Mayliss Sørbøen, Marius Helling, Iver Grue, Anne Lundsgaard Aas, Carina-Irèn Ivarsdatter Espegard, Thea Tveito Røe, Oline Øen, Marte Håkonsdatter Bergsgard, Eirik Trageton Braathen, Hassan Tadjek. Midten: Nikola Zukowska, Frida Gudbrandsgard Kollhus. Framme: Ingrid Skjelde Karlsen, Isak Emil Egeland Anthun, Andreas Kaslegard, Bjarte Laa, Petter Breiehagen-Hovland. Ikkje til stades: Siril Gudbrandsgard, Reidun-Marie Noss, Alan Stec, Eiril Lystad Linderud.
Mayliss Sørbøen, Marius Helling, Iver Grue, Anne Lundsgaard Aas, Carina-Irèn Ivarsdatter Espegard, Thea Tveito Røe, Oline Øen, Marte Håkonsdatter Bergsgard, Eirik Trageton Braathen, Hassan Tadjek. Midten: Nikola Zukowska, Frida Gudbrandsgard Kollhus. Framme: Ingrid Skjelde Karlsen, Isak Emil Egeland Anthun, Andreas Kaslegard, Bjarte Laa, Petter Breiehagen-Hovland. Ikkje til stades: Siril Gudbrandsgard, Reidun-Marie Noss, Alan Stec, Eiril Lystad Linderud.

Elva

Kapittel 11 skrive av 7.-trinn Nedre-Ål skule.

«Veit DU noko om kista med dei keltiske teikna?» Asle kjenner at han er forvirra. «Ja, eg gjer nok det. Den kista gøymer ein mørk hemmelegheit som eg kjenner godt til,» seier Svein. «Men kvar er eigentleg kista no?», spør Svein. Elsa og Asle ser på kvarandre. «Kanoen!», seier dei i kor. «Den må fortsatt ligge i kanoen, det var der me såg ho sist». Alle snur blikket mot kanoen som ligg oppe på stranda ved leirplassen. Svein går sakte ned og hentar ho, og sett seg ned ved leirbålet med kista mellom hendene. «Keltiske teikn lærte eg då eg var barn. Det var mor mi, altså bestemor til Nicolai som lærte meg det,» seier Svein trist. Det er heilt stille rundt leirbålet. Plutseleg tek Asle seg til lomma. Der ligg steinen med keltiske teikn som kom susande inn i leirbålet til han og Elsa. Asle fiskar opp steinen og gir den til Svein. Svein stryk fingrane over steinen. Samtidig held han eit godt tak i kista. «Dei keltiske teikna på denne steinen beskriv vegen til ein svært hemmeleg stad. Der ligg det ein nøkkel som det er mogleg å opne kista med». Dei blir einige om at Svein skal gå og hente nøkkelen aleine, sidan Asle er så skada. Svein har ganske vondt i brystet, men klarer å slepe seg til den hemmelege plassen og kjem attende med nøkkelen. I det Svein sett nøkkelen i nøkkelholet høyrer dei eit knekk. Den gamle nøkkelen brekk i to! Heldigvis klarte Svein å vri nøkkelen før den brakk, så kista opnar seg uansett. Elsa og Asle lener seg fram og kikkar forsiktig ned i kista. Den er tom! Elsa skal til å seie noko, men så skjer det noko underleg. Eit lite hemmeleg rom nedst i kista opnar seg. Der ligg det fleire avisartiklar, eit kart og eit familieportrett frå Svein var liten. «Dette kartet …» startar Svein. Han kremtar før han fortsett. «Dette kartet viser vegen til ein forferdeleg plass. Plassen har vore vår familiebase i mange generasjonar. Eg skal ta dykk med dit imens eg fortel resten av historia. Eg skal også fortelje dykk kva dei keltiske symbola på kista betyr». Nicolai har sovna. Dei bind han fast til eit tre før dei legg i veg. Dei lagar raskt ei båre slik at dei kan bere med seg Asle.

Svein begynner å fortelje: «Ser de her?», seier Svein og peikar på dei keltiske symbola på kista. «Keltiske symbol er blitt brukt til hemmeleg kommunikasjon i vår familie frå lang tid tilbake. Desse symbola er eit slags bilete av ein kniv,» seier Svein og peikar. Under står det «The crazy forrest killers» på keltisk. Gjennom mange generasjonar har familien til Nicolai og meg vore fæle mordarar. Då eg var liten vart eg oppdratt av mor mi, altså bestemora til Nicolai, som lærte meg at det var greitt å drepe andre. Eg skjønte likevel at dette var galt, og lova meg sjølv at dette ikkje skulle bli ført vidare til Nicolai. Då eg og Nicolai var på telttur for fem år sidan trudde eg fyrst at Nicolai hadde gått seg bort, men eg forstod etter kvart at det var mor mi som hadde kidnappa han for å føre familieforbanninga vidare. «Kva med alle avisartiklane?», spør Elsa. «Kvifor ligg dei her?» «Det er avisartiklar frå langt tilbake», seier Svein. «Kvar gong det har forsvunne eit menneske har det vore skrive om dette i avisa. Dei som har skrive artiklane har også forsvunne på mystisk vis». «Men har aldri «The crazy forrest killers» blitt tekne av politiet?», seier Asle med svak stemme. «Familien har vore mistenkte før», seier Svein. «Men politiet har aldri funne ut av det. Dei har aldri funne spor dei kan bruke som bevis. Den plassen me skal til no har politiet aldri funne. Det ligg ikkje inne på nokon GPS kart».

Artikkelen held fram under annonsen.

Plutseleg stansar Svein. «Me er framme», kviskrar han. Det er eit forferdeleg syn som møter dei. Det er tydeleg at dette er ein slags kyrkjegard for alle «The crazy forrest killers» har teke livet av. Det heng daude menneske i trea, og på bakken er det gravsteinar fulle av mose. Elsa og Asle kan ikkje tru sine eigne auge …