Trond Kristiansen.
Trond Kristiansen.

Kurert

To gonger har Trond Kristiansen flytta både til og frå Uvdal. Med platedebut er håpet å kome seg ut på vegen igjen, denne gongen for å bli der.

Ein kurér er ein bodbringar. På 1950-talet gav norskproduserte Radionette Kurér-namnet til ein reiseradio – i ordets rette forstand. Det var lyd ein kunne ta med seg. I tillegg til å vere eit kulturprogram på NRK P2, og eit bokforlag, er det i dag dessutan eit band. Med ein slags hovudbase på Vikersund, av alle stader.

På grunn av gitarist Sture Moslåttens lemfeldige bruk av ein passar må Hallingdølen heilt til Modum for å treffe Kurér-vokalist Trond Kristiansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er jo faktisk di skuld, seier han med adresse til band-kompisen som sit ved same bord.

Me må starte litt før. Kring 1980 flytta familien Kristiansen ut av Drammen og til Uvdal. Til det Trond kallar ein trygg og god oppvekst i Iminggrenda. Det var få naboar. Faren var sveisar og dreiv lenge sin eigen mekaniske verkstad heime i kjellaren. Mora var hjelpepleiar.

Truleg var det fars og bestefars tralling og synging som først fekk han inn på musikksporet. Det var song ved kjøkenbordet og til arbeid. Kristiansen-karane tralla så mykje at folk kommenterte det.

Trond Kristiansen.
Trond Kristiansen.

– Dei trudde det var ein radio som stod på, men det var gjerne berre bestefar.

Men noko særleg rockemiljø å snakke om var det verre med. Først i ungdomsskulealder dukka det opp eit menneske med skapartrong ut over det som eksisterte i Uvdal. Det materialiserte seg i Ten Sing.

– Det var det heilt store. På det meste trur eg det var 90 medlemmer, og det er ganske mange for ei bygd med berre eit par tusen. Me spelte faktisk inn plate, og eg song solo. Eg trur eg arva repertoaret til broderen.

Storebroren Even si fortid i New Drifters og Painmakers kan også ha gjort veslebroren til ein Kurér.

Med Ten Sing-solo slår marknadsføringskampanjen til Kurér sprekkjer. Det er i alle fall litt tvilsamt å kalle «Varsel & Pryd» for Kristiansens debut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som om ikkje Ten Sing-debuten var nok, var han tidleg ute med «live-streaming». Alt i 1994.

– Me kalla oss Defenders, fordi me spelte på Fender-gitarar. Me hadde starta band på si, og øvde i gymsalen bak høgtalarane. Så viste det seg at speakeranlegget også stod på og heile bygda fekk høyre oss øve. Det heiter kanskje kringkasting, seier Trond med eit smil.

Det høyrdest neppe over fjellet mot Hallingdal, men på andre sida hadde Sture spelt i Einsame kyr på Doktor’n, og Hot Club de Liatun under både Hallingdalsmeisterskap i Rock og Alpelua på Gol, og Qvisten på Nes. Der hadde også Nils T. Olsen ei fortid frå Bluestilsynet. I dag er han bassist i Kurér.

– Me var alltid litt misunnelege på hallingane for det dei hadde fått til. Det heng kanskje saman med jernbanen, seier han og rippar opp i eit gamalt sår i Numedal. Hadde Bergensbanen hamna i Numedal, og ikkje i Hallingdal, ville nok utviklinga i dei to dalføra vore noko annleis.

Men ikkje noko av dette forklarar korleis Sture og Trond møttest. Paradoksalt nok var det korkje Stevie Ray Vaughan, ZZ Top eller Lynyrd Skynyrd som førte dei saman. Det var Kongsberg Jazzfestival. Rett nok «Bakern’s jazzfrie sone».

- Me møttest kvelden før, over nokre øl. Rørte ingen gitarar. Dagen etter hadde me ei settliste på 25–30 låtar. Det sa umiddelbart klikk, fortel Trond.

Uvdølen slutta å vera uvdøl første gong då han måtte ut av dalføret for å studere musikk, men så gjorde han heilomvending.

– Min escape vart musikklina i Drammen då eg var 17. Men eg kom tilbake etter år med utsett sivilteneste. Etterpå prøvde eg å skape min eigen arbeidsplass. Eg starta datafirma, men det var ikkje lett.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er han seniorkonsulent i IT-selskapet Dulram i Drammen. Det er ikkje rock’n’roll-oppskrifta heilt ut, men det eit levebrød. Sjølv om det i rocken er andre IT-faktorar som gjeld.

Saman med ein fjerde Kurér, Geir Steen frå Drammen, har dei halde i hop sidan 2001. I mange år som coverbandet Band Logic, men i 2013 stod dei ved eit vegskilje. Det var pengane eller livet.

Å spele hit etter hit, på fleire titals jobbar i året, kan vere bra for økonomien, men ikkje for kunstnarsjela. Omvendt er det å prøve å få innpass med eige materiale ikkje alltid enkel business. Det vil vise seg no.

For å få debutskiva på plass leigde dei seg inn på eit nedlagt hotell øvst i Uvdal.

– Det var litt «The Shining» og Steven King over det heile. Eit kaldt, nedlagt hotell, men det var også magisk. Det sat frå første akkord, minnest Trond.

Stures største bragd er 40.000 på Vågen i Bergen. Trond kan skilte med å ha varma opp for Steinar Albrigtsen.

– Eg var så ung at eg ikkje hadde lov å vere i lokalet. Eg sat på bakrommet og drakk cola med bassisten.

Moslåtten, som med bergensjobben overgjekk Hellbillies og dermed sette publikumsrekord i Moslåtten-familien, er ikkje så lett å imponere.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alt blir målt opp mot Vågen. Når me andre seier at «I kveld var det bra trykk» så kjem Sture og seier «Nei», seier Trond og mimar litt hovmodig.

Men kva har alt dette med ein passar å gjere? Vel, Moslåtten, som er både lysteknikkar og musikar sette passarspissen i Oslo og la inn ein times reiseveg. Vips hadde han eit småbruk på Vikersund.

– Moslåtten gjekk for plassering, skyt han inn og omtalar seg sjølv i tredjeperson. Fordi det er travelt å få ny vener når ein brukar fritida på å spele, flytta Trond og sambuaren snart etter.

– Me hadde 60 spelejobbar i året, med Vikersund som utgangspunkt, fortel han. Og har ikkje angra.

– Med ungar er de vel tapt for Uvdal for alltid?

– Det er jo slik mange stadar. Ein sender ungdomane ut. Eg hadde lenge lyst å kome heim igjen, men ein må ha noko å drive med, seier Trond.

Kva gjeld tilflytting frå denne gjengen er vel det beste både hallingar og uvdøler kan håpe på at nokon legg inn bestillingar på Kurér. Det kan neppe kurere alt, men det kan kanskje skape litt liv på lokalet.

FEM KJAPPE

Sist lesne bok?

Eg er ein lesehest om sommaren. Siste var «The Hitchiker’s Guide to the Galaxy», av Douglas Adams.

FAVORITTPROGRAM PÅ TV?

– Eg har ikkje TV-kanalar, men ser Sherlock-serien på BBC via Netflix.

I cd-spelaren?

– Er eg ikkje programforplikta til å svare Kurér?

Favorittmat?

– Heimelaga mat, utan namn. Det har dessutan gitt lite kresne barn.

Perle i hallingdal?

– Øvre Uvdal er best.