annonse

Ålingsjente med klubbe

MED KLUBBE
MED KLUBBE: Eldbjørg Teigen Løwer (V), ordførar i Kongsberg.
HD201410141119879V1.jpg

Kongsberg rådhus: 19. november 1984.

I november dette året besøkte eg Eldbjørg Teigen Løwer i Kongsberg. Ålingsjenta (fødd 1943) med bakgrunn som keramikar, var då fersk ordførar i Sølvbyen og tok imot meg på det trivelege kontoret sitt.

«Eldbjørg utstyrte kontoret med småruta gardiner, bilete, keramikkarbeid frå eigen verkstad, veggteppe og blomster. Masse blomster. Beint ut triveleg har ho det, der ho tek ein pause frå Kongsberg sitt 300 millionar kroners budsjett og trakterer oss på te og rundstykke. Kjærkome etter ein hasardiøs tur ned Numedal på ishålka».

Eldbjørg Løwer var den gong ein av 12 Venstre-ordførarar i Norge. Ho var den einaste V-ordførar i ein by, dei andre regjerte i kommunar på Vestlandet og i Trøndelag. Ho var alt då organisatorisk nestleiar i Venstre. Me prata om mange ting, mellom anna det å vere kvinne i politikken.

«Mangel på sjølvtillit hjå kvinner er det største problemet. Me kvinner har vore for flinke til å seie at mennene er flinkare enn oss. Me kan då heller ikkje bevise noko anna dersom me ikkje prøver. Eg er ofte usikker på det eg gjer, men eg gjer det likevel, og veks på det etter kvart.» (Juleavisa 24. desember 1984)

At ho hadde sjølvtilliten i orden, viser den seinare karrieren hennar:

«Eldbjørg Løwer var arbeids- og administrasjonsminister 1997–1999 og forsvarsminister 1999–2000 i Kjell Magne Bondeviks første regjering, og dermed Norges første kvinnelege forsvarsminister. Ho er i dag leiar for Stortingets kontrollutval for dei hemmelege tenestene, EOS-utvalet». (Wikipedia)