Ei tung bør, står sterkt

Eg har alltid meint at korset er eit tungt og vanskeleg symbol. Det er både eit torturinstrument og ein avrettingsmetode.

Skikken med å spikre folk opp på eit kors kom frå aust, og det seier seg sjølv at dette er ein uhyggeleg måte å døy på. Det må ta tid, skræmande lang tid, men kan hende var det nære slektningar eller gode samaritanar i nærleiken.

Eit krus med vatten, eit turt handkle eller noko anna måtte gjere godt medan døden gav seg god tid med arbeidet sitt. Når eg høyrer ordet korsfesting, sender eg ofte ein varm og venleg tanke til Konstantin den store.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han gjorde kristendomen til romersk statsreligion, og sette korsfesting på forbodslista. Konstantin var frå Nis i det noverande Serbia, og han engasjerte seg i sterkt i arbeidet med å skipe til kyrkjemøtet i Nicea.

Samstundes med at korset ikkje lenger skulle brukast til avliving, så dukka krusifikset opp som kristent symbol. Der står det støtt og godt, men møter aukande motstand.

Eg hadde ein gong ein kollega som alltid starta arbeidsdagen med å slå opp Aftenposten der han talde dødslysingane og så skreiv han opp to tal: Det første var talet på dei som brukte kors i lysinga, det andre var dei som ikkje gjorde det.

Dette var forsking på høgt nivå med internasjonalt preg, og kollegaen gjorde det same med avisa Dagens Nyheter i Stockholm. Entusiastisk kunne han slå fast at korset sto sterkare, mykje sterkare, i Noreg enn i Sverige

Vi sjekka ein av dei første kvardagane i januar i år, då var det 43 som «sovnet stille inn» eller «gikk fra oss». Døden verkar så vennleg og ufarleg i desse lysingane, og av dei 43 var det 29 som brukte kors. Dei andre hadde funne høvelege symbol som småfuglar og blomar.

Som liten gut, og det er lenge sidan, var eg misunneleg på dei som hadde ei due eller to på gravsteinen. Det er ein fugl eg ikkje lenger er så oppglødd for, men finst jo meir enn fuglar.

I ei svensk avis såg eg for nokre år sidan ein som nytta ein påhengsmotor som illustrasjon i dødslysinga, han ville vel gjerne opplyse om kva han hadde likt best her i livet.

Eit langt liv i denne merkelege avisbransjen har lært meg at nekrologar er viktig, men at orda frå Sparta er sanne: «De mortuis nil nisi bene». (Om dei døde skal ein berre tale godt.)

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det er godt at korsfestinga er borte.

Som liten gut, og det er lenge sidan, var eg misunneleg på dei som hadde ei due eller to på gravsteinen.