annonse

Kodeord: Sanoj

Bakarste rad frå høgre
Bakarste rad frå høgre: Sindre Gundersen Plassen, Benjamin Husby, Halvar Lien. Midterste rekke frå høyre: Malin Moen Magnetun, Ingrid Kristine Eikre, Milla Sofie Pettersen Henriksson, Rage Pål Näslund Rørby, Maja Owesen, Elvira Gomez Snerte. Fremste rekke frå høyre: Alfons Sjögren, Kari Løken, Sigrid Rivedal Hjelmen, Norah Løkken.
Dette har skjedd

Femte kapittel skrive av 7.-trinn ved Hemsedal barne- og ungdomsskule

No var me øvst i trappa. Jonas pressa ned klinka, men døra gav ikkje etter. «Fort, følg etter meg!», sa Samira. Ho sprang ned igjen og smatt inn under trappa. Akkurat i det Jonas forsvann inn bak trappa såg dei far til Samira komme fram frå tunnelen. Hadde han følgt etter dei? Han såg seg rundt og tok fram ein liten nøkkel frå lomma. Dei kunne sjå eit glimt av nøkkelen. Dei tenkte det same. Dei måtte få tak i ein nøkkel. Far til Samira hadde lange bein og tok trappa i tre steg, han forsvann opp i huset.

Då døra lukka seg, ser dei bilete som heng på veggen under trappa. Dama på bilete likna Samira på ein prikk, ho har dei same svarte krøllene og dei gyllenbrune auga som Samira.

«Kven er det?» spurde Jonas med kviskrestemme.

«Ehe … eg veit ikkje heilt» svarte Samira tilbake, med undrande stemme. Samira lausnar bilete frå veggen, for å sjå nærmare på bilete. Då oppdaga dei plutseleg at det hang ein nøkkel på den rustne spikaren, som bilete hadde hengt på.

Nøkkelen må vere til den låste døra inn til stinkerommet.

«Tenker du det same som meg?» spurde Jonas.

«Vi må gå tilbake og prøve nøkkelen», svara Samira.

Dei gjekk tilbake til den låste døra. Hjarte deira dunka fortare enn nokon gong. Samira tok handa til Jonas. Då kjende han ein varm straum av lykke gjennom kroppen. Jonas hadde aldri kjent på ei slik kjensle før. Tankane virvla rundt i hovudet hans. Han tenkte på dei raudlege leppene hennar. I eit lite augeblikk vart Jonas ukonsentrert, men han skjerpa seg då Samira klemde hardare rundt handa hans. «Jonas!» sa Samira bestemt, medan ho heva augebryna sine.

Jonas tok nøkkelen fram frå baklomma på den slitte jeansen sin. Då han vrei om låsen, kom det eit lite klikk. Dei opna forsiktig den rustne gamle døra. Stanken slo mot dei. Lukta var ubestemmeleg og veldig stram. Då dei kom inn i rommet, kjem dei aldri til å gløyme synet. På eit bilete var den same dama som på biletet under trappa. Forskjellen her, var at dama ikkje stod aleine. Det var tre andre på der også. Dei tre andre var foreldra til Jonas og far til Samira.

«Eg trur eg veit kven dama på biletet er» sa Jonas.

«Kven då?» spurde Samira.

«Det må vera mor di».

«Men ho døydde i ei trafikkulykke då eg var eit halvt år». Sasmira mumla og fekk tårer i auga.

Dei gjekk vidare inn i rommet, det var teikningar og bilete på alle veggane. Men der, inst i rommet sto ein stor gyllen maskin med ei lita dør. Midt på maskina sto det: «TIDSMASKIN».

Samira gjekk langsamt bort til døra til maskina. På høgre side, var det eit vindauge. Samira kikka inn, ho måtte sta på tå for å rekke opp til vindauga.

«Kva er det der inne?»

«Det er eit rundt rom med heilt kvite vegger. Det er ikkje så mykje meir enn det ... VENT! Det er ein lapp på golvet», ropar Samira. «Skal me gå inn og sjekke?»

Jonas er ivrig. Han tek tak i døra og den er tung å opne. Han klarar det etter nokon harde drag. Jonas og Samira går langsamt inn. Samira plukkar opp lappen og byrjar å lese:

Kjære Niklas, eg sit fast i tida!

Dei einaste som kan klare å redde meg er sanoj og arimas. HJELP!

Rebeca L

«Eg trur det er mor mi», seier Samira skjelvande idet døra bak dei smekker igjen og maskina byrjar og riste.