Anna Fehrm får full utteljing på fridagen.
Anna Fehrm får full utteljing på fridagen.

Denne fjelltoppen har noko for alle

Finst det ein topp på Hemsedalsfjellet som har noko for alle? Bli med til Slettind.

KULDA RIV i kinna. Det er femten kalde, men ikkje eit vindpust. Sola stig sakte opp over fjelltoppen framfor oss. Det glitrar i snøkrystallar.

– Nokon har alt vore her!

Artikkelen held fram under annonsen.

Anna Fehrm (34) ser opp mot fjellet. Eit tydeleg spor strekkjer seg frå parkeringa ved Eldrehaugen og rett opp mot toppen. Tre svingande spor har alt signert fjellsida. Førstesporet. Heldigvis er det plass til fleire.

SLETTIND. Tygg litt på namnet. Slett tind. Det kunne vel ikkje vore meir treffande. Kanskje er nettopp dét ein av grunnane til at toppen er så populær. Slettind har noko for alle. Det er ein perfekt topp for nybegynnarar. Ikkje for lang å nå, og med trygg nedkøyring. Turen opp tek halvannan time i roleg tempo. Dette er ein topptur bygdefolket tek etter jobb når det blir vår og sola står høgt. Slettind er og god å ha som ein «topp nummer to». Altså, for dei som har meir krut i beina etter den første toppturen.

Fjellet ligg lett tilgjengeleg på toppen av Hemsedalsfjellet, langs riksveg 52. Ruta går langs fylkesgrensa mellom Buskerud og Sogn og Fjordane.

Andresporet kan vere ein fordel i nysnøen.
Andresporet kan vere ein fordel i nysnøen.
Andresporet kan vere ein fordel i nysnøen.
Andresporet kan vere ein fordel i nysnøen.
Anna Fehrm nyt panoramautsikta frå toppen.
Anna Fehrm nyt panoramautsikta frå toppen.
Anna Fehrm og Linn Kristiansen vel toppturar framfor skibakken.
Anna Fehrm og Linn Kristiansen vel toppturar framfor skibakken.
Linn Kristiansen leikar seg i urørt puddersnø.
Linn Kristiansen leikar seg i urørt puddersnø.
Hjelm og skibriller er ein del av utrustinga på topptur. Anna Fehrm er klar for puddersnø.
Hjelm og skibriller er ein del av utrustinga på topptur. Anna Fehrm er klar for puddersnø.
Solide randoneeski gjer nedkøyringa til ein leik.
Solide randoneeski gjer nedkøyringa til ein leik.
Anna Fehrm og Linn Kristiansen på veg mot toppen.
Anna Fehrm og Linn Kristiansen på veg mot toppen.
Svenske Anna Fehrm jobbar på Skarsnuten Hotell og har budd i Hemsedal i 12 år. Ho nyttar naturen for å kople av.
Svenske Anna Fehrm jobbar på Skarsnuten Hotell og har budd i Hemsedal i 12 år. Ho nyttar naturen for å kople av.
Linn Kristiansen (t.v.) og Anna Fehrm legg høgdemetrane bak seg. Nedanfor slynger Rv. 52 seg mellom aust og vest.
Linn Kristiansen (t.v.) og Anna Fehrm legg høgdemetrane bak seg. Nedanfor slynger Rv. 52 seg mellom aust og vest.
Anna og Linn spenner støvlane og gjer seg klare for nedkøyring.
Anna og Linn spenner støvlane og gjer seg klare for nedkøyring.
Turen ned går altfor fort. Anna skulle gjerne teke turen om att med ein gong.
Turen ned går altfor fort. Anna skulle gjerne teke turen om att med ein gong.

{{imageLeft}}

SVENSKE ANNA FEHRM har vore her mange gonger. Ho går gjerne toppturar fleire gonger i veka.

– For meg er det mental avkopling å komme ut i naturen, fortel ho.

Til dagleg jobbar ho på Skarsnuten Hotell. Der er det fullt køyr heile skisesongen.

– Eg går ofte åleine, gjerne på kveldstid med hovudlykt. Toppturane gir meg påfyll og eigentid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Anna smiler, men denne dagen har ho selskap. Venninna Linn Kristiansen (38) jobbar som nattevakt på ein helseinstitusjon og har ofte fri på dagtid.

– På topptur kjem me oss bort frå trykket i alpinsenteret. Der er det ofte oppkøyrt og dårleg snø. Då er det greitt at me har så mange fine fjell å ta av, seier ho.

ME TRASKAR OPPOVER i eit bedageleg tempo. At nokon har vore her før oss er ikkje berre negativt.

– Me slepp heldigvis å brøyte eit nytt spor i den djupe snøen, gliser Linn.

Rundt oss ligg det kvite gullet og fristar. Draumevinteren har levert varene igjen. Heile vegen er snøen fjørlett og mjuk, og me anar at dette skal bli ei nedkøyring utanom det vanlege. Toppturar på ski kan ofte gje svært varierande forhold, men denne gongen er det puddersnø frå topp til botn. Store smil har allereie begynt å breie seg under polariserte glas. I det fjellsida vert slakare mot toppen fortel Anna at ho ofte stoppar her.

– Det er skikøyringa som er viktigast, meiner ho.

{{facts}}

MEN AKKURAT denne dagen unner me oss ein tur til topps. Ein frosen og standhaftig varde ønsker oss velkomen. Slettind må vere fjellet som gir mest utsikt for minst mogeleg slit. Me er omringa av kremtoppar så langt auget kan sjå. Mot nord tronar klassikaren Høgeloft, Hemsedals høgaste fjell. Det einaste som bryt med kjensla av vill natur er den svarte stripa nede i dalbotnen. Der trailerar susar målretta mellom aust og vest. Sjølv har me heilt andre mål. Anna og Linn riv av skifellane, festar hjelmen og spenner støvlane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viss me legg sporet heilt ut mot høgre får me køyre i urørt snø, seier Anna.

EI ENORM KJENSLE av lykke brer seg i kroppen. Puddersnøen virvlar rundt oss for kvar sving.

– Är det möjligt? Det här är ju «hoitbra»!

Anna er i lykkerus før det siste henget. Bak ho ligg djupe spor som lett forklarer det euforiske utbrotet.

{{imageLeft}}

– Eg trur ikkje eg har opplevd så gode snøforhold på ein topptur før, konstaterer Linn.

Me har verkeleg treft blink. Dagen etter er det meldt storm og stengde fjellovergangar, men det er berre ein fjern tanke når me set utfor igjen. Eit minutt seinare sklir me inn i sporet som me følgde oppover. Anna snur seg og ser opp på tre nye signaturar i fjellsida.

– Skal me ta ein tur til?

Artikkelen held fram under annonsen.

* Slettind er perfekt for den aller første toppturen. Det stig 500 meter og turen tek halvannan time i moderat tempo. Terrenget er passe bratt, mellom 20–25 grader, og der er det ingen spesiell skredfare. Men det finst nokon få hellingar der skred kan losne.

* Det er opparbeidt parkeringsplass rett ved fylkesgrensa ved Eldrevatn. Køyr Rv52 Hemsedalsfjellet for å komme dit.