Svalbard Hotell som Bård Heio og Tollef Svenkerud bygde opp i Longyearbyen.
Svalbard Hotell som Bård Heio og Tollef Svenkerud bygde opp i Longyearbyen.

Kalde kystar: Det er Svalbard som gjeld

To hallingar driv stort på Svalbard – av alle stader. – Me har trua på det me gjer i Longyearbyen, seier Bård Heio.

Heio og kompisen Tollef Svenkerud frå Nesbyen begynte i det små oppe i Arktis i 1994.

– Sidan den gongen har me investert omkring 150 millionar og verksemdene me driv har til saman eitt hundre tilsette, seier Heio.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me treffer han på kontoret i Nesbyen der skrivebordet er klemt mellom ein strøken Mercedes 73-modell, fleire snøscooterar og ein haug med bildekk.

– Eg dreg forresten opp ein tur ein morgon. Eg er der åtte til ti gonger i året, smiler han.

Han driv framleis og sel bilar, men det er ikkje hovudnæringa. Nei, det er Longyearbyen som gjeld.

Bård Heio og Tollef Svenkerud begynte i det små, med sal og utleige av snøscooterar. No driv dei stort i Longyearbyen. Scooterane er parkert framfor hotellet som vart bygd i 2016.
Bård Heio og Tollef Svenkerud begynte i det små, med sal og utleige av snøscooterar. No driv dei stort i Longyearbyen. Scooterane er parkert framfor hotellet som vart bygd i 2016.
Denne strøkne Mercedesen har Bård Heio på kontoret i Nesbyen. Men det blir bilsal no. Det er Svalbard som gjeld.
Denne strøkne Mercedesen har Bård Heio på kontoret i Nesbyen. Men det blir bilsal no. Det er Svalbard som gjeld.
Det er ikkje mange som har snøscooterar og eit par bilar på kontoret. Men det har Bård Heio.
Det er ikkje mange som har snøscooterar og eit par bilar på kontoret. Men det har Bård Heio.
Frå kontoret i Nesbyen held han heile tida augo med verksemda på Svalbard.
Frå kontoret i Nesbyen held han heile tida augo med verksemda på Svalbard.
På kontoret i Nesbyen har Bård Heio ein strøken Mercedes        ved pulten. Men tankane er heile tida på verksemda på Svalbard.
På kontoret i Nesbyen har Bård Heio ein strøken Mercedes ved pulten. Men tankane er heile tida på verksemda på Svalbard.
Bård Heio har låst døra til kontoret i bilforretninga i Nesbyen. No er det Longyearbyen neste.
Bård Heio har låst døra til kontoret i bilforretninga i Nesbyen. No er det Longyearbyen neste.
Dette databiletet viser korleis eit standardrom i det nye hotellet som blir opna i februar neste år blir sjåande ut. Stilige saker.
Dette databiletet viser korleis eit standardrom i det nye hotellet som blir opna i februar neste år blir sjåande ut. Stilige saker.

– Eg ser på meg sjølv som næringsdrivande på Svalbard, seier Heio.

– Kva dreier det seg om?

– Kort fortalt: Overnatting, restaurant og aktivitetar sommar som vinter.

HEIO KOM RETT FRÅ økonomiutdanning til Svalbard i 1994. Der jobba han i eit halvt år før han og Tollef Svenkerud fekk tilbod om å kjøpe ein snøscooterbutikk i Longyearbyen. Med seg i kofferten hadde han ein mastergrad frå USA. Litt eksotisk sjølvsagt å drive business på Svalbard, men karane sette i gang med sal og utleige av snøscooterar samtidig som dei dreiv ein sportsbutikk i det same bygget.

– Det var ikkje lett i starten. Det var ingen velkomstkomite som tok imot oss. Det var heller slik at nokon etablerte syntest det ikkje var nokon god ide å få ein konkurrent, seier Heio.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

DEI LEIGDE INN guidar og køyrde snøscootersafari. Då dei fekk «nei» til å leige eit lokale som dei ønskte, bygde dei like godt eit næringsbygg sjølve, med sportsbutikk og leilegheiter i andre etasje.

I 2001 bygde dei ny snøscooterbutikk for å få ein betre verkstad, og året etter flytta Heio ned igjen til Nesbyen. Svenkerud bur i Oslo og driv med bustadutvikling. Sidan den gongen er Nesbyen-Longyearbyen vorte ein slags pendlarveg for Bård Heio.

DEI TO SAMBYGDINGANE har gjennom selskapet Svalbard Adventure Group kasta seg på turisme. Det er ei vekstnæring i eit samfunn der gruveverksemda og kolet er i ferd med å bli fasta ut.

– Me bygde ti leilegheiter. Det gjekk bra då me etter kvart fann ut korleis me skulle drive, humrar Heio.

{{imageLeft}}

Neste steg var å bygge hotell. Den ideen kom etter at dei fekk spørsmål om dei ikkje hadde vanlege hotellrom også.

– Det var ei tøff satsing. Me hadde trua på prosjektet, og det same hadde bankforbindelsen vår, Sparebanken Nord Norge. Det var heilt avgjerande, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Resultatet vart at dei i 2011 kunne opne det første hotellet med 34 senger og ein prislapp på sytten millionar. I 2016 opna dei hotell nummer to til over 50 millionar med 70 senger med sysselmann og prest og heile det offentlege Svalbard til stades. I vinter blir hotell nummer tre opna. Heio er prosjektleiar.

– I Longyearbyen må alle leige tomt av staten. Me bygger på bygsla tomter, seier han.

HEIO OG SVENKERUD er ikkje aleine om satsinga no. I 2012/2013 fekk dei inn to investorar.

Dei eig 25 prosent kvar i Svalbard Adventure Group AS. Driftsselskapet hadde i fjor driftsinntekter på 86 millionar og eit driftsresultat på 1,4 millionar.

– Korleis blir satsinga dykkar teken i mot no?

– Dei som var etablert i Longyearbyen då me kom er ikkje der lenger. Me blir sett på som langsiktige. I reiselivet er det me som har drive lengst. I Longyearbyen er det under eitt tusen senger. I reiselivssamanheng er det ein lite marknad.

– Var det smart å satse i Longyearbyen?

– Absolutt. Det er veldig spennande, og me får mykje merksemd. Reiselivet er eit satsingsområde, men det kjem ikkje ei krone i offentlege midlar. Det einaste me har fått er ei dobbel branndør til det gamle og klassiske bygget «Huset» i Longyearbyen som me kjøpte og restaurerte, og no står fram det som det gjorde da det vart bygd i 1951. Restauranten i «Huset» er forresten kåra til ein av dei beste i landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

{{imageLeft}}

– Kva er problema med å vere næringsdrivande i Arktis?

– Det er litt tungvint. Utfordringa er frakt og logistikk. På den andre sida har me ikkje arbeidsgjevaravgift. Det er ein fordel.

– Ein spennande stad?

– Ja. Me har mykje med russarane å gjere. Me handlar i Barentsburg og køyrer guida turar dit. Det er storpolitikk på Svalbard, og det er ein veldig internasjonal stad. Det ser me på gjestelistene. Me har ingen exitplanar.

Det hender det blir tid til ein aldri så liten scootertur mellom slaga i Svalbardnaturen.

– Med børse sjølvsagt, seier Heio.

– Eg har treft på isbjørn, men eg var ikkje så nær at det var ubehageleg. Heldigvis. •