annonse

Turistbuss av vegen

Ambulanse
Ambulanse: Naudetatane rykte ut. (Foto: Arkiv)

Ein turistbuss køyrde av vegen mellom Geilo og Haugastøl onsdag ettermiddag.

Arne Ole Lindahl

Vestviken 110 og politiet melde om utforkøyringa ved 15-tida. Utforkøyringa skjedde på Rv7. 

Hovudredningssentralen i Sør-Norge opplyser til TV2 at det er 40-50 passasjerar i bussen. Samt at bussen skal ha køyrd av vegen i høg fart. 

Ifølgje nettstaden kunne hovudredningssentralen raskt konstaterer at det ikkje var tale om store skadar. 

Det har kome snø i området, og ifølgje Statens vegvesen er det vanskelege kjøreforhold.