Hallingdolen

Reportasje

Hunden som snusar fare

Hunden som snusar fare

Med kaffi, snus og kollegaen i bur bakpå sekshjulingen, er Margit Kjennaas klar for dagens jobb.

VERKTØYKASSA TIL Margit er firbeint og av rasen malinois. Ein belgisk gjetarhund. Men det er ikkje sauer og kyr dei skal gjete. Nei, den firbeinte kollegaen brukar nasen til å snuse opp rotne lyktestolpar, eller meir spesifikt ròte i kreosot-behandla treverk.

 - Spesielt trena Hunden Caysie er eit heilt nødvendig verktøy for at Margit Kjernaas skal få gjort jobben sin.

Spesielt trena: Hunden Caysie er eit heilt nødvendig verktøy for at Margit Kjernaas skal få gjort jobben sin.

FRÅ CAMPINGVOGNA på Utne camping utanfor Sarpsborg legg 20-åringen frå Lykkja i Hemsedal ut på dagens jakt. Om lag 100 stolpar skal sjekkast.

– I Sarpsborg-området er det 11.000 stolpar som skal sjekkast. Så me har jobb ei stund, kan du si, smiler ho.

Sidan i fjor sommar har 20-åringen jobba for eit firma på Nesodden som utdannar såkalla ròte-ekvipasjar. Hundeførar og hund blir så leigd ut til for eksempel kraftselskap. Margit er ein av tre-fire hundeførarar som reiser rundt for avdekke rotne stolpar.

– I vinterhalvåret held me på så lenge det er lyst, smiler Margit. Ho legg dekken på hunden. Ròte-ekvipasjane jobbar over store område i landet, så campingvogna er kjærkomen når det er lang veg heim.

 - Ròte-teamet Margit Kjernaas frå Hemsedal og hunden Caysie ute på jobb. Biletet er frå Sarpsborg-distriktet.

Ròte-teamet: Margit Kjernaas frå Hemsedal og hunden Caysie ute på jobb. Biletet er frå Sarpsborg-distriktet.

VÊR OG VIND og forskjellig jordsmonn gjer at stolpar kan få rote i seg. For ikkje å gløyme hakkespettar. Hafslund Nett sjekkar stolpane kvart femte til åttande år. Selskapet gjekk over til å bruke hund for 13 år sidan, noko som har resultert i færre ulykker. Innsparinga blir stor. Rotne stolpar kan føre til ulykker og straumbrot som igjen kan koste mykje pengar. Dei kan falle over hus og vere farlege når montørane klatrar i dei.

Nokre stolpar kan tole å stå i titals av år. Andre må skiftast etter berre på eit par år. Det er dette ein aldri veit. Då er det kjekt å ha ein hundenase som avslører skjulte farar. Når hunden markerer på ein stolpe, borar Margit eit hol for å sjekke kor langt roten er komen.

– Eg borar ikkje på mistanke, berre på markering. Eg vil jo helst ikkje bore i friske stolpar. Men den er heilt rå, den hundenasen. Eg har til no ikkje bora feil.

 - Ròte-teamet Margit Kjernaas frå Hemsedal og hunden Caysie ute på jobb. Biletet er frå Sarpsborg-distriktet.

Ròte-teamet: Margit Kjernaas frå Hemsedal og hunden Caysie ute på jobb. Biletet er frå Sarpsborg-distriktet.

No er det på tide å køyre dit sekshjulingen er stalla opp. Me er inne i eit bustadområde i Skjeberg.

– Det hender det kjem folk og kjeftar meg huda full for å «lufte hunden i hagen deira», smiler ho. Men det er sikkert før dei registrerer nettbrettet hundeføraren har i ei spesialmappe festa framfor seg. Og ryggsekken med gps-peilaren på ryggen.

– Då trur dei eg er ute for å peile ulv. Men eg er berre ute for å jakte rote, smiler hemsedølen.

 - Kontroll Ein levande hundenase kontrollerer «helsetilstanden» opp til 100 stolpar om dagen.

Kontroll: Ein levande hundenase kontrollerer «helsetilstanden» opp til 100 stolpar om dagen.

ALLE STOLPAR HAR eit nummer. Og kvar einaste stolpe er merkt på eit gps-kart. Margit kryssar stolpane punkt for punkt ut etter kvart som dei er sjekka ut. Rotne stolpar blir markert på med kvitfarge.

Først grev Margit fram stolperota. Ho vil ikkje at hunden skal grave seg fram til lukta. Kreosot er farleg.

No hamrar Margit litt for å høyre etter om det er hol lyd. Så hentar ho hunden. Casey hoppar ut av buret og får beskjed om å sitje før ho bli sendt på søk. Dersom stolpen er roten, set ho seg ned og legg labben på stolpen.

Er det ikkje rote, går dei vidare til neste stolpe.

– Casey er heilt rå. Ho har både eit enormt instinkt og solid arbeidslyst. Ho gjer jobben utan å bli styrt så mykje. Me er saman heile tida og har det bra i lag. Ho er snar med å slenge ut ei hundeleike som påskjøning når Casey har sjekka stolpen.

 - Klar for søk Caysie hoppar lett ut av buret. No skal ho endeleg få jobbe.

Klar for søk: Caysie hoppar lett ut av buret. No skal ho endeleg få jobbe.

KLASSEROMMET VART aldri hennar arena.

– Eg har dysleksi og har alltid slite med skule. Det handla ikkje om interesse eller at eg ikkje gadd. Eg trong berre lenger tid på å skjøne ting, seier 20-åringen.

På fritida har ho alltid halde på med dyr. Ho har også drive westernriding. Rett etter ungdomsskulen kom ho seg til reining-trenarar i både USA og Tyskland.

– Mamma har alltid støtta meg i mine val. Ho har hatt trua på meg. Uansett. Ho har vore viktig for å få meg hit eg er i dag.

 - Grev først Kreosot er farleg, difor grev Margit Kjernaas vekk litt jord kring stolpen før ho set hunden i søk. Ho vil ikkje at hunden skal grave sjølv.

Grev først: Kreosot er farleg, difor grev Margit Kjernaas vekk litt jord kring stolpen før ho set hunden i søk. Ho vil ikkje at hunden skal grave sjølv.

Margit var innom helse- og oppvekst på vidaregåande skule, men både ho og lærarane fann kjapt ut at ho burde prøve noko anna.

– Eg følte meg teoretisk dum. Men eg høyrde om folk som jobba seg gradvis oppover og har det fint i dag. Eg tenkte at eg skal syne dei som ikkje har trua på meg, fortel ho.

Ho fekk seg kontorjobb i eit firma som selde russerekvisita. Etter kvart vart ho både seljar og salssjef.

– Eg som aldri hadde vore god i matte, skjøna godt korleis ein rekna moms. Ein slepp finne x-n i fakturaen, skrattler Margit.

Ho jobba også på ein barne- og ungdomsbustad for autistar.

– Eigentleg har eg fått alle jobbar eg har søkt på, sjølv utan vidaregåande utdanning, fortel ho. I sommar fekk ho høve å bli med ein venn av familien, Kjetil Guriby Huse, ut på jobb med rotehund. Han har jobba med dette i mange år. Margit elska det. Etter fire veker kom tilbod om jobb. I juli starta ho opp med eigen hund.

– Me tener relativt bra. Eg er jo hemsedøl, så var ikkje vond å be, ler ho.

Utan vidaregåande skule tenar no like mykje som ein advokat. Ho har heller ikkje masse studielån. Ho er derimot sjølvstendig næringsdrivande gjennom enkeltmannsføretak, og blir innleigd av firmaet som utdannar rotehund, Nesodden Dyreklinikk. Dyreklinikken eig hunden, sekshjulingen og firmabilen. Margit administrerer det heile.

– Eg er ute i naturen kvar dag. Dette er jobben for meg. Så får eg litt vind i håret også, ler ho og kastar på hovudet.

 - Nummer Alle stolpar har eige nummer.

Nummer: Alle stolpar har eige nummer.

MARGIT SMILER. – Det er berre meg sjølv, ein malinois og ein sekshjuling. Perfekt, seier ho.

Vinterstid er det ofte litt mindre å gjere, på grunn av snø og frost i bakken. Men siste halvåret har ho hatt Østfold som hovudbase. Marker, Rømskog, Halden og Sarpsborg.

– Her kan me jobbe ein god del året rundt, på grunn av mildare klima, fortel ho.

Ho trenar hunden ein del innimellom. Då legg ho ut «smaksprøver» av ròte treverk med kreosot. Hunden ikkje skal gløyme kva han leitar etter.

– Hunden finn biten med ein gong. Sjølv i djup snø, smiler Margit. Ho er imponert. Ingenting kan erstatte ròte-hundane. Mellom fire og seks prosent av stolpane dei sjekkar, er så dårlege at dei må bytast ut.

– Eg får betalt per stolpe eg sjekkar, fortel Margit og plottar inn på nettbrettet.

– Men det gjeld å ikkje bli «spelegal». Hunden må også kvile, fortel Margit og ber Casey hoppe inn i buret.

– Kaffi, snus og bikkje. Det er det eg treng. Så tek me gjerne lunsjen ute i skogen. Me kosar oss på jobb kvar einaste dag. Og hunden får brukt seg.

 - Plottar inn Stolpane er markert som punkt på eit gps-kart. Dei blir kryssa ut etter kvart som dei er sjekka.

Plottar inn: Stolpane er markert som punkt på eit gps-kart. Dei blir kryssa ut etter kvart som dei er sjekka.

– Er det einsamt?

– Nei. No er det berre herleg. Me styrer vår eigen kvardag, seier Margit.