd eit hardt liv, der til dømes alle rynkar kjem fram, ikkje typisk idyllisk turistfotografering.Foto: Pål Sundsøy

Det er sjeldan han set bilete i scene. Han prøver heller å fange det som hender der og då. Stort sett har han med seg ganske enkelt utstyr, eit kamerahus og eit par gode objektiv.

– Eg likar spesielt å ta portrett av menneske som har levd eit hardt liv. Gjennom bileta får folk heime høve til å møte desse menneska – andlet til andlet.

På dei neste sidene viser me eit utval av Pål Sundsøy sine bilete frå Myanmar. Han fortel sjølv om bileta.

Pål Sundsøy - Fiske Gamle fiskebåtar er eit vanleg syn i Ngapali-regionen. Fiskarane nyttar seg framleis av tradisjonelle fisketeknikkar.

Fiske: Gamle fiskebåtar er eit vanleg syn i Ngapali-regionen. Fiskarane nyttar seg framleis av tradisjonelle fisketeknikkar.Foto: Pål Sundsøy

Pål Sundsøy - Tempel Thatbyinnyu er eit av de større templa i Bagan. Det er eit spesielt syn om natta.

Tempel: Thatbyinnyu er eit av de større templa i Bagan. Det er eit spesielt syn om natta.Foto: Pål Sundsøy

Pål Sundsøy - Munk Gutar mellom 7 og 13 år skal hjelpe til i eit buddhistkloster ein periode. Nokre held fram som munk, og det betyr gratis utdanning.

Munk: Gutar mellom 7 og 13 år skal hjelpe til i eit buddhistkloster ein periode. Nokre held fram som munk, og det betyr gratis utdanning.Foto: Pål Sundsøy

Pål Sundsøy - Primærnæring Jordbruk og dyrehald er hovudindustrien, og sysselset om lag 65 prosent av arbeidsstyrken. Gjetaren ber ein sliten killing som har fått for mykje trim.

Primærnæring: Jordbruk og dyrehald er hovudindustrien, og sysselset om lag 65 prosent av arbeidsstyrken. Gjetaren ber ein sliten killing som har fått for mykje trim.Foto: Pål Sundsøy

Pål Sundsøy - Religion I Bagan finst den største konsentrasjonen av buddhisttempel og pagodar i verda. Mange av bileta mine har eg frå denne regionen, fortel Sundsøy.

Religion: I Bagan finst den største konsentrasjonen av buddhisttempel og pagodar i verda. Mange av bileta mine har eg frå denne regionen, fortel Sundsøy.Foto: Pål Sundsøy

Pål Sundsøy - Teak U Bein brua i Mandalay (1850) er den lengste teak-brua i verda. Den er ei viktig kommunikasjonsåre mellom landsbyane.

Teak: U Bein brua i Mandalay (1850) er den lengste teak-brua i verda. Den er ei viktig kommunikasjonsåre mellom landsbyane.Foto: Pål Sundsøy

P. Helmersen - Tett på folk Pål Sundsøy i felt.

Tett på folk: Pål Sundsøy i felt.Foto: P. Helmersen