Å la seg beda

I Leveld voks me opp med at me skulle la oss beda, kanskje i endå større grad enn andre stader i dalen. Ungar i dag veit nok knapt kva det vil seie å la seg beda.

Spør du ungar no om dei vil ha eit kakestykke, svarar dei blidt: Ja, takk! Det gjorde ikkje me som voks opp i 60-7O-åra. I alle fall ikkje i Leveld. «Å nei…», sa me når nokon baud på noko. Det fungerte jo det, for dei som baud nøda sjølvsagt, og gav oss kake eller anna snadder likevel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei visste at me gjerne ville ha, sjølv om me sa nei.

Ein episode frå barndommen har brent seg fast. Me var nokre jenter heime hjå ein som skulle lære oss å spele gitar. «Vil de ha is?», spurte han. Me svarte som me brukte, at «Å, nei, me får ikkje det…». Nei vel, sa mannen, og nokon is såg me ikkje snurten av.

Om me vart lange i maska? Sjølvsagt. Det me ikkje hadde tenkt på, var at mannen som baud på is var frå Geilo, og altså ikkje hadde denne «la seg beda-gjerda» i blodet.

Det var ein lærepenge, men samstundes er me framleis der at det er vanskeleg å ta imot noko. «Krangling» om kven som skal betale for ein kopp kaffi på kafeen driv me med framleis. Krangling med motsett forteikn, altså. Me vil alle betale, ikkje ta imot.

Mine eigne born har storøygd vore vitne til slike opptrinn, der me kastar 50- og 100-lappar fram og attende. Dei kan ikkje begripe at det skal vera så vanskeleg å seie takk, og ferdig med det.

Eg veit ikkje kvar skikken med å la seg beda stammar frå, men kan tenkje meg at det var eit motstykke til å framstå som grisk. Det vart sett på som høfleg, både å la seg beda og å nøda. Dei to skikkane heng saman. Utan nøding, hadde det ikkje fungert å la seg beda. Is-episoden er eit eksempel på det.

Folkeskikk og høflegheit endrar seg, i takt med samfunnet elles. Heldigvis. Kvifor skal me drive å seie «Det skulle no ikkje vore …» når me får noko – og kanskje til og med meiner – at det ikkje er det minste for mykje?

Kvifor ikkje berre ta imot og gje uttrykk for takksemd, spurte ei venninne då me prata om denne underlege skikken her om dagen. Ho har eit poeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er bra at generasjonane etter oss ikkje let seg beda heile tida. Det er enklare for alle viss folk seier ja eller nei, og dei meiner akkurat det. Me prøver å lære borna våre ærlegheit, og det er ingen grunn til at me ikkje skal vera ærlege også når det kjem til folkeskikk og høflegheit.

Mine eigne born har storøygd vore vitne til slike opptrinn, der me kastar 50- og 100-lappar fram og attende.