Ingen kritikk, takk!

Komande veke inviterer Kulturrådet til sin årlege konferanse, og i år er det vi kritikarar og arbeidet vårt som skal debatterast.

Eg er invitert til å gå i «duell» med krimforfattar Hanne Kristin Rohde. Den tidlegare politileiaren er svært misnøgd med kritikarane si meining om bøkene hennar. Ho skreiv i Aftenposten at det vi kritikarar driv med, blir som å erstatte både eit demokratisk utforma lovverk, politi og domstolane med ein tilfeldig utplukka og terningkastande sivilist.

Eg har sjølvsagt mykje godt å sei om litteraturkritikar-rolla eg i over 20 år har hatt, både i VG og for smalare utgjevnader som no i Prosa. Eg meiner at i ei bransje der forfattar og forlag brukar stadig meir ressursar på å kjøpe seg positive omtaler hjå både proffe bloggarar, kommersielt drivne lesesirklar og tilfeldige vener og kjenningar, er det særs viktig å ta vare på dei få kritikarane som får same løn uansett om dei likar ei bok eller ikkje. Då VG byrja å ta tene pengar på å knyte litteraturmeldingane opp til forlaget sine nettbutikkar, takka eg for meg. I mi verd som fagjournalist og kritikar kan ein ikkje nytte omgrepa «Inneholder linker til kommersielt innhold» og «Redaksjonelt uavhengig vurdering» i same andedrag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein kan også argumentere med at fagbasert kritikk er viktig forbrukarinformasjon til den som vurderer å kjøpe ei bok. Du lyttar jo heller til ein erfaren bilmekanikar når du skal handle bil, enn til frisøren som meiner du bør kjøpe bilen fordi den spesielle grønfargen står så godt til augo dine. Men ein kritikar skal jo ikkje vera berre forbrukarombod for lesaren, heller ikkje sensor eller rådgjevar for forfattaren. Han skal absolutt ikkje gå inn i rolla som torgkone for forlaget, eller som fyritalsmann for gode forfattarkollegaer.

Å få betalt for å meine – det er vel sjølve draumejobben for mange av oss. Sjølv vart eg både audmjuk og stolt då eg fekk tilbodet. Og redd. Eg kjende meg ikkje godt nok kvalifisert, sjølv om eg hadde lese minst 100 bøker årleg sidan eg var sju år, og sjølv skrive både sakprosa og romanar. Det er ikkje få gonger eg måtte lese meg opp på både to og tre bøker i tillegg til den eine eg fekk løn for å skrive om i VG – fordi eg vurderte at eg ikkje kjende eit forfattarskap eller tema godt nok.

Eg vedgår det no, eg var rett og slett redd for kritikarar. Då eg vart bestseljande «kioskdronning» i 1993, visste eg at dette neppe ville imponere kritikarar eg respekterte, mange forfattarkollegaer, norsklærar-vener og bibliotekarar. Slike som eg vart vanlegvis sabla ned eller håna som husmorpornografar i ein skitten sjanger, dersom bøkene i det heile fekk merksemd frå profesjonelle litteraturkritikarar. Fleire gonger fekk et slike stikk frå folk som ope vedgjekk at dei faktisk ikkje hadde lese bøkene mine, men kanskje ei bok eller to av Margit Sandemo. Difor vart det så viktig for meg at bøker skal lesast på sine eigne premissar. Eg etterlyste kritikarar som hadde fagkunnskap om seriesjangeren spesielt, og viste til at redaktørar ofte ikkje sender same kritikar til ei uroppføring ved Oslo-Filharmonien som til Wenche Myhres juleshow.

Når ein bestseljande forfattar opplever kritikk, kan også rusen frå lesarmerksemd og ein sprengfull bankkonto skape oppblåse mot og sjølvtillit. Ein bestseljande forfattar har kanskje meir enn alle andre forfattarar behov for seriøs ekstern kvalitetsvurdering, særleg fordi dei oftare får trumfa gjennom sin eigen vilje sjølv når fagsterke redaktørar har endringsframlegg.

Like ofte er det nok forlaget som let dei ture på – kanskje i redsle for at språkleg, litterær og dramaturgisk kvalitetsheving vil skremme bort lesarar som alt elskar eit konsept. Eg vil ikkje insinuere at noko av dette gjeld ho eg skal diskutere med, men eg har sett slikt skje ganske ofte på min seglas i den norske litterære andedammen.

Nei, min motduellant Rohde treng ikkje vera redd når me denne onsdagen skal barke saman. Rett nok har eg vore negativ til ei av hennar bøker, og innvendingane står eg framleis fast ved. Fagleg basert litteraturkritikk er viktigare enn nokon gong før, der er vi også dødeleg usamde. Men eg har ei trøyst å by henne og alle kritikarslakta forfattarar – eg kjem til å sitere eit godt uttrykk eg ikkje ein gong greier omsetje godt til nynorsk: «Når en bok treffer et hode, og en hul klang oppstår, er det ikke alltid boken det er noe galt med.

Fagleg basert litteraturkritikk er viktigare enn nokon gong før.