Det å byggje opp lokalsamfunnet, 

er det som gjer prosjektet spennande.
Det å byggje opp lokalsamfunnet, er det som gjer prosjektet spennande.

Extra Lars

For 15 år sidan var han midt i det mest dramatiske skotdramaet i Hallingdal i fredstid. Lars Haugerud brukte 10 år på fly igjen.

Ein januardag i 2002 snudde opp ned på alt. Lars Haugerud var 19 og visste ingenting om kva som var i vente då kameraten plukka han opp. I løpet av nokre timar vart eit festleg lag forvandla til ei blodig slagmark.

Tre menneske var skotne og drepne då Lars fekk fire prosjektil frå ein AG-3 gjennom kroppen, alle fyrte av på kloss hold. Gjerningsmannen var kameraten, som til slutt også skaut seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

I to timar låg Lars på kjøkengolvet før han fekk profesjonell helsehjelp. Det er eit under at han overlevde.

– Det er lenge sidan, seier Lars, femten år etter. «Geilo-tragedien», som prega både lokalsamfunnet og nasjonale våpendebattar då krutrøyken hadde lagt seg, prega også den einaste overlevande.

– Eg tenkjer ikkje så mykje på det, men skoa avslører meg, seier han og kan vise til ein solid sole som kompenserer for ein fot som er vel sju centimeter kortare enn den andre. Etter at ammunisjonen hadde gått gjennom leggen var det likevel lufttrykket som gjorde mest skade.

Då Hallingdølen møtte han på Ullevål sjukehus eit par veker etter skotdramaet, var han både optimistisk og framtidsretta. Slik var det også eit halvår seinare, då me møtte han i rullestol på eit treningssenter i Son. Han gledde seg til å ta fatt på studiane.

– Men eg gjekk på ein smell. Å rulle nyoperert inn på BI vart tøft. Eg droppa ut. Eg var ikkje mentalt førebudd. Det tok vel ti år å kome heilt over det, seier han i dag.

I åra som følgde vart NAV ein følgesvein. Ein kan ikkje leve lenge på valdsoffererstatning, tenkte han. Ein må ha inntekt også, men om det var han som gav opp systemet eller systemet som gav opp han, er han ikkje sikker på. Det var mor som fekk han inn på rett spor.

– I ettertid ser eg at første skritt på veg tilbake var då mor sa ho måtte ha hjelp på kjøkenet heime på hotellet, fortel han.

Han vende heim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Haugen hotell var ei familiebedrift, men heller ikkje dette skulle vise seg å bli eit roseraudt kapittel. Med skiftande tider var ikkje driftsgrunnlaget for hotell i tradisjonell forstand like enkelt for foreldra til Lars, som det var for besteforeldra.

Midt i forsøket på ei ombygging til leilegheiter, kom finanskrisa. To generasjonars arbeid gjekk tapt. Familien hadde ingenting igjen. Som om ikkje det var nok kom døden på ny snikande. I løpet av kort tid vart begge foreldra kreftsjuke. I dag er det berre Lars og hans tre eldre systrer att.

Ein kamerat, som såg at det var behov for å ta i eit tak, fekk pusha Lars til å hoppe i fallskjerm. Også det vart eit vendepunkt.

– Han tvang meg, og sparka meg ut frå eit fly. Då lærte eg at det ikkje er det fysiske som set sperrer. Det er det psykiske.

Men tilfelle ville det slik at også kameraten fall frå. Arne Aarset døydde etter ei basehoppulykke sommaren 2011.

ingen flying start på vaksenlivet, akkurat. Men det er akkurat dette han skal jobbe med i 2017. Å gi andre ein god start.

Etter fleire år som rådgjevar i fleire lokalbankar skal han no leie eit nyetablert prosjekt med ambisjonar om å hjelpe i gang unge gründerar.

– Eg har erfaring med å snakke med folk med store draumar. Dei som sterkt nok vil og ønskjer noko, får det ofte til. Med pågangsmot og rett innstilling kan ein kome langt, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som fritidsleiar har han lenge vore engasjert i ungdom, særleg dei som sjeldan brukar organiserte aktivitetar, og som ofte kan trenge eit ekstra støttehjul. No vil han i tillegg hjelpe litt eldre ungdom, om enn på litt andre arenaer.

