På grunn av villreinen er det uvisst om Imingfjellvegen kan opnast til påske. Arkivbilete frå bommen ved Sønstevassdammen.
På grunn av villreinen er det uvisst om Imingfjellvegen kan opnast til påske. Arkivbilete frå bommen ved Sønstevassdammen.

Uvisst om Imingfjell opnar til påske

På grunn av villreinflokken som har trekt over Imingfjell er det uvisst om vegen blir opna til påske

Fylkesveg 124 over Imingfjell frå Uvdal til Tinn ligg attsnøga om vinteren, men brukar å bli brøytt opp til påske.

Villrein i området

I år er det usikkert om vegen kan brøytast opp til påske. Årsaka er ein stor villreinflokk frå Hardangervidda på bortimot 2.000 dyr som trekte over vegen til austsida av Imingfjellvegen for halvannan månad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dyra har ikkje reist tilbake og ser ut til å ha slått seg til ro på Lufsjåtangen og i området Imingfjell-Vegglifjell.

Bestemt måndag

Statens vegvesen opplyser i ei pressemelding at måndag 19. mars er siste frist for å avgjera om Fv124 over Imingfjell kan opnast til påske som planlagt.

Driftsentreprenøren NCC trenger minst to dagar på å brøyte den vel ni kilometer lange vegen frå sønstevassdammen i Uvdal til Tinn. Og då er onsdag 21. mars siste frist for brøytestart slik at vegen kan opnast fredag, to dagar før palmesundag.

Fv124 over Imingfjell brukar å vera oppbrøytt til påske. I år er det uvisst på grunn av villreinen som har trekt over på austsida av vegen.
Fv124 over Imingfjell brukar å vera oppbrøytt til påske. I år er det uvisst på grunn av villreinen som har trekt over på austsida av vegen.
For halvannan månad sidan trekte 2000 villrein over Imingfjellvegen. Derfor er det uvisst om vegen kan brøytast til påske.
For halvannan månad sidan trekte 2000 villrein over Imingfjellvegen. Derfor er det uvisst om vegen kan brøytast til påske.

– Statens vegvesen ventar på ei avklaring i samarbeid med Buskerud fylkeskommune, Telemark fylkeskommune og Statens naturoppsyn. Slik situasjonen er i dag, blir det tatt ei avgjerd om brøyting måndag, opplyser Statens vegvesen.