Knokkelnørd

Marianne Krüger skulle berre til Geilo for å jobbe eit par månader. Det har vorte 34 år.

I dag er ho kjend som kiropraktoren folk dreg til når dei har kink i ryggen, nakke- og hovudsmerter eller andre plager dei håpar ho kan fikse.

I 2016 hadde ho drive praksis på Geilo i 25 år. Ikkje få har fått hjelp av hendene hennar. Berre sidan 2006, då ho starta med å legge alle pasientane inn i datasystemet, har ho hatt over 2500. I tillegg kjem alle frå 1991 til 2006.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Desse har knekt mange ryggar, seier Marianne Krüger og viser fram hendene sine.

Dei er hennar viktigaste arbeidsreiskap. For kiropraktorane arbeider berre med hendene. Så stammar då også kiropraktikk frå dei greske orda «cheir» som betyr hand og «praktike» som betyr å gjere eller å uføre.

– Du må like menneske i denne jobben?

– Ja. Og det gir meg mykje når eg kan hjelpe folk.

Marianne Krüger er ein av fleire dyktige fagfolk på Geilo.

Hit kjem dei frå heile Hallingdal for å få behandling. Krüger kallar arbeidet eit privilegium.

– Folk kjem veldig tett på når dei ligg på benken. Eg får relasjonar til menneske og det gjer jobben givande. Og her er alle like viktige. Bestemor på 80 er like viktig som idrettsutøvaren på NTG. Folk som kjem hit er ulike. Det er artig. Kvar person er unik.

Dessutan er ho levande oppteken av faget ho driv. Musklar, knoklar, skjelett. Ho er stadig på jakt etter ny kunnskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er ein knokkelnørd. Samanhengen i kroppen mellom knoklar, ledd, nervesystem. Ligg eg på stranda, ser eg på skeive ryggar eller folk som dreg litt på skuldrene. Me kunne prata lenge om dette, ler ho.

Med eit tusental pasientar på benken gjennom 25 år, har det vorte ein del ansikt. Ho hugsar på langt nær alle. Diagnosen deira, derimot.

– Ansikta hugsar eg kanskje ikkje, men eg hugsar kva dei er behandla for. Eg møtte ein kar på Dr. Holms ein gong som kjende meg att som kiropraktoren. Eg kjende ikkje att han, men eg hugsa kva han var behandla for. Så eg sa: Eg hugsar deg ikkje med klede på. Hehe.

Det var i 1983 ho kom til Geilo første gong.

13. februar gjekk ho av nattoget på Geilo stasjon. 19-åringen frå Holstebro på Vest-Jylland, med femteplass som beste plassering i det danske meisterskapet i svømming, reiste til Norge for å arbeide. Slik har det vore i bygda heilt sidan reiselivet vart ein berande næringsveg. Unge frå særleg Danmark og Sverige har i mange år kome til turistplassar med mål om å arbeide hardt i ein avgrensa periode, tene pengar og så reise derifrå. Marianne passa perfekt inn i denne historia då ho fekk jobb på Highland Hotell.

– Eg skulle berre slå i hel eit par månader og tene nokre kroner i kassa. Då vart eg kjend med fem jenter. Me jobba saman og hadde det artig. Det var mykje girlpower. Det er herlege minne. Det var mykje action, minnest ho.

Og som det så merkeleg gjekk til, hamna til slutt alle saman på Geilo. For dei unge jentene tok historia ei uventa vending. Sesongarbeidarane som berre kom for å jobbe ei kort stund vart verande.

– I dag gjer me alle ulike ting. Me har følgd kvarandre frå me var unge, drøymande jyplingar. Det må vere lagnad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lagnad kallar ho det som skjedde ein vinterdag i 1984 også. For den dagen forandra livet. Ein svenske ved namn Anders Svensson dukka opp i skibakken. I januar 1981 kom han til Geilo fyrste gong. Siviløkonomen hadde fått ei skihelg i gåve, men vart verande til mai. Neste sesong kom han attende og arbeidde som skilærar og barkeeper. Marianne hadde vel sett han i gangane på Highland denne hausten då han plutseleg dukka opp i skibakken marsdagen i 1984.

– Eg tok nokre svingar så han skulle sjå på meg. Eg måtte vise meg litt. Så enda det med at eg køyrde på han, eg køyrde han ned. Eg brukar å si at han fall pladask for meg. I starten fatta eg ikkje «eit pip» av kva han sa. Og ein må vel si at det har vorte ein veldig lang skiferie på han.

For dei forlèt aldri Geilo, svensken og dansken som møttest på ski.

Dei vart verande. Det vil si. Marianne reiste til Stockholm for å studere kiropraktikk. Det hadde vore eit mål lenge. I fleire år pendla ho til Geilo der Anders budde. Då ho var ferdig med utdanninga i 1991, etablerte dei seg på Geilo. Dei vurderte å flytte, både til Sverige og Danmark. Men så kom to gutar som i dag er 23 og 25 år.

– Me tenkte: Kvifor skal me flytte? Me har det jo så bra her.

Så dei vart verande. Miljøet med naturen og menneska var avgjerande. I år har ho hatt tilknyting til Geilo i 34 år.

– Me trivst så godt. Heile området er ei perle. Det er jo difor me bur her. Her er det trygt og godt å vekse opp, med idrettsmiljø og frisk luft. Det er mykje bra folk her, og då får ein det bra som menneske også. Og me valde sjølv å flytte hit. Den fridomskjensla er god. Me har våre jobbar, men det kjennest nesten som me er litt på skiferie framleis.

– Du køyrer framleis mykje på ski også?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, i bakken er eg ganske bra. Men i langrenn er eg danske på ski.

Til dagleg driv Marianne Krüger Aktiv Helse saman med tre andre damer.

Selskapet vart starta i 2005, og her er det både fysioterapeut, naprapat og kiropraktor.

– Me trivst godt saman, seier ho og rosar arbeidsmiljøet.

Men sjølv om firmaet går bra med fulle avtalebøker, kviler ikkje Marianne Krüger. Ho har teke etterutdanning, diplomen kom i posten for ikkje lenge sidan. Ho kallar seg ikkje knokkelnørd utan grunn.

– Eg er ikkje ferdig utdanna. Eg har alltid meir å lære. Eg fann ut for ikkje lenge sidan at eg har autorisasjon som kiropraktor til eg er 75 år. Då vart eg letta. For det er heile tida noko ein kan bli betre på.

– Så det kan hende du arbeider 25 år til?

– Det kan vere. Viss helsa held, har eg planar om det.

Artikkelen held fram under annonsen.

For som ho seier:

– Eg elskar å jobbe. Men eg er også god til å ta fri. Eg tok åtte vekers sommarferie, for ein må nyte livet og ta ein pust i bakken. Eg har så mange stressa folk på benken her at eg ser det er viktig med balanse i kvardagen.

Sist lesne bok?

Hundreåringen som klatret ut gjennom vinduet og forsvant av Jonas Jonasson.

Favorittmusikk?

Rock og blues. Utan tvil. Favorittartisten er Beth Hart. Eg er skikkeleg fan.

Favorittprogram på TV?

Eg ser ikkje så mykje TV, men eg likar musikkprogram godt.

Favorittmat?

Mat som mannen min har laga. Han skjemmer meg bort. Han skulle vore kokk.

Perle i Hallingdal?

Heile området er eigentleg ei perle. Det er difor me bur her. Kikuttoppen med utsikta der er flott.