Prosjektet er sin slags totrinnsrakett. Nyetablerte bedrifter skal få starthjelp i form av arbeidskraft, i byte mot at unge gründerspirer får arbeidspraksis og opplæring. Målgruppa er dei som er ferdige med utdanning, som kanskje har tankar om å starte noko sjølv, fortrinnsvis i Hallingdal. «Springande byrjing» har dei kalla prosjektet. Det handlar om å få ein god start.

For Hallingdal er håpet å leggje til rette for heimflytting og vekst i lokale arbeidsplassar. Det er ein vond sirkel: utan tilflytting vil det ikkje bli fleire jobbar, men utan jobbar vil det heller ikkje blir fleire folk. Sirkelen må brytast.

Lars har brote sin eigen vonde sirkel i fleire omgangar, men han har kome tilbake – i dobbel forstand.

– Då eg starta i bank var det først berre for å få papir. CV-en var tynn og eg hadde lite erfaring. Men eg følte snart at jobben handla om å hjelpe folk. Det å få vere med å byggje opp lokalsamfunnet, er det som gjer prosjektet så spennande, seier han, no som 34-åring og far.

– Dersom dottera mi skal ha eit oppvekstmiljø, må me ha lokale arbeidsplassar. Det er fundamentet i samfunnet. Alt forsvinn utan arbeidsplassane, seier han.

Han er sjølv eit resultat av både heimflytting og tilflytting. Bestemora kom i si tid frå Torpo. Ho arbeidde på Haugen hotell då ho møtte bestefaren, som noko meir enn berre hotelldrivar. Mora tok seinare med seg heim «ein kar frå Kongsberg», som han seier. Sjølv trefte Lars på Marta frå Estland. Ho hadde funne arbeid i det lokale reiselivet. I dag er dei gifte.

– Det har vel alltid vore slik her, at nokon tek med seg nokon utanfrå. Om ein tenkjer reiseveg, er Estland ikkje fjernare enn Kongsberg var den gongen, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og nettopp reiseavstand er eit pre for Hallingdal, meiner Lars, som ikkje kan forstå kvifor folk vil bruke så mykje tid i kø.

– Kvifor pendle og stå og stampe i timesvis inn og ut av byen kvar dag når ein kan bruke tida til å gå ein skitur før jobb?

– Gjer du det?

– Med ein fleksibel jobb, og snøen som no er komen, kan eg det.

– Med din fot?

– Eg har fått laga ei spesialski hos ein lokal forhandlar. Eit røyr på fem centimeter i diameter under bindingen gjer susen. På brett funkar det med to røyr, seier han og viser slik kva livet har lært han. Det gjeld å finne løysingar, enten det ein periode er rullestol eller mentorhjelp som er svaret.

– Dei innovative og sprudlande har ofte utfordringar med økonomien – det kjedelege papirarbeidet. Slikt kan dei få hjelp til, seier han.

Etter nær eit tiår med mykje mismot og motgang, har framtidstrua på ny festa seg hjå Lars Haugerud. Han har fått ein ekstra sjanse i livet. Då kan ein også leve med at balansen ikkje er heilt optimal.

Artikkelen held fram under annonsen.

34 år, bur på Geilo med kona Marta og ei dotter på to. Prosjektleiar for eit gründer-prosjekt i regi av Hallingdal etablerersenter.

FEM KJAPPE

Sist lesNe bok?

- «When to Rob a Bank», av Steven D. Levitt og Stephen J. Dubner.

FAVORITTPROGRAM PÅ TV?

- I heimen går det mest i Masha og Mishka for tida.

Favorittmusikk?

- For augneblinken høyrer eg på Lente på Soundcloud. Det går mykje i electronica.

Favorittmat?

- Ein bra falafel.

Perle i hallingdal?

- Har mange gode minne frå Prestholt og Hallingskarvet, så eg seier det: foten av Skarvet.