Jon Håvard Grøgard, med sonen Fredrik Skille Grøgard på armen, og Rune Bøygard og Ingeborg Høgset på garden nordre Bøygard i Votndalen, må framleis leve med litt uvisse for om det kan gå fleire jordras i bratta bak husa sine. Skredfaren er ikkje over, meiner geologen som NVE har engasjert, dersom det varme vêret held fram.

Varmt vêr kan gi fleire jordskred

Rask snøsmelting kan løyse ut skred fleire stader. Skredfaren er i liten grad kartlagt.

I tunet på nordre Bøygard lurar folk og naboar på om det kan kome fleire jordskred.

Geolog Kalle Kronholm i Skred AS kan ikkje garantere noko, men konstaterer at det ser ut til å vere den kraftige snøsmeltinga som er årsak til at det onsdag og natt til torsdag gjekk fleire jordskred i Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dersom vêret held fram som no, betyr det at det er fleire kommunar som bør vere obs, seier han.

– Ikkje same årsak som sist

Jordskredet mellom Sehlsgardane og Bøygard i Votndalen er i ei bratt solhelling på kring 30–35 grader.

Det gjekk fleire jordras her utover ettermiddagen og kvelden onsdag, samt natt til torsdag. Dei første meldingane gjekk i 14-tida onsdag etter at nokon høyrde ras oppe i lia. NVE, geolog og Ål kommune har hatt møte utover torsdagen.

Under Sehlsgardane har det gått fleire jordskred ned mot gardane nordre Bøygard og søre Bøygard i Votndalen, her fotografert frå Baklien.
Under Sehlsgardane har det gått fleire jordskred ned mot gardane nordre Bøygard og søre Bøygard i Votndalen, her fotografert frå Baklien.
Harald Sakshaug frå NVE konstateret at rasområdet er svært bratt.
Harald Sakshaug frå NVE konstateret at rasområdet er svært bratt.
- Siste det gjekk skred her var årssaka ein bekk som tok nytt leie, men no er det truleg snøsmeltinga åleine som er årsak, seier Kalle Kronholm, geolog i Skred AS, engasjert av NVE. Rune Bøygard (t.h)

Bebuarane på søre Bøygard i Votndalen (biletet) vart evakuert natt til torsdag, mens dei på garden bak (nordre Bøygard) fekk sove heim. Dei store vassmassane som kjem ut av stikkrennene vitnar om rask snøsmelting.

Rune Bøygard ser i kikkert opp på skredområdet bak garden nordre Bøygard i Votndalen der det gjekk fleire jordskred onsdag og natt til torsdag.
Rune Bøygard ser i kikkert opp på skredområdet bak garden nordre Bøygard i Votndalen der det gjekk fleire jordskred onsdag og natt til torsdag.

Tre hus vart evakuert. Sjølv om det gjekk fleire skred i bratta over garden nordre Bøygard fekk dei som bur der sove heime. Søvn vart det likevel lite av.

– Eg sov ikkje godt. Eg låg og lytta, seier Ingeborg Høgset. Ektemannen Rune Bøygard gjorde det same, men ingen av dei fekk med seg at det gjekk fleire skred, også i løpet av natta.

Nabo Jon Håvard Grøgard hadde venta at det var ein bekk som hadde funne nytt leie, men Kronholm avkreftar denne teorien. Det betyr at forklaringa mest truleg er at eit jordlag er metta av smeltevatn og at tyngda har løyst ut skred, truleg med eit telelag som «sklimatte».

Det gjekk eit skred på same stad nøyaktig på same dag for fem år sidan.

– Den gongen var det ein bekk som var tett av is og mykje vatn som fann nye vegar. Det var ikkje tilfellet no, seier geologen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Må vere obs fleire stader

Det er Harald Sakshaug frå Norges vassdrags- og energidirektoratet (NVE) som har leigd Skred AS inn som fagekspertise. Dei var begge torsdag på åstaden for å undersøkje nærare.

– Det har gått fleire småras. Det har nok sleppt under matjordlaget der morenane er sensitive for vatn, seier Saksehaug.

– Alle kommunar i Hallingdal bør nok vere obs. Skredfaren vil avhenge av kva for jordmassar det er snakk om.

– Er skredfaren kartlagt?

– Berre i enkelte kommunar. Alle kommunane er orientert om at dei bør vere obs, seier Kronholm.

Også i Liagardsvegen i Ål, ved garden Tormodsgard, gjekk det jordras onsdag ettermiddag. Gardstunet vart fylt av jord og sørpe, og eit bygg vart skadd i raset.

Det same skjedde i Rukkedalen onsdag. Der rasa det delvis over Rukkedalsvegen. Ingen personar eller dyr har blitt skadde i desse skreda